Dagen før vi reiste på ferie var eg ein liten tur innom Finn.
Og der såg eg at ei her eg bur skulle selge ei slik symaskin eg ha leita lenge etter☺
Eg sende ho ei melding med ein gang og reserverte maskina-typisk meg og alltid skal tenke litt på det☺
Men det tok ikkje mange dagane før eg sende melding tilbake og skreiv at eg ville kjøpe den☺
Egentleg visste eg vel det allerede samme kvelden som eg sendte den første meldinga, hihi☺
Dagen etter vi kom heim henta eg symaskina☺
Og mammaen til min kjære, som var på besøk her då pga dåpen til Elias, insisterte på at eg skulle få den i 30 års gåve☺☺
Tusen takk☺
Mange fine detaljar.
Under lokket på bilde til venstre ligg det nåler og tråd☺
Det står ikkje kor gammal symaskina er, det eg har funne vertfall, men i ei lita bok som følger med står det eit modell nr og då eg googla det står det at denne modellen er frå 1950 tallet.
Det vil vel sei at dette er av dei nyaste gamle singer maskinene.
Egentleg var tanken å ha den på hobbyrommet når det blir oppussa, men syns den tok seg fint ut her og.
Kanskje den blir litt gøymt vekk viss eg set den inn på eit rom der gjestar sjelden kjem til å oppholde seg.
Ei slik fin gammal symaskin er jo for fin til å ikkje vise fram.
Idag er det strålande sol ute!
Faktisk den finaste sommardagen i år-og eg har på meg bikini for første gang i år!
Har vore ute og mala på settekassa mi.
Prinsessa er reist ilag med ei venninne og familien på hytta deiras for å bade og grille.
No er det fotballkamp på tvn-Liverpool mot Arsenal.
Eg heiar på Liverpool og min kjære på Arsenal, hihi☺
Elias ligg og søv i vogga si i berre bleia☺
Tenk om det kunne vore starten på sommaren og ikkje slutten no....
Håpe alle har ein fin søndag.
Imåra er det skulestart for 1 klassingen min☺