Eg brukte ein kveld før helga på å kose meg med litt fyrstikkeske dekorering.
Det er jo so kjekt å sitte å pusle med og so enkelt som det er☺
Og so dekorativt som det blir☺
Denne gangen brukte eg vintagebilder, blonder og hyssing.
Dei dekorerte fyrstikkeskene bruke eg ha liggande tilgjengeleg der eg har lys-fort gjordt å tenne på eit lys og gjere det koseleg☺
....må jo sjølsagt vere obs viss ein har små barn i huset....
Andre dekorerte fyrstikkesker har eg i fine fat eller som her i ei osteklokke på kjøkkenet☺
Har og kosa meg med litt bilderedigering.
Brukar photoscape og prøver meg fram☺
På dei øverste bilda har eg brukt antikk funksjonen og på det nederste har eg brukt montasje funksjonen.
Bilda blir heilt anleis med ein gang, og det er eit veldig enkelt program å bruke☺
Kan jo og brukast viss ein vil gjere meir utav bilda ein vil henge på veggen eller bruke som takkekort/julekort eller kanskje som bordkort.
Mykje ein kan gjere sjøl uten å bruke pengar på det☺
Kjempekoseleg med alle lykkeønskingar og tankar/kommentarar i forbindelse med nært foreståande fødsel☺
Blir so glad av dåke alle sammen♥
Det gjekk bra hos jordmor i går, men blodtrykket var stige litt til so ska til ny kontroll imåra. Fredag er det planlagt time til overtidskontroll på fødeavdelinga med ultralyd og sjekk. Håpar jo at eg har fødd til dess, men er godt å vite at ein blir følgt opp.
Idag er det nydeleg sol her♥ Litt vind, men det stoppar meg ikkje i å ta turen ut☺
Håpe alle har det bra idag☺
