Vi har eit lite bad.
For å utnytte plassen er det då lurt å bruke veggen.
Har hengt opp ei hylle kjøpt på Bohus forrige veke.
Hengte den over stellebordet til Elias, som er Gulliver stellebord frå Ikea.
På hylla har eg plassert to korger frå Ikea.
I den eine er det bleiar og i den andre er det vaskeklutar og våtserviettar.
Boksar frå Tilda.
Den store er er Elias sin.
I den er det shampoo, badeolje og salver til såre rumper.
Prinsen og Prinsessa har også kvar sin lille boks.
Idag er fotball VM igang!
Min kjære har gleda seg stort.
Eg syns og det er spennande, men er vel ikkje like entusiastisk som kjæresten...☺
Hadde berre Norge vore med....
Men kjem nok til å sjå nokre kampar☺
Her regnar det, og skal visst gjere det i helga
Perfekt vær for ein Ikea tur☺
Ynskje alle ei fin helg
♥
...viss det er nåken som veit kor eg kan få tak i slike bokstavar som eg viser i forrige innlegg blir eg glad for det☺