Dåpskjolen Elias Nathaniel brukte på søndag er oldefaren hans sin.
Min bestefar.
Den var sydd til han i 1921,
og er ein bomullskjole med blonder på kragen, armane, nederst på kjolen og på langs over kjolen.
Kjolen er nydeleg fin
og vi prøver ta vare på den so godt som vi kan.
Den er holdt fint ved like,
men blondene er skjøre etter alle desse år so eg er livredd for å øydelegge dei.
Min bestefar har bestemt kem som skal "eige" kjolen,
men den brukar bli lånt ut til dåpsbarn i familien.
Anine prinsessa mi brukte også denne då ho vart døpt.
Det er med silkeband i rosa, blå og vinrød farge til å sy under blondene som går vannrett på kjolen.
Her kjem eit bilderas av dåpskjolen.
Bilda vart litt mørke, og eg har ikkje fått redigert dei lysare,
men håpe du får eit innblikk i kor fin den er
♥
No er kjolen vaska og lagt fint tilbake i eska si.
Den skal brukast igjen om ikkje so lenge☺
Kjekt at slike gamle arveting blir tatt godt vare på og vedlikeholdt slik at min generasjon og generasjonar etter meg får gleden av dei.
♥
Vi har hatt besøk av foreldra til min kjære og søstra hans med barn sidan lørdag-kjempekoseleg♥
Imåra kjem ein kompis av han på besøk so her går det i rydding av hus☺
Gledar meg til å kunne vise litt interiør bilder etterkvart-må berre få tida til å ta dei først☺
Greys ikveld♥
Klem