Viser innlegg med etiketten soverom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten soverom. Vis alle innlegg

onsdag 7. mars 2012

Utfordring: sengeoppredning

Expojippi lurer på om vil vil vise fram korleis vi reier senga.
No må eg innrømme at den er ikkje alltid reid opp... :S
Men når eg gjer er det er det på den enkle måten☺
Slik som her:


Diggar sengetøyet frå h&m i svart/kvitt med striper og prikkar.
På veggen heng eit gammalt sjøkart som eg vann hos ein blogg før jul.

Tusen takk for fine kommentarar om stova, stolane, strikketapeten og bildet eg har med i NiB utfordringa☺
Det set eg pris på!
Føler meg ganske fornøgd med stova for tida☺

På tide å sette på litt klesvask!☺

Klem

fredag 27. januar 2012

Kart på soverommet

Før jul var eg so heldig å vinne 2 gamle sjøkart. (hugsar ikkje i kva slags blogg eg vann dei.... :(...)
Det eine kartet har eg hengt opp over senga vår.
Det er eit kart over Lofoten-eg ønska meg eit kart frå Nord Norge sidan min kjære er derifrå, og flytta heile Norge på langs for min del...♥


Nytt sengetøy frå h&m-
black&white, stripes&dotts.


Helg♥
Ikveld er det kjærestekosekveld, imåra er det familiekosedag♥

Håpe DI helg vert fin☺

Klem
p.s..eg trur eg har bestemt meg for ka eg skal gjere med strikketapet og maling av skap☺ 
Tusen takk for innspel☺
No gleda eg meg berre til å få tapeten i hus!

mandag 21. mars 2011

Soveroms inspirasjon


Eit nydeleg soveromsbilde som gir meg masse inspirasjon. 
Trur eg held på å konventere til den industrielle stilen.....☺
Grått, kvitt, sink, naturmateriell, kontrastar, røffe detaljar.

Lite å blogge om akkurat no.
Har ikkje fått tatt bilder til å lage innlegg.
Skulle vist det eg kjøpte meg i Bergen, og snart kan eg blogge litt frå gangen som-endeleg-er litt meir ferdig☺

Snart Ungkaren på FEM-jepp, eg likar den typen reality☺

Her regna det i strie strømmar-enkelte plassar flommer det over. Mykje snø som smeltar vekk-og det er eg glad for-håpe bere flommen ikkje øydelegg nåke. 

Vårjevndøgn-slik været er idag, slik vert vårværet...lovar ikkje godt for vestlandet sin del :S

Ha ein herleg kveld du kjære lesar☺

Klem

mandag 12. april 2010

Ny soveromslampe♥

Endeleg har eg fått opp nye lampa på soverommet!!!
Den har jammen lagt ei stund i eska før eg klarte dille meg til å få den på plass!!
Og eg angra på at eg ikkje hengte den opp før, for eg syns det vart kjempefiiiiint
Den gir eit kjempefint lys og nydeleg mønster på veggane.
Soverommet har vi ikkje gjordt anna med enn å legge nytt golv, men vi tenker at dette rommet blir babyen sitt etterkvart som den vert stor nok til å få eige rom so då vente vi med å pusse det opp til dess.

PANG!!!!
.....Lyden av at min kjære bror brukar spikarpistol på panelplatene i gangen-me like☺☺

søndag 7. februar 2010

Veggord

Veggord får Ebay er komt opp over senga. Fargen på skrifta er sølv.
Syns det vart koseleg, og ein smule romantisk
Har hengt dei litt høgt ser eg, men har ei hylle eg skal ha over senga til bokstava og bilde so trur det vil sjå bedre ut då.
Nyt søndagen alle sammen☺ Her er nydeleg vintervær med sol frå nesten blå himmel.