Her i huset er vi begynt å bli småsjuke-kjempekjedleg før jul. Lille prinsessa la seg snufsete ikveld, og min kjære har ilt i hals og hovud. Kryssar fingrane for at det går fort over.
Imåra er det innkjøp av juletre som står for tur. Edelgran eller gran? Har ikkje bestemt meg. Sidan vi har det ganske høgt under taket håpar eg vi finn eit juletre som er både høgt og fint...og at eg har nok julepynt og lys til det... Har vertfall sjekka lysa, og dei virka :)
Nøtter er ein del av jula.
Her har eg fylt opp skåla eg fekk av Adale med forskjellige nøtter.
Apropos nøtter: gledar meg til julafta kl 11: tre nøtter til askepott :) Då er det jul!!
Her gjenstår som sagt innkjøp av juletre, men og å handle julemat og siste ryddinga før stor julepynting lille julafta. Siste julegåvene vart kjøpt idag. Bere avlevering igjen.
Og at julesnøen er komt set prikken over i en :o)
Trur nok det kjem eit eller to innlegg til frå meg før den store dagen, men bedre sei det ein gang for mykje enn for lite:
GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!!!!
1 kommentar:
hei -
innom for og ønske deg og dine en riktig god julefeiring...og masse god bedring!!!
GOD JUL
moaklem
Legg inn en kommentar