Viser innlegg med etiketten maleprosjekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten maleprosjekt. Vis alle innlegg

fredag 25. januar 2013

Før/etter-skjenk

Omsider dilla meg til å male skjenken eg har hatt eit par år.
Vert veldig i stuss om farge, men endeleg klarte eg å bestemme meg☺
Og eg vart veldig fornøgd, skjenken passa mykje bedre inn no.
Koffor gjorde eg ikkje dette før??!!!?? ☺


Til høgre er bilde eg fekk av prinsessa til jul; ho har mala det sjølv☺☺


I just hate my floor!!!


Her er skjenken før


Fredag og helg, arbeidshelg for min del.
God helg alle!

mandag 27. august 2012

Tavle/magnetmaling-it works ☺

Old news for dei som følger meg på Instagram-men her er also tavle/magnetveggen eg har mala.
Kjempekjekt med ein slik vegg til lappar og beskjedar, eller nokre fine ord til kvarandre☺
Var litt spent på om den virka, men jammen gjorde den det☺


Denne lille veggen er perfekt for slik maling-den var ganske "ubrukeleg" til andre ting.


Mine to søte små syns det var veldig kjekt med tavlemaling på veggen☺


Laaaat dag-heime med to forkjøla små og er litt småforkjøla eg også :(
Nattevakt i natt og neste-håpe dei går foooort!

Har ein følelse av haust ute idag....altfor tidleg syns eg, sjøl om hausten er ei fin tid. Føler meg ikkje ferdig med sommaren og varmen enno.
Ser fram til bryllupsreise til Kroatia om 3,5 veke♥

Klem

onsdag 14. desember 2011

Stol før/etter

For leeeeenge sia kjøpte eg to slike stolar på bruktbutikken.
Dei har blitt ståande
og ståande
og ståande
-for ting tar ofte tid her i huset☺


Men no er den eine malt og puta er trekt om.
Til det brukte eg eit kjøkkenhandkle.
-elendig bildekvalitet, men får ikkje lasta ned bilderedigeringsprogram på nye pcn :(


Stolen står under trappa ilag med lykter, eit gammalt bord-male,ikkje male?, ei gammal symaskin og ein sypress i urne.
Døra her går inn i boda. 


Kanskje du ser nåke anna som er forandra her også??☺
-bortsett frå at vi fortsatt manglar taklister :(

No står husrydding på programmet-jippi.....☺

Ha ein fin dag☺
Her regnar og bles vi vekk....

Klem

fredag 4. mars 2011

Prosjekt frå bruktbutikken

To nye prosjekt vart med heim frå bruktbutikken i går☺

Har sett etter eit bord for å ha mellom Jennylund stolane i kosekroken, 
og dette må jo bere vere perfekt til det☺
SMSa min kjære mens eg var på brukten for å høyre om han også ville ha eit bord i kosekroken-første sms tilbake stod "ok", rett etterpå kom det ein sms til der det stod: "ikke visst det skal males 100 ganger". 
Neida min kjære, tenkte eg...bere 2-3 gangar og betalte dei 125 kr bordet kosta☺


Spurde min kjære i går kveld om han likte bordet: "ja, men liker ikke alt som ligger oppå det".
Han hadde trudd han skulle få ha bordet heilt for seg sjøl, og ville bruke det til å legge aviser på.
HAHA
seier eg då!
Aviser er jo kjempedekorativt!

Kjøpte også denne settekassen.
Tenkte Elias skulle få ha den på rommet sitt-når han ein gang får det☺
Litt usikker på korleis eg skal dekorere den.
Inni er det kork so tenkte eg skulle dekorere alle romma med ark med forskjellige mønster, men om eg skal male eller spraye den og ka slags farge veit eg ikkje.




Var det ikkje fantastisk spennande på herre stafetten idag??
Makan til herleg seier☺

Helg☺
Er det ikkje herleg?!!
Eg har arbeidshelg-men korthelg-so ikveld er det helg for meg☺
Og fredag er jo og den beste dagen☺

Har du helgeplanar?

