Viser innlegg med etiketten ommøblering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ommøblering. Vis alle innlegg

torsdag 1. september 2011

Stova i ny drakt☺

Her er stova vår etter at det vart malt ein kontrastvegg og midlertidig ommøblert☺
Eg digga den☺☺


Syns stova er blitt kjempetøff no!☺
Skulle gjerne hatt den slik, men to stolar blir litt lite sitteplass og vi savnar å slenge oss ned på sofaen innimellom☺
Har kanskje ikkje nevnt det; men eg solgte sofaen vår for nokre veker sidan og vi har ikkje komt oss til Ikea med stor bil enno for å kjøpe ny☺



Gi meg fortsatt di meining om male eller ikkje male det brune skapet☺
Eg syns som skrive i innlegget under at det gir litt kontrast til det grå og kvite.
Har fått mange gode svar allerede-tusen takk☺


Tar med to før-bilder av stova☺



No skal eg gjere meg klar til seinvakt☺
Ha ein fin kveld folkens☺

Klem
♥

lørdag 1. mai 2010

Nåke nytt....

......er det ikkje på babyfronten!!!
Men....
på torsdag hadde Møbelringen lagerutsalg og eg fekk med meg min kjære for å kike.
Folk hadde møtt opp i hopetall og det var kø før det opna.
Har aldri skjønt meg på folk (min kjære inkludert..☺) som syte og klage over folkemengda og å måtte stå i kø og bane seg vei for å komme fram på slike typar arrangement!!
Ka dei hadde trudd liksom??!!
Jaja, nok om det☺

Uansett..
Eg var ikkje på leit etter noko spesielt, men tenk om eg fann eit kupp!!??!!
Men ein ting kjøpte eg...
Som forandra dette bildet.....
....til dette
Eg kjøpte meg eit nytt teppe til å ha under spisebordet.

Har vore tenkt å kjøpe meg eit flossteppe her ei stund, men ikkje tatt meg råd til det.
Dette teppet syns eg ein smule for lite, men det duger☺
Syns vertfall det vart myyykje finare med lyst teppe-som om eg ikkje hadde trudd det på forhånd då☺
Ganske langhåra dette teppet..
kanskje ikkje det mest praktiske med små ungar..
men den tid den sorg☺
So no ser spisestue delen vår slik ut.
Det mørke teppet er vekke og eit nytt lyst er komt på plass-me like☺
....gjenstår bere å få malt dei brune rammene og bordet.
Skjenken klare eg ikkje bestemme meg for ka eg skal gjere. Den er so praktisk, med store rom på sida og 4 store skuffer i midten. Hadde den ikkje vore so dyr kunne eg mala den kvit, men likar ikkje male dyre møblar....men får vel heller ikkje solgt den til ein god pris sidan den var so dyr...so kanskje eg mala den kvit likevel....
Idag er det litt sol innimellom skyene-deileg☺
Vi ryddar inne, og litt ute...
Er det egentleg lov å styre so mykje ute 1 mai???

☺Håpe alle har ei kjempefin 1 mai helg☺

fredag 30. april 2010

Vogga er på plass♥

I går kveld tok min kjære vogga opp i stova, endeleg☺
Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg er dette ei vogge vi har lånt av eit vennepar, og som vi har vore so heldige å fått malt kvit☺
Og slik ser den den ut no♥
Her må jo bere veslebabyen trivst♥
Ein liten bamse ligg og ventar på at babyen skal komme ut so han slepp å ligge i vogga åleine..
Denne bamsen har babyen fått frå Mor og Far i Nord(foreldra til min kjære)☺ Kjøpt i USA☺
Slik ser det ut der vogga står no.
Viss nåken hugsar denne vinkelen frå før har det tidlegare stått nokre gamle koffertar der vogga står no.
Desse koffertane har eg flytta inntil eine sida på peismuren og fyllt den eine med pledd☺


I dag er termindatoen!! Skjer det nåke snart mon tro??
Eg er begynt å få meir tru på at min private termin stemmer, den er 4 mai. Den stemte sist eg var gravid, då fekk eg to veker før ultralyd termin, men dagen før min termin.
Alt gjekk bra hos jordmor i går. Bestilt time til overtids ultralyd-håpe eg slepp det! Blodtrykket var akkurat i grenseland-noko ho meinte betydde at fødselen var like rundt hjørnet... Hovudet var festa, heldigvis. Og magen har vokse masse siste to vekene, er komt godt over kurva :S So eg ser for meg ein ganske stoooor bebiss...
Jaja, ut skal den.uansett!!☺

Helg igjen☺
Deileg eller??☺
Vi skal slappe av og kose oss heime☺
Og eg håpar å få gjordt litt meir oppussing og rydding i gangen☺

Må få takke for alle dei kjempekoselege kommentarane eg får-det er so kjekt og eg blir so glad☺
Dåke er supre alle som ein
♥

God helg alle sammen☺
....Håpe det vert nokre dagar til mitt neste innlegg...
☺Hehe☺

onsdag 10. februar 2010

Stove før/etter ommøblering

Eg og prinsessa ommøblerte sofa delen av stova i går.
Her er bilder av stova tatt i fjor sommar, men bortsett frå at eg no har kvite trekk på sofaane, var møbleringa lik...inntil i går.

Og her er slik den ser ut no. (oversjå rotet under sofa bordet, slit litt med å lære min kjære at eg vil ikkje ha 100 aviser osv under der, men lykkast ikkje heilt... oversjå og alle dei grusomme ledninga under verandadøra-må få meg slik list å gøyme dei i)
Vitrineskapet er flytta frå kroken den stod på før og til ved sida av sofaen. TVn har fått plass der skapet stod.
Føler det manglar noko over to-setaren...eit bilde, ei hylle...hmm....
Klara ikkje heilt å bestemme meg for om eg er fornøgd... Kanskje fordi når eg ser på før bilda ser det so mykje ryddigare ut... Men vi har jo fått meir gulvplass no, noko som kan vere greitt når det snart vert to småtroll i huset☺
Og eg drømmer jo om ein lang fin kvit TV benk/skjenk, og då går ikkje denne møbleringa an.. Men no har eg plass til ein pall..☺ Mykje å tenke på☺
Ka syns du? Såg det betre ut når to setaren delte stova meir av og TVn stod på andre veggen?
Prinsessa er på karneval i barnehagen idag☺ Utkledd som Pippi Langstrømpe☺ Her spelar ho Wii iført Pippi kostymet sitt☺(Min kjære jobbar i samme barnehagen som prinsessa går i, og han er Emil i Lønneberget☺)
Snart helg igjen, tida går fort. Eg har 2 mnd igjen til pemisjonen min begynner☺ Men føler eg nesten har hatt permisjon sia september, då eg vart sjukmld då... Men gledar meg til å kunne sei at eg er i svangerskapspermisjon♥
Eg driv forresten å småsveittar over oppskrifta til Moseplassen om 3 kolonner i bloggen...vert liksom ikkje heilt slik eg vil. Og tørr ikkje prøve i denne bloggen, i tilfelle eg øydelegg den.. Prøvde å utvide denne bloggen istad, slik at eg med 2 kolonner får brukt meir av sidene, men då vart alt skeivt og gadgettane mine vart liggande underst..men klarte heldivis tilslutt å ordne det, men fekk ein smule panikk ja: o(