Viser innlegg med etiketten hobbyprosjekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hobbyprosjekt. Vis alle innlegg

søndag 4. september 2011

DIY-telys dekorasjon

....eller ka eg no ska kalle det☺ 
Eg har lært meg å strikke!!
(dvs; lært meg å legge opp og felle av-tusen takk til video hos drops☺☺)
Tenk det-i ein alder av 30 år; det er aldri for seint☺

Har sett mange strikke slike til å ha rundt telys.
Eg har brukt middagsglass til å ha lyset i ☺


Koseleg hauststemning med levande lys og eit interiørblad på bordet☺
-kan det bli bedre?!
...og strikketøyet i vinduskarmen☺



No er det filmdate med min kjære♥

Klem

onsdag 9. februar 2011

Var egentleg tenkt å blogge om mitt beste bruktfunn idag-som Anette har utfordra oss til-men eg klarte ikkje å bestemme meg for ka som var det beste...får komme tilbake til det☺

Viser istaden nåke eg ikkje har prøvd meg på før, men som var veldig kjekt; 
å smelte serviett motiv inn i stearinlys.
Fekk det ikkje heilt 100% til, men øvelse gjer nok mester☺


Tusen takk for kommentara på hobbyrom/kontor!
Kjekt med tilbakemelding!☺
Skal vise meir etterkvart som ting kjem meir på plass.

Klokka er over 17-det er fortsatt ganske lyst ute, fuglane kvitra idag->det nærmar seg vår♥

Ha ein super kveld der ute i verden☺

Klem

torsdag 25. november 2010

Leik med ståltråd

Eg har fått såre fingertuppar 
fordi eg har kosa meg med å lage småtterier av ståltråd
Etterkvart tenker eg å pynte desse med julete band, og kanskje charms og perler☺


Ser dåke at det er ei stjerne inni hjerteranka?☺

 

Her er babymat glas som er vaska, sett ståltråd på til oppheng og brukt til te lysestake.


I vinduer ser dåke min kjære som steiker vaflar til oss♥


Prøvde meg på ei krone-det var ikkje lett..
men dette er mitt første forsøk
og øving gjer meister
Har hengt ein kors charms inni.
Har bestilt mange forskjellige charms på ebay som eg kan bruke til forskjellige ting☺



Her er det kaldt som berre det.
Igår var ovn mannen her og såg på pipa vår-
no skal vi kjøpe oss ovn og ha oppe i stove☺
Gleda oss til det; både til å få det varmare men og til kosen som er med å ha ovn☺
...enno ein ting vi må lære Elias å ikkje røre☺

Ein dag igjen av veka so er det helg og adventspyntinga kan sette inn for fullt☺
Har du planen klar?
Eg har ikkje.....men det vert nok bra likevel☺

Klem

tirsdag 4. mai 2010

Fyrstikkeske dekorering

Eg brukte ein kveld før helga på å kose meg med litt fyrstikkeske dekorering.
Det er jo so kjekt å sitte å pusle med og so enkelt som det er☺
Og so dekorativt som det blir☺
Denne gangen brukte eg vintagebilder, blonder og hyssing.
Dei dekorerte fyrstikkeskene bruke eg ha liggande tilgjengeleg der eg har lys-fort gjordt å tenne på eit lys og gjere det koseleg
....må jo sjølsagt vere obs viss ein har små barn i huset....
Andre dekorerte fyrstikkesker har eg i fine fat eller som her i ei osteklokke på kjøkkenet☺

Har og kosa meg med litt bilderedigering.
Brukar photoscape og prøver meg fram☺
På dei øverste bilda har eg brukt antikk funksjonen og på det nederste har eg brukt montasje funksjonen.
Bilda blir heilt anleis med ein gang, og det er eit veldig enkelt program å bruke☺
Kan jo og brukast viss ein vil  gjere meir utav bilda ein vil henge på veggen eller bruke som takkekort/julekort eller kanskje som bordkort.
Mykje ein kan gjere sjøl uten å bruke pengar på det☺

Kjempekoseleg med alle lykkeønskingar og tankar/kommentarar i forbindelse med nært foreståande fødsel
Blir so glad av dåke alle sammen♥
Det gjekk bra hos jordmor i går, men blodtrykket var stige litt til so ska til ny kontroll imåra. Fredag er det planlagt time til overtidskontroll på fødeavdelinga med ultralyd og sjekk. Håpar jo at eg har fødd til dess, men er godt å vite at ein blir følgt opp.