Kos deg, min kjekke blogglesar☺

Klem

tirsdag 11. januar 2011

Dører-før/etter☺

I mange på før/etter bilde-som eg var sikker på at eg hadde på pcn ein plass-må eg vise dette gaaaaamle bildet her som eg har både klipt og redigert i Phothoscape...
Lære mens ein leve

Det er døra du skal sjå på her
Eg har-endeleg-sett i gang med å male dører-tar litt tid sia høgre handa mi ikkje heilt fungera lenger, og hovudet blir fort litt susat!!....
Men eg er begynt, og det er herleg
Dette er also døra inn til der som skal bli kontor/hobbyrom/bibliotek etterkvart.
Gammal og "brun"!


Men etter nokre strøk med maling ser den slik ut☺
Fortsatt like gammal, men langt frå brun☺
Me like!!
Passa bere so mykje bedre inn med resten!
Det er no eg irritera meg over å ikkje ha gjordt dette før....
(eh...ja...eg har ikkje tatt vekk julepynten enno-på torsdag 20 dag jul skal det skje☺)
(og ja, klokka heng høøøøgt oppe-men det var der det var ein ledig spikar då eg måtte fjerne den frå pipa då ovnen kom på plass og har ikkje funne den rette plassen til den enno...☺)


Og nye dørhandtak gjorde seg og!


Nesten ferdig med døra inn til prinsessa sitt rom, 
bere 5 stk dører igjen å male
Men det er fort gjordt når ein begynner

No skal eg sette igang å kutte grønsaker-prinsessa har bestilt grønsakssuppe idag☺

Ha ein fin dag!

Klem

lørdag 30. oktober 2010

Skatoll før/etter

Dette skatollet fann eg på facebook si kjøpe selge gi bort gruppe her eg bur.
Var so heldig at det var under "gi bort" kategorien☺☺
Leeeeeeeeeeenge har det stått umalt, men for eit par veker sia fekk eg ånda over meg og tok fram malekost og kvitfarge☺
TTT her i huset


Og slik ser det ut no
Syns sjøl det vart kjempefint!!
Prinsessa har fått den som leksepult☺
Ho er hos pappaen no so ho har ikkje sett det ferdige resultatet☺



Stolen som står her er den eg kjøpte på bruktbutikken for nokre veker sidan.
Den skal vi male rosa og finne eit fint stoff å trekke om setet. 

Glassknottar frå Ebay.
Desse valgte prinsessa ut sjøl-akkurat som eg skulle gjordt det sjøl hehe☺


På skuffene har eg limt tapet frå Pip.
Denne tapeten er ein av dei eg fekk i posten frå Inreda-som eg skriv om i dette innlegget.
Vart det ikkje fint vel??☺
Eg er kjempefornøgd! 


Og eit glass fekk resten av tapeten rundt seg-matching er viktig ska vite☺


Her er lampa eg kjøpte på loppemarked for 20 kr forrige helg-passe heilt perfekt inn her!
Akkurat samme farge som tapeten☺
Ment to be
I ramma ser du skulebilde av skjønne prinsessa mi


 Til bursdagen fekk ho Top model bok (superpopulært blandt jenter på hennar alder! Julegåvetips?) og glansbilde bok-har lagt desse klar til ho kjem att til oss☺
Håper ho vil trivast i kroken sin


Eg lurer på å ha voksduk på skrivebordsplata, men kanskje det blir litt mykje med tapet og voksduk... 
Men tenker at det er praktisk mtp tegning, maling osv...
Ka du trur??


Må i samme slengen vise den supersøte GreenGate vekkerklokka ho fekk frå broren sin til bursdagen-sjølsagt innkjøpt av mammaen sjøl...☺
Den har søstra mi kjøpt hos Fru Dahl på Fauske og fått sendt ned hit. 


Frå og med idag har min lille familie 9 heile fridagar ilag♥
Min kjære har den 5 ferieveka neste veke. 
Vi tek prinsessa ut av skulen og tar turen til familie i Oslo-gleda oss masse til det☺
Slappe av, kose oss, vere ilag, shoppe, ete god mat, besøke venna....☺
Og med heim igjen blir eit Finn kjøp som mi snille svigerinne har henta til meg i Asker☺☺

Tusen takk for alle kommentarane til "hei" innlegget mitt-koselege dåke er♥

Har du helgeplanar?
Håpe uansett at du får ei superduper helg

Klem
PS: eg er glad det var eg som stod opp med Elias idag for i natt skal jo klokka skruast ein time tilbake....☺ Hihi....min kjære☺

onsdag 13. oktober 2010

Mitt hittil kanskje største prosjekt...☺


Bruktbutikken er heilt overvelda over at messing her "in" igjen
hihi
dei skulle berre visst

Kjøpte desse messing lysestakane på lørdag



Spraya dei med hobbylakk frå Biltema.
Har fått sansen for mange lysestakar i ulik størrelse samla på ein plass.


