Som so mange andre er eg ein småivrig besøkar av Finn(.no-for dei som ikkje tok den☺). Ofte er det masse eg har lyst på, men her eg bur er ikkje akkurat verdens navle for dei heilt store kuppa, buhuuu :(
Men enkelte ting er jo lett å sende i posten, som eit vaskebrett for eksempel☺
Har lenge leita etter eit slikt, men dei eg har funne har vorte litt dyre når ein skal legge til frakt i tilleg....
Derfor jubla eg inni meg (og litt utanpå og tru eg☺) då eg kom over dette til 100 kr☺
Syns det var so søtt med blondene på☺
Akkurat no står det i stova til pynt, men når vaskerommet vert pussa opp(ein gang i tida...!!!) skal eg ha det der.
Lurer på kor gammalt det er?? Kanskje eg skal sende ein mail til selgaren og spør, er jo litt artig vite litt forhistorie.
Det er helg igjen!! Er det ikkje deileg??!!!☺
Har du planar?
Eg skal henge opp vårgardiner i stova-skulle egentleg gjere det i går, men so klaffa det ikkje med andre planar i heimen. Og so er det vel å fortsette med rydding og vasking-går ikkje so fort som det gjorde for nokre mnd sidan nei....føler eg aldri blir ferdig!!
Om litt skal eg på jobben ein tur, der det skal vere ein liten avsluttning for 2 kjempegode kollegaer som har fått seg ny jobb. Kjem til å saaaaaavne dei på jobb, men heldigvis har eg litt kontakt med dei utanom jobben og so då er det ikkje fullt so gale☺
☺☺Håpe alle får ei kjempefin helg med sol og fuglesang☺☺