Lenge har eg beundra desse skapa rundt om hos andre bloggarar.
Og mange gangar har eg lagt eit slikt skap i handlevogna i diverse nettbutikkar.
Og mange gangar har eg ikkje sendt bestillinga for eg har syntest skapet har vore litt for dyrt og eg har tenkt at det ville ta for stor plass på mitt lille kjøkken. Ikkje at det må vere på kjøkkenet men det var der eg ville ha det....☺-Foreløbig vertfall, hihi☺
Men til slutt klarte eg ikkje la vere sende bestillinga og no står skapet på kjøkkenet mitt.
Og eg angra ikkje i heile tatt!!
Skapet er nydeleg♥
Bestilte også desse supersøte muffinsformene, blå, kvit og rosa-2 i kvar farge☺
GG koppane og jumbo koppane har fått plass i nederste hylla.
Må bere vise denne fine sukkerdispenseren som eg kjøpte på bruktbutikken til 10 kr♥
Den har fått plass oppå skapet ilag med te krukkene mine.
Eggekurven, eit eplekake oppskrifts skilt frå Kremmerhuset, GG serviettar og ein spagettimåler frå Hos oss 2 i Bodø står også oppå skåpet.
Fint, syns eg.☺
..bildet er tatt før eg hengte opp sjalet i vinduet-om du vil sjå det, klikk her
Skulle vist eit bilde frå utsikta ut vinduet mitt akkurat no; blå blå himmel so langt auget kan sjå☺
Meg og Elias held oss mest muleg inne, med verandadøra open, for vil ikkje ha han so mykje ute i denne varmen.
So brunfargen som eg helst skulle hatt litt av er fraværande☺,
men det er herleg å endeleg ha litt sommar♥
Vi får besøk i helga so skal få brukt dagen til å rydde og vaske litt☺
Håpe du har ein fin dag med blå himmel so langt auget ditt kan sjå☺
Klem
♥