Hadde egentleg bestemt meg for å ikkje ha teppe i trappa,
men då eg såg at den nymalte trappa vår fekk litt riper av trakking opp og ned fann eg ut at tepper it will be!!
Desse her bestilte eg for ei god stund sia frå Ellos.
Har laga eit innlegg om trappa før/etter maling, det kan du sjå her . Planen er å tette trappa igjen.
Plater er kjøpt, og på lørdag-trur eg☺-kjem min snille snekker bror og hjelper meg☺
Syns egentleg at slike tepper sjelden er fine,
men dette teppet her er eg veldig fornøgd med☺
Vi har hatt kjempekoseleg besøk av min kjære sin kompis med kjæreste i helga☺
Dei reiste idag tidleg, heim til Danmark.
Har kosa oss med god mat, MASSE snop☺, samtalar og seine kveldar med kortspel☺
Vi er godt igang med kvardagen etter ferien; min kjære har si 2 jobbveke og prinsessa trivst på skulen☺
Og hausten er komt; det regnar og er skikkeleg grått ute.
Innbyr til levande lys, pledd og ein kopp te om kvelden♥
Ynskje alle ein fin onsdag
♥
Klem
♥