Viser innlegg med etiketten på veggen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten på veggen. Vis alle innlegg

mandag 23. september 2013

Stringhylle


Kjempefornøgd med Stringhylla mi☺
I♥nettbutikkar!
Kjøpte mi hos Room21.


søndag 3. mars 2013

Tapet i ramme


Ein tapetrest-fått frå ein butikk som vart lagt ned-er komt i ramme.
Mitt tips til deg er å spør i butikkar som selger tapet om dei har restar til overs, eller som er gått ut av sortement du kan få.
Mange bruksområder.

No: skisport på tv!
Heia Norge!

søndag 24. februar 2013

Pop Phone






Pop Phone
bestilt min hos
Line 
med bloggen


Reduserer stråling frå mobil med 99%!! 
Finnes i mange fine farga.

mandag 27. august 2012

Tavle/magnetmaling-it works ☺

Old news for dei som følger meg på Instagram-men her er also tavle/magnetveggen eg har mala.
Kjempekjekt med ein slik vegg til lappar og beskjedar, eller nokre fine ord til kvarandre☺
Var litt spent på om den virka, men jammen gjorde den det☺


Denne lille veggen er perfekt for slik maling-den var ganske "ubrukeleg" til andre ting.


Mine to søte små syns det var veldig kjekt med tavlemaling på veggen☺


Laaaat dag-heime med to forkjøla små og er litt småforkjøla eg også :(
Nattevakt i natt og neste-håpe dei går foooort!

Har ein følelse av haust ute idag....altfor tidleg syns eg, sjøl om hausten er ei fin tid. Føler meg ikkje ferdig med sommaren og varmen enno.
Ser fram til bryllupsreise til Kroatia om 3,5 veke♥

Klem

onsdag 1. august 2012

Svarte rammer på veggen

 Kan ikkje anna enn å elske all inspirasjonen ein får gjennom bloggverden!☺
Litt treig av meg er eg jo då, det skal seiast....☺
Men då eg såg ei på kjøpe-selge-gruppa her på facebook som solgte mange svarte rammer måtte eg berre kjøpe dei.
Og inspirert av mange bloggvenna har eg no laga meg min eigen veggdekorasjon☺
Tenk at det kan vere so enkelt!


Tomme rammer, i ulike størrelsar og tjukkelse-festa med hamptråd og hengt opp på veggen
-me like☺



10 daga igjen....
Idag har eg sortert bryllupstinga-det som skal til lokalet, det som skal til blomsterdekoratøren, det som skal vere på bilen og det som skal til frisøren. 

Kosar meg no med OL på tv☺

Klem

mandag 7. mai 2012

This I want

Dette "bokhuset" er jo berre SO kult!
Eg har allerede tankemessig plassert det☺☺


Må stikke-finale i ungkaren☺

Klem

fredag 27. april 2012

Knappe-knagg

MÅTTE berre kjøpe meg desse knappe-knaggane☺
Takk til Hødnebø Haugesund som sendte desse til meg!


Glede meg til å få dei på veggen☺
Håpe det blir ein ryddigare gang no-er jo ikkje plass til så mange jakker på desse som på ei knaggrekke med 6 knaggar....☺

Regnar her idag-det er vertfall ingen fare for at vi tørkar ut!☺
Arbeidshelg for meg, men liiiikar desse fridagane i veka so syns turnusarbeid er fint eg☺

God helg alle☺

onsdag 29. februar 2012

Strikketapet på veggen

Endeleg har vi fått tapetesert med strikketapeten eg vann hos Fargerike for nokre mnd sia. 
Uvant, men veldig fin!




Den passa jo veldig fint til gråfargen vi allerede hadde malt eine stoveveggen med i fjor-ment to be at eg skulle vinne tapeten hihi☺


Klarer ikkje å bestemme meg for om eg skal ha noko på veggen eller om eg berre ska la den vere slik.
Og eg trudde eg hadde bestemt meg for ka slags farge eg skulle male skjenken i, men no er eg neimmen ikkje sikker på det heller lenger!


 Stova var mykje lunare no.


