Eg har endeleg turt å ta sjangsen på å forandre bloggutsjånaden til meir enn bere å skifte bakgrunn. Ved hjelp av denne oppskrifta
her har eg fått meg breiare blogg og fått laga store bilder. Superglad☺ Det litt kjipe er jo at når ein har brei blogg får ein ikkje brukt alle dei fine bakgrunnane ein kan laste ned gratis på nettet, men ein kan jo ikkje få i både pose og sekk☺
Sia forma mi ikkje er på topp er det ikkje blitt tatt nokre nye bilder siste dagane, viser derfor eit bilde frå lille verandaen i fjor sommar. No er det snø snø og atter snø som ligg der, og jammen snøa det ikkje enno meir idag! Er det muleg!! Kor mykje snø fins det egentleg????!!!!
Gledar meg til å styre på i hagen når våren og sommaren kjem, skal få det so koseleg atte☺ Mange deilege utestunder med veslebabyen
♥
Ellers går det S A K T E men sikkert framover med oppussing av 1 etasjen. Pappa og min kjære har malt trepanel veggane N E S T E N ferdig. Neste prosjekt er å male tregulvet på gjesterommet og lille gangen. Er veldig spent på akkurat det. Deretter må vi vente pittelitt på at min kjære bror skal ha tida til å hjelpe oss med panelplatene i gangen, yttergangen, på vaskerommet og på prinsessa sitt rom. Skal også rive ein vegg på badet, legge panelplater der, male tregulvet i gangen og legge varmekablar og fliser i yttergangen. Trappa skal tettast, malast, leggast teppe i og det skal skiftast rekkverk og nytt gelender oppe i stova rundt trappa. Og til slutt male tak, legge panelplater og skifte gulv på hobbyrommet/kontoret. .....Og helst skal alt dette vere ferdig til veslebabyen kjem....er eg litt småstressa??? Jepp!!!
Her er gangen og trappa som skal pussast opp. Det blir nok bra til slutt☺☺ Men TTT i denne familien, spesielt når eg ikkje kan gjere nåke sjøl!
Snøa det hos deg og?? Eg skjøna ikkje kor all denne snøen kjem frå, det må no vel ta slutt snart!!!
Håpe alle har og får ein fin dag☺ Fruene ikveld☺☺
Avslutta med eit vinterbilde tatt frå stova i desember. Er like mykje snø no, men idag glimta sola med sitt fråvær!