Idag er det nydeleg sol her♥ Litt vind, men det stoppar meg ikkje i å ta turen ut
Håpe alle har det bra idag☺

onsdag 17. mars 2010

Påskeegg

Kjøpte og heimelaga påskeegg er komt i hus☺ Maileg egga eg bestilte for litt sia kom i posten her om dagen-og dei er bere kjempesøte!! Har også laga nokre egg. I år har eg brukt silkepapir, blonde, lysnål, vintagebilder og kvite fjær. Syns dei vart fine. Har tenkt å lage nokre andre variantar etterkvart.

Her er mine heimelaga egg.

Er ikkje Maileg egg søta vel????? I am in løøøøøve
Syns dei pynta fint opp i vitrineskåpet mitt☺ Til påske vert dei nok flytta litt rundt, og nye kjem nok til, og sjølsagt kjem "gamle" egg fram☺


Ja, eg var på Ikea i går☺☺ Ikea er fantastisk!!! Var og innom Living, H&M og Farmors hus☺ Og shopping vart det☺☺ Speilreflekskamera mitt er lånt vekk, so har ikkje fått tatt bilder å blogge enno...men det kjem...
Kanskje nokre klara å tippe nåke av det eg har kjøpt på Ikea?? ☺☺ Hihi.....

tirsdag 9. februar 2010

Vintagebilder og prinsesserom

Har laga nokre vintage-tags. Limt vintagebilder på tags kjøpt på panduro. Enkelt og kan brukast til det meste, som gåvelappar, til pynt, som huskelappar osv. Eg har tenkt å bruke dei på glasskrukker eg har kjøpt på Ikea til pasta, mjøl, sukker osv.
...og magen veks! Men som dåke ser; støvesuge gjer eg fortsatt, hehe☺
Hylla på rommet til prinsessa er endeleg komt opp, og det vart mykje ryddigare med eingang! Superdeileg! Kunne tenkt meg bytt ut dei fargerike boksane med kvite korger, men prinsessa er glad i fargar so dei skal få vere☺ Og det er jo tross alt eit barnerom, skal vere litt farga der☺
Tirsdag-igjen-fruene på TV☺ Har ommøblert stova i kveld, bilder kjem etterkvart☺

mandag 8. februar 2010

Tilda arkblokk

Eit ark frå denne blokka....
....klipt i trekantar, etter mønster frå stoff&stil,.....
....vart til denne vimpelrekka.
Hengt i hylla på rommet til prinsessa
Min første vimpelrekke. So enkel at til og med eg får det til☺

mandag 1. februar 2010

Knotte maling

Knottane på kommoden til prinsessa har vore, og er fortsatt, eit lita nøtt. Eg har ikkje heilt bestemt meg for korleis dei skal sjå ut, om eg skal kjøpe nye eller ka. Uansett har eg mala dei tre knottane som var på kommoden frå før. Men ingen pensel brukt her nei! Som eg skreiv i innlegget under er det om natta eg er kreativ, og det var faktisk i natt eg kom på denne måten å få knottane malt på☻
Eit papp beger var alt som skulle til. Med skruen til knotten laga eg hol inni begeret, tredde skruen gjennom og skrudde knotten fast. Deretter duppa eg knotten ned i malingsspannet, mens eg holdt handa på skruen inni begeret. Obs at det kjem maling over alt på det du vil male. Lot so det meste av malinga renne av før eg satte begeret på gulvet, det som er "til overs" av maling vil då renne av. Eg lot det stå ekstra mange timar for å vere sikker på at det var tørt sia det blir eit litt tjukt lag med maling på knotten. Skrudde knotten av, drog skruen gjennom begeret og skrudde so knotten fast i kommoden. Enkelt og greitt

Har du eit forslag til korleis eg kan pynte knottane slik at ei lita prinsesse på 5 år som elskar rosa vert blid og glad? Eg har lurt på å kjøpe nye rosa knottar, male desse rosa, lime på noko rosa dekor eller ha eit søtt rosa stoff på dei.