Og den blir so koseleg på kvelden, med levande lys tent.


Tapet er ein ganske enkel og ikkje nødvendigvis so veldig dyr fornyelse av eit rom! 
Fristar til gjentakelse-spørs ka min kjære seier☺

No er det seinvakt på meg snart.
Imåra skal det visst komme vår-vær☺ Herleg med sol og litt varme, fuglane kvitrar allerede☺

Klem

mandag 13. februar 2012

Tannglass og washi tape

Stilen min har jo forandra seg ein del i det siste; frå romantisk og kvitt kvitt kvitt til kontrastar, grått, svart og kvitt, meir maskulint og industrielt.
Greengate likar eg fortsatt, men har bytta ut litt so no står ikkje denne hjarteranken lenger i ein GG kopp med blomster og fargar, men i eit tannglass(!) som eg har tatt grå washi tape rundt☺



Syns grønt er veldig fint mot svart, grått og kvitt☺
Dette er på hylla over søppelspannet.
Viss du vil sjå heiltheitsbilde finn du innlegget eit par innlegg lenger ned☺


DER vart eg skremt av min kjære som kasta snøball på vinduet nokre cm frå hovudet mitt-so no er det på tide å avslutte☺

Klem

tirsdag 7. februar 2012

Nib Utfordring: Vårlig vegg

 .....og helst på smartpanelvegg.
Vi har brukt ein del smartpanel i gangen og på soveromma.
Dessverre er lyset der dårleg så bildekvaliteten blir deretter...

Eg har kjøpt superfin papirtape på Kremmerhuset og laga ein blomst på veggen-er ikkje det vårlig vel?!☺
Å sitte ute på lyse fine møblar og kose seg med ein kopp te er også vår for meg☺
Og solbriller-oh yes☺




Hos Nib kan du sjå fleire fine bidrag til denne månadens utfordring☺

Klem

mandag 6. februar 2012

Print på veggen

For nokre veker sidan fann eg ein link i ein blogg-huske dessverre ikkje kva slags; skrik ut om du kjenner deg igjen☺, til ei side med print ein kunne skrive ut. 
Skreiv ut 3 stk, 2 av dei er komt i svarte rammer frå Rema1000. 


Har sett dei på bildelista over slagbenken i spisestua. 



Grått, svart og kvitt♥


Endeleg ferdig med nattevaktshelg!
Imåra har eg fri og tenkte eg skulle "style" litt og bli med i Nib si månedsutfordring☺
Planane er klare☺

Her snøa det i store mengder-eg ventar på våren☺

Klem

tirsdag 31. januar 2012

Hippopottamus☺

Enda eit husdyr har flytta inn til oss; og igjen er det av den ikkje-levande sorten☺
Kunne vel neppe hatt ein flodhest viss ikkje☺


Denne er kjøpt på Kremmerhuset
Digga den☺ Har tenkt å ha den på soverommet, men måtte teste den ut i stova..


...og her heng den fortsatt☺
Tøff?
Eller teit?


Her er TVsignala vekke for 3 veka på rad-akkurat no er det kun NRK kanalane vi har :(
Kraftig LEI!!
Er vel Tid for hjem no...kos dåke med det...og Frustrerte fruer... Jaja...TV er ikkje alt her i livet....☺ Får trøste meg med det☺

Klem

fredag 27. januar 2012

Kart på soverommet

Før jul var eg so heldig å vinne 2 gamle sjøkart. (hugsar ikkje i kva slags blogg eg vann dei.... :(...)
Det eine kartet har eg hengt opp over senga vår.
Det er eit kart over Lofoten-eg ønska meg eit kart frå Nord Norge sidan min kjære er derifrå, og flytta heile Norge på langs for min del...♥


Nytt sengetøy frå h&m-
black&white, stripes&dotts.


Helg♥
Ikveld er det kjærestekosekveld, imåra er det familiekosedag♥

Håpe DI helg vert fin☺

Klem
p.s..eg trur eg har bestemt meg for ka eg skal gjere med strikketapet og maling av skap☺ 
Tusen takk for innspel☺
No gleda eg meg berre til å få tapeten i hus!