Viser innlegg med etiketten kontor/hobbyrom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kontor/hobbyrom. Vis alle innlegg

fredag 1. juli 2011

Kva skjuler seg i den store runde kvite eska??☺

Hyllene på kontoret.
Ferdigmalte plater og hylleknektar frå Coop Extra.
Knaggrekke frå Skeidar. 
Herleg med god plass til oppbevaring.


Her er eit hint om ka eg samle på i den store kvite runde eska☺


Imåra går turen til heimkommunen min.
Meg og prinsessa skal på Kvernsteinsrock
Ho gledar seg til HabaHaba☺
Og været er meldt bra-endeleg!!☺

Håpe helga vert fin for alle☺

Klem

mandag 18. april 2011

Ordning og reda-arkivskap

På kontoret/hobbyrommet skal det bli ordentleg praktisk!
-og fint og ryddig☺
Har leita etter eit arkivskap, fann eit på Ikea-men det var ikkje til salgs hos Ikea Åsane.
Gleden var derfor stor då eg fann eit på Finn.no-og til og med 5 minutt frå her eg bur☺
For nokre frå hundrelappar vart skapet mitt!
Og den perfekte fargen-matcha rommet perfekt!
4 store skuffer-goooood plass til alt vi måtte ha lyst å arkivere.


Nokre gamle mapper følgte også med.


To hyller og ei knaggrekke er komt opp på veggen,
kontoret begynner å ta form☺


Idag kom ei småforkjøla prinsesse heim til oss♥
Mens eg var på jobb tok ho å pynta stova til påske-so no er det påskegult her og der....☺☺
Ikkje akkurat som ho mor ville gjordt det, men prinsessa var veldig stolt og eg måtte skryte av ho☺ Kjekt at ho har pynte genet inne☺
Må også skryte av min kjære som vaska vindua i stove og kjøkken mens eg var på jobb☺

No er det Ungkaren på TV,
og solo i glaset-det er jo påske☺

Klem

torsdag 17. februar 2011

Gulvet på kontoret/hobbyrommet

Eg har fått nokre spørsmål om gulvet vi har lagt på kontoret/hobbyrommet. 
Vi kjøpte det på Coop Extra bygg.
Det er frå Pergo, orginal laminat. Grey oak 3 strip.
Vi er kjempefornøgde med det.
Det er ikkje kaldt å gå på.
Og avhengig av lyset kan det av og til sjå litt brunleg ut.
Kunne godt hatt dette gulvet i heile huset eg☺


Eg har 1,5 veke igjen av mamma permisjonen min :(
Når eg først eg begynt på jobb blir det nok greitt, men skulle gjerne vore heime med lille sjarmøren  min leeeeeeeeeeeenge til!
Pappaen gledar seg til å vere heime so det blir jo kjekt for både far og sønn☺
Skal ha ferie igjen når pappapermisjonen er over-godt å ha nåke å sjå fram til☺

Vi har hatt litt ustabilt nett for tida, men no er eg online og ska oppdattere meg i bloggverden mens eg et frukost☺

Snart helg folkens!☺

Klem

tirsdag 8. februar 2011

Kontor/hobbyrom!☺-min del☺

Her min del av kontoret/hobbyrommet.
Den er som sagt før ikkje ferdig, men mange har venta på bilder herifrå so dåke får ta til takke med ein uferdig plass☺

Eg har tegna inn planane eg har for min del.
Målet er å få den fin og praktisk.


Ganske herleg å få vindusplass☺☺
(oversjå rotet :S)


Trur det blir bra til slutt☺
Kom gjerne med tips til smarte oppbevaringsløysingar, både til papir og små hobby duppedittar☺

....slik såg denne delen av rommet ut når vi kjøpte leilegheita.



Tirsdag og ny sesong av Frustrerte Fruer jenter☺☺
Ha ein fin dag☺

Klem

fredag 4. februar 2011

Kontor/hobbyrom!☺

Min kjære har eit teppe under kontorpulten sin.
Han likar sebraer, og dette teppet ga eg han i adventsgåve i forfjor☺
...ikkje heilt min stil, men litt må jo til og med eg ofre☺☺
Men eg syns det tok seg kult ut her!☺


Her er min kjære sin del av kontoret.
(bokhyllene har vi lag, men vi har kvar vår kontorpult)
Det er ikkje ferdig; skal ha fleire bokhyller ved sida av-og kanskje oppå-den som er der, hyller på veggane og ein romdelar på veggen til venstre.
....manglar taklister og list til å dekke over panelskøyten....
Og eg har lyst på dører på bokhyllene, men min kjære er redd bøkene vert gøymt vekk då-og bøker skal IKKJE gøymast vekk hehe☺
Men vi får no sjå på det..... ;) ;) ;)


Slik såg denne delen av kontoret ut før....



Når eg får malt vinduskarmane skal dåke få sjå min del av kontoret også☺
Sannsynslegvis ikkje ferdig møblert men....

Endeleg helg♥
Vi får besøk av ein kompis av min kjære, 
dei skal spele fotball cup imåra.
Eg er småforkjøla og tar livet med ro☺

....viss dåke blar HEILT ned på sida mi-nest sist har eg lagt til ein ny gadget....

God helg♥

Klem

mandag 31. januar 2011

Ein liten sniktitt...

på kontoret/hobbyrommet.


Vi held på å innrede det, men manglar ein del møblar som gjer at det kan bli praktisk og ryddig.
Skal få vist meir etterkvart.
Vi er vertfall kjempefornøgde, blir so fint atte☺

Er fortsatt interesert i praktiske og fine oppbevaringsmåtar for papir som eg etterlyste i forrige innlegg....☺

Idag har prinsessa vore heime frå skulen med halsvondt, hovudverk og slappheit.
No er ho hos pappaen sin for resten av veka.
Ikkje kjekt med sjuke ungar :( 
...og ikkje so lett å ikkje ha dei hos seg når dei er sjuke heller...

Håpe alle har hatt ein fin start på veka☺

Klem

torsdag 20. januar 2011

Oppussing☺

Vi har besøk av min kjære sine foreldre frå nord,
og min kommande svigerfar er ein handyman som få☺
Kontoret/hobbyrommet er under hammaren,
og me like ALOT!!
...dette er also før bilder om du skulle lure☺



No er det legging av små barn,
og handballkamp på planen☺
HEIA NORGE

Klem