Når katten er vekke dansar musene på bordet....
og når mennene er vekke har damene juleverkstad☺
I går kveld var min kjære på fotballfest med laget sitt,
og eg og Elias besøkte ei venninne som også hadde mannen sin på fotballfest.
Vi overnatta der til idag.
Mennene kom heim i natt og fekk sove so lenge dei ville idag; er jo tross alt farsdag og dagen derpå☺
I går kveld kosa meg og Jenny oss med salat, godis, jenteprat, eit lite glas vin(mitt første sia eg vart gravid-frista til gjentakelse...☺) og juleverkstad☺
Dette kom inn i kategorien
"Marny og Jenny gjer ting dei ikkje kan",
men resultatet vart vi veldig fornøgde med begge to☺
Vi dekorerte toalettrullar-som vi faktisk har jobba ganske hardt for å få tak i☺-med blonder, tyll, vintagebilder, hampsnøre, sølvband, blondeband, knappar og diamantar.
Her har eg kopiert juleevangeliet på papir og limt på ein papirrull.
Vi dekorerte også fyrstikkesker med vintagebilder og diverse stæsj☺
Trur ikkje eg kunne kosa meg meir, tusen takk for ein kjempekoseleg kveld Jenny♥
Blir koseleg å pynte til jul med heimelaga pynt☺
Farsdagen har gått stille og roleg for seg, mest avslapping og sjølsagt fotballkamp på tv☺
Då har pappaen egentleg det som plommen i egget☺
Håpe alle har hatt ei fin helg og er klar til ei ny veke☺
Klem
♥