Viser innlegg med etiketten ebay. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ebay. Vis alle innlegg

lørdag 30. oktober 2010

Skatoll før/etter

Dette skatollet fann eg på facebook si kjøpe selge gi bort gruppe her eg bur.
Var so heldig at det var under "gi bort" kategorien☺☺
Leeeeeeeeeeenge har det stått umalt, men for eit par veker sia fekk eg ånda over meg og tok fram malekost og kvitfarge☺
TTT her i huset


Og slik ser det ut no
Syns sjøl det vart kjempefint!!
Prinsessa har fått den som leksepult☺
Ho er hos pappaen no so ho har ikkje sett det ferdige resultatet☺



Stolen som står her er den eg kjøpte på bruktbutikken for nokre veker sidan.
Den skal vi male rosa og finne eit fint stoff å trekke om setet. 

Glassknottar frå Ebay.
Desse valgte prinsessa ut sjøl-akkurat som eg skulle gjordt det sjøl hehe☺


På skuffene har eg limt tapet frå Pip.
Denne tapeten er ein av dei eg fekk i posten frå Inreda-som eg skriv om i dette innlegget.
Vart det ikkje fint vel??☺
Eg er kjempefornøgd! 


Og eit glass fekk resten av tapeten rundt seg-matching er viktig ska vite☺


Her er lampa eg kjøpte på loppemarked for 20 kr forrige helg-passe heilt perfekt inn her!
Akkurat samme farge som tapeten☺
Ment to be
I ramma ser du skulebilde av skjønne prinsessa mi


 Til bursdagen fekk ho Top model bok (superpopulært blandt jenter på hennar alder! Julegåvetips?) og glansbilde bok-har lagt desse klar til ho kjem att til oss☺
Håper ho vil trivast i kroken sin


Eg lurer på å ha voksduk på skrivebordsplata, men kanskje det blir litt mykje med tapet og voksduk... 
Men tenker at det er praktisk mtp tegning, maling osv...
Ka du trur??


Må i samme slengen vise den supersøte GreenGate vekkerklokka ho fekk frå broren sin til bursdagen-sjølsagt innkjøpt av mammaen sjøl...☺
Den har søstra mi kjøpt hos Fru Dahl på Fauske og fått sendt ned hit. 


Frå og med idag har min lille familie 9 heile fridagar ilag♥
Min kjære har den 5 ferieveka neste veke. 
Vi tek prinsessa ut av skulen og tar turen til familie i Oslo-gleda oss masse til det☺
Slappe av, kose oss, vere ilag, shoppe, ete god mat, besøke venna....☺
Og med heim igjen blir eit Finn kjøp som mi snille svigerinne har henta til meg i Asker☺☺

Tusen takk for alle kommentarane til "hei" innlegget mitt-koselege dåke er♥

Har du helgeplanar?
Håpe uansett at du får ei superduper helg

Klem
PS: eg er glad det var eg som stod opp med Elias idag for i natt skal jo klokka skruast ein time tilbake....☺ Hihi....min kjære☺

tirsdag 5. oktober 2010

Bedekjede

Trine med bloggen Franske drømmer hadde eit blogginnlegg der ho viste fram det nye bedekjedet sitt.
Kvitt og fint
og
kjøpt på 
Ebay!

Eg satte meg ned og søkte etter stikkord som chain, praying chain, white chain osv (prøve det ein kjem på☺) og til slutt fann eg desse fine kvite bedekjeda eg og☺
Ikkje mange dagane etter fekk eg bedekjedet i posten!


Kjedet har eg lagt oppå to gamle biblar ilag med eit kors.



Look at me!
Eg ete graut for første gang i mitt liv☺
Er eg ikkje flink??


Elias er idag 5 mnd gammal
og igår fekk han graut for første gang.
Likte det gjorde han og☺
Var egentleg tenkt å vente, for han klare seg fint med morsmelk.
Men las ein forskningsartikkel som sa at jo lenger ein venta jo meir kresen kan ungen bli på mat, og sjangsen for allergi auka. 
So vi begynner i det små, og stressar ikkje med å komme opp i store porsjonar og mange måltid.

Minner om give awayen min,
du kan melde deg på her .

Ha ein fin haustdag du som er innom bloggen min

Klem