I går skreiv eg om at eg ville ha meg nye haustgardiner i år.
Meg og Elias tok turen på Kid, og gardinene eg såg på på mandag vart med heimatte☺
Det er no ta to betal for ein på gardiner og puter☺
Her er stova med dei nye gardinene
♥
Eg syns det vart kjempefint!
Lett og lyst men likevel litt meir haust.
I innlegget under kan du sjå stova med sommargardinene.
Ute er det sol og nydeleg vær som du kan sjå,
minner nesten litt meir om sommar enn haust...
Men temperaturen og fargane på blada viser at hausten er komt.
Mens eg var i gang tok eg ned dei rosa koppehandklea som har hengt på hylla til høgre.
Har også hatt nokre rosa små vasar med falske kvitveisar i vinduet som måtte vike plass for te- lysestakar frå Rosendal og to blanke vasar.
(kjøpte mange små vasar i blå, rosa og blank farge på eit ti kroners utsalg på ein blomsterbutikk for ei stund sidan.
Du kan sjå dei her:
Kvelden i går, med lys i vindua.
Koseleg hauststemning
♥
Meg og Elias tar nok turen ut og trillar litt i det fine været etterkvart
heng deg med
☺
Klem
♥