Viser innlegg med etiketten uteområdet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten uteområdet. Vis alle innlegg

torsdag 15. september 2011

Haust ved inngangspartiet

♥Velkommen hausten♥


Endeleg har eg fått tak i ein trommel også☺
Min snille bror har -igjen- hjelpt meg; denne stod på plassen der han jobba i desse dagar.
Eg har sett på den leeeenge, men ikkje turt å gå å spør om å få den...men å få bror min til å spør-det tørr eg hihi☺
Stolen var 30 års gåve frå pappa.



Velkommen skilt på døra og regnklær heng klare til regnfulle haustdagar.



 Te lys i barneglas med ståltråd til oppheng er klart til mørke haustkveldar.
Lyng frå Plantasjen.


Nydeleg farge på Hortensian no på hausten.


Fri idag (og☺),
fram med salmiakk, pensel og malingsspann☺

Ha ein fin haustdag der ute☺

....med dette innlegget deltar eg i Potrinas Potlerier utfordring: høst ved inngangspartiet. ☺

Klem
♥

onsdag 8. juni 2011

Blomster i krukker

Uteområdet framfor huset er eit lite problemområde-vanskeleg å pynte å gjere det koseleg.

Vi bur i ei rekke fire og det er ikkje nåke form skille mellom leilegheitene anna enn ein liten skillevegg ved inngangsdøra.

Her har eg gjordt eit forsøk på å pynte opp litt utanfor uteboda vår.
Hortensia og lavendel kjøpt på Plantasjen.


Eit gammalt melkespann med herleg duftande lavendel.


Posta frå min HTC

mandag 9. mai 2011

DIY-europallar

Sjå vekk ifrå ein veranda som treng vask og eit malingsstrøk 
og mangelen på blomster
og konsentrer deg om den nye benken min☺


Pallar er jo veldig in i interiørverden☺
For min del var ikkje det viktig, men dei er jo utruleg praktiske og blir veldig dekorative! 
Sist eg var heime hos foreldra mine fekk eg pressa to europallar inn i bilen-til min kjære sin store irritasjon hehe☺ Den tredje tok min snille bror med seg☺

Syns det vart veldig koseleg med denne benken på verandaen☺
Tre europallar, eit pledd og nokre puter var alt som skulle til
Heilt gratis!☺


Min snille pappa er satt i arbeid med å hjelpe meg med enno eit palleprosjekt....☺

Eg er begynt på 6 veker ferie idag♥
Ska vere heime og kose meg med Elias♥
Pappaen har sin første dag på jobb etter å ha vore heime med gullet sitt i 10 fine veker♥
Held oss dessverre inne i finværet pga forma mi, men kosar oss likevel☺

Håpe alle har det fint☺

Klem
♥

lørdag 25. september 2010

Utanfor inngangsdøra

Eit lite knippe bilder frå uteområdet ved inngangspartiet vårt.
Ein heilt enkel krans heng på døra, har ikkje fått dekorert den enno.


Kvit og lilla lyng pyntar opp.



 




Litt konglar er tatt med frå skogen.


 

Og nokre steinar er med på å gjere det koseleg ute.


Og sjå her!!
Lille Elias Nathaniel drikk NAN av flaske♥
Som sagt hylte han første dagen, mens andre dagen drakk han som om det var det einaste han hadde smakt i livet☺
Ei stolt og glad mamma
☺


Ikveld er det "Skal vi danse", min kjære sin pizza, snop og brus med min lille familie
♥
God lørdagskveld til alle
♥

Klem
♥

onsdag 30. juni 2010

Lille verandaen er blitt stæsja

Eit bittelite kjapt innlegg frå meg ikveld.
Forma er langt ifrå på topp so eg orkar ikkje skrive nåke langt innlegg.
Har fått influensa.
Frys, sveittar, verker i kroppen, hovudverk og svimmel.
Min kjære er også sjuk, men han er litt bedre enn meg og er superflink å ta seg av Elias♥
Og passe på at eg får i meg mat og drikke-nåke eg er veldig lite flink til når eg er sjuk...
Storesysta har reist på ein miniferie til besteforeldra.

Viser eit lite bilderas frå lille verandaen vår.
På jonsokafta tok eg å stæsja den litt.
Har endeleg blitt kvitt edderkoppane der ute med vidundermiddelet eg kjøpte so då er det mykje kjekkare å vere der.
Håpe finværet kjem snart-og at eg blir fort frisk-slik at vi får kose oss der ute og
...før alt stæsjet må ned att til høsten...


Håpe alle er friske der ute og at sola skin på dåke☺

søndag 20. juni 2010

sink og sink og rotting og rotting

Viser enda eit bilde av min ikkje altfor fine uteplass.
På dette bildet føler eg ting står litt hulter til bulter
og det ville eg gjere nåke med....


....derfor tok eg å flytta litt om på urnene mine.
Satte sink pottene ilag og rottingpottene ilag.
Dette gjorde eit mykje bedre og ryddigare uttrykk.
Kanskje eit tips å gi vidare☺

 

Og viss du no tenker
"å so heldig ho er som har slikt fint vær idag"
so kan eg fort avkrefte det med at desse bilda er tatt for ei stund sidan-og kanskje til og med vist i bloggen før☺
Det er sol idag og, men litt skyer og vind-so ikkje so varmt, syns eg vertfall(er ganske frostig av meg so frys ved det minste vindkast...☺)

søndag 6. juni 2010

Jordbær kassar

Coop har denne veka hatt tilbud på jordbær, 9.90 pr korg. Eg og prinsessa var på Coop og handla her om dagen og akkurat då holdt dei på å sette på plass eit stort lass med jordbær. Folk holdt på å gå amok og kjøpte korg på korg. Eg var mest interesert i kassane korgene stod i og samtalen med dama i butikken gjekk som følger:
Meg: "ka gjer dåke med kassane når dei er tomme?".
Dama i butikken: "vi hiv dei".
Meg: " kan eg få nokre??"
Dama i butikken: "ja berre ta"
Meg " å tusen takk! kan eg ta 2?"
...hadde egentleg lyst å ta mange fleir, men turde ikkje virke so grådig...
Dama i butikken: "ja ta so mange du vil!!"
Meg: " ja tar 3 eg då! Tusen takk!"

Såg sikkert ganske rart ut der eg gjekk med ei lita handlekorg, 3 tomme jordbærkassar og to korger jordbær☺

Ein av kassane har eg satt på bordet i paviljongen og sett blomster og ei lykt oppi.
Dei andre kassane er foreløbig ikkje i bruk.


Helga er på hell
og det har vore ei solfylt helg☺
Det gode er at det ser ut som været fortset☺

Ynskjer alle ei super veke
☺☺☺