No er det snart natt her i huset. Min kjære har tatt kveld, men eg sit nok våken nokre timar til...viss eg ikkje går lei, legg meg og ligg våken der nokre timar før eg sovnar sånn i 4 tida. Lure på ka slags kreative tanka som kjem til å spinne rundt i natt... ☻
God natt ♥

lørdag 30. januar 2010

Prosjekt og salg

Her er helgas maleprosjekt; eit nattbord kjøpt for 50 kr på bruktbutikken. Prinsessa skal ha dette på rommet sitt. Held på å male det kvitt (sjølsagt), men prinsessa er lei av alt det kvite so tenkte eg skulle dekorere topplata med noko jentete. Eg lurte på å serviett dekor limt på med decoupage. Tar imot forslag med stor takk ☻ Skal også ha andre knottar på, viss eg ikkje limer eit serviett motiv der og.... Viss eg ikkje kjøper dei søte rosa knottane eg nettopp fann på Ebay.... Dette kjøpte eg på opphøyrssalg idag (måtte bere innom ein tur til..). Knottane skal eg ha på eit skap eg malte i sommar, men som har stått uten knottar til no.
Ein fuglematar fekk og vere med i posen, sjøl om eg trur knapt eg har sett ein fugl her heile vinteren. Tanken som tel, eller? ☻

Dette var gårskveldens prosjekt, ei ny eske vart dekorert med vintagebilder. Vart litt anleis denne enn den forrige eg laga, og eg trur eg likte denne best ☻Denne supersøte engelen ba om å bli kjøpt av meg. Og eg klarte ikkje motstå! Syns den var so yndig der den sat og ba på sine knær
Har gått og sett på desse englevingene leeeeeeeenge. Og med siste dag av opphøyrssalget klarte eg ikkje gå ut uten å ha dei med meg. Englevingene er hengt over senga til prinsessa. Var tenkt kjøpe eit par til slik at bebissen i magen kunne ha ein over si seng, men dette var siste dei hadde. Typisk meg å ska vente bere litt til..og so er det utsolgt, men fekk no tak i eit par heldigvis. So med ein engel i stova og englevinger over prinsessa si seng må vi jo bere føle oss godt passa på her ☻
No skal de sleppe fleire opphøyrssalg innlegg frå meg☻, for denne gang vertfall, for idag var siste dag butikken hadde ope.
Skal hente min kjære på trenarkurs snart, so vert det spagetti og kjøttdeig-bestilt av prinsessa ☻ Etterpå vert det bere kos
Nyt kvelden kjære bloggvenna ☻

onsdag 27. januar 2010

Vintage boks

Denne kvite boksen, frå Panduro, har gjennomgått ei forvandling. Og dilla på vintage bilder som eg har måtte det bli ein vintage boks :)
På toppen limte eg eit stort vintage bilde oppå ei brei blonde og limte på nokre gjennomsiktige steinar.
Rundt kanten på lokket limte eg ei blonde.
Og rundt sjølve boksen har eg limt mange små vintagebilder.
Har brukt 7 forskjellige bilder som går igjen i eit mønster rundt heile boksen.




Eg vart veldig fornøgd med resultatet av min første vintage boks :)
Og so enkelt som da egentleg er :)
Har ikkje bestemt meg for kva boksen skal brukast til, men slike boksar kan jo brukast til det meste :) Og ting som ikkje har ein plass å høyre til er det alltids nok av!!
Her er det begynt å regne, so no forsvinn all den fine snøen som har lagt so fint sia midten av desember. Men stolar ikkje på været og regnar med det vert både snø og isholke og regn, alt i eitt framover!
Ein fin onsdag ynskjer eg alle :)

mandag 25. januar 2010

Dilla på vintage

Her er ser du det eg gjer på innimellom alt anna; skriv ut vintagebilder og limer på fyrstikkesker. Er jo so dekorativt, og ikkje minst superenkelt!!
Fyrstikk eskene mine er ikkje lenger gøymt vekk i ei skuffe på kjøkkenet, men ligg tilgjengeleg der dei trengst :) men obs om du har småbarn i hus....
Har også limt nokre bilder på hard papp og satt rundt omkring i huset. So viss du treng ein liten hobby som ikkje tar lang tid; dette er tingen for deg :)

No ska eg på opphørssalg på nesten den einaste interiør butikken som er her i byen :( snufs :( Kanskje drømmen min om å starte ein interiør butikk må settast ut i live snart....