Bruktbutikken er heilt overvelda over at messing her "in" igjen
hihi
dei skulle berre visst
☺
Kjøpte desse messing lysestakane på lørdag
Spraya dei med hobbylakk frå Biltema.
Har fått sansen for mange lysestakar i ulik størrelse samla på ein plass.
Og her er kjem det største prosjektet eg kanskje har hatt hittil.....
To gamle stolar som skal malast og trekkast om-har aldri prøvd det før :S
Men ser for meg at eg skal klare det☺
Tenkte at ungane skulle få ein stol kvar på rommet sitt.
Anine sin skrivepult er under malekosten as we speak, men Elias har enno ikkje eige rom so stolen vert nok brukt litt andre plassar i mellomtida.
Anine hadde sett seg ut ein annan stol, på Ikea...lyserosa med sving...so eg måtte lokke litt for at ho skulle ville ha denne☺
Ho skal få male den sjøl....☺
I den fargen ho vil....den blir nok rosa den ja...☺
Type stoff på setet har eg enno ikkje funne ut av...
Og stolen Elias etterkvart skal ha blir nok malt kvit med eit stoff som eg likar, og so trekker eg den om igjen med eit meir guttete stoff når han skal overta den.
Glede meg til å ta fatt på desse...når forkjølelsen slepp taket, og eg blir ferdig med skrivepulten/skatollet til Anine.
Eg hadde ein koseleg kveld på Bohus igår-damenes aften☺
Fekk shoppa litt☺
Men Bohus her har nett bygd om, og eg syns faktisk dei har tapt seg. Er ikkje like mykje småvarer der lenger. Lyshus f.eks...ingen!
Kjedeleg!
Finn Schjøll laga blomsterdekorasjonar og prata om alt mellom himmel og jord-kjekk mann å høyre på...men savna kanskje eit foredrag om moter og trender innan interiør..
Finn Schjøll laga blomsterdekorasjonar og prata om alt mellom himmel og jord-kjekk mann å høyre på...men savna kanskje eit foredrag om moter og trender innan interiør..
Men det er jo ikkje Finn Schjøll sitt felt so var vel egentleg forberedt på det...
Goodiebag med Bonytt, saus(!), kjeks, sjokolade, serviettar og eit lys til alle☺
Fekk ikkje sett Greys igår-nåken som veit kortid det går i reprise????
Har forresten sett på direktesending frå Chile-endeleg kjem gruvearbeiderane opp!☺
Tenk det!
Litt av ein jobb!
Å tenk på arbeiderane og familien!
Klare ikkje forestille meg det!
So long amigos☺
Klem
♥