Og her er kjem det største prosjektet eg kanskje har hatt hittil.....
To gamle stolar som skal malast og trekkast om-har aldri prøvd det før :S
Men ser for meg at eg skal klare det☺


Tenkte at ungane skulle få ein stol kvar på rommet sitt.
Anine sin skrivepult er under malekosten as we speak, men Elias har enno ikkje eige rom so stolen vert nok brukt litt andre plassar i mellomtida.
Anine hadde sett seg ut ein annan stol, på Ikea...lyserosa med sving...so eg måtte lokke litt for at ho skulle ville ha denne☺ 
Ho skal få male den sjøl....☺
I den fargen ho vil....den blir nok rosa den ja...☺
Type stoff på setet har eg enno ikkje funne ut av...
Og stolen Elias etterkvart skal ha blir nok malt kvit med eit stoff som eg likar, og so trekker eg den om igjen med eit meir guttete stoff når han skal overta den. 
Glede meg til å ta fatt på desse...når forkjølelsen slepp taket, og eg blir ferdig med skrivepulten/skatollet til Anine.

Eg hadde ein koseleg kveld på Bohus igår-damenes aften☺
Fekk shoppa litt☺
Men Bohus her har nett bygd om, og eg syns faktisk dei har tapt seg. Er ikkje like mykje småvarer der lenger. Lyshus f.eks...ingen! 
Kjedeleg!
Finn Schjøll laga blomsterdekorasjonar og prata om alt mellom himmel og jord-kjekk mann å høyre på...men savna kanskje eit foredrag om moter og trender innan interiør.. 
Men det er jo ikkje Finn Schjøll sitt felt so var vel egentleg forberedt på det...
Goodiebag med Bonytt, saus(!), kjeks, sjokolade, serviettar og eit lys til alle☺

Fekk ikkje sett Greys igår-nåken som veit kortid det går i reprise????

Har forresten sett på direktesending frå Chile-endeleg kjem gruvearbeiderane opp!☺
Tenk det!
Litt av ein jobb!
Å tenk på arbeiderane og familien!
Klare ikkje forestille meg det!

So long amigos☺

Klem


mandag 27. september 2010

Farge valg-dilemma!!

I påvente av at eg får malt mitt brune spisebord har eg lagt på ein stor kvit duk.
Veit ikkje heilt om eg likte det egentleg...
Linduken oppå kjøpte eg nett i H&M.
Blir ikkje heilt fortruleg med dette men.....


Eg er inne i ein tenke periode ang å male bordet...
At det skal malast veit eg, men er blitt usikker på fargen...
Har ein ide i hovudet, men veit ikkje heilt om det blir fint...
Skjenken må isåfall malast evt bytast ut
trur eg....☺
Har du malt ditt spisebord?
Ka farge?

Nydeleg haustdag idag og♥
Eg sprayar lysestakar☺

Klem

torsdag 16. september 2010

Hylle på veggen

.....eg forsøker å publisere dette innlegget igjen, ser ikkje ut som det kom på bloggrollen igår...

Denne blå hylla kjøpte eg faktisk for eit par år sia!
Men ting tar av og til veldig lang tid...☺
No er den malt kvit
...ikkje heilt ferdig, men eg vart so lei av alle krikar og krokar at eg berre måtte henge den opp...


Endeleg er den komt på veggen
Og stæsja med mykje forskjellig
...kanskje litt for mykje...


Den har fått plass på veggen over spisebordet.


Litt detaljar frå pynten i hylla. 
Ein duk frå besta mi, hjerte, sink lysestakar, skilt, Elias sin bokstav, nøkkelknippe, JDL og masse anna☺


Idag er det KALDT her, brrrrr!!
Kanskje på tide gjere alvor av å få vedovn oppe i stova.
Vi har nede i gangen, men har lyst å ha ovn i stova, er jo her vi er og det er jo veldig koseleg å sjå på flammane om kvelden☺ 
(og kanskje vi lettare hugse på å legge i før den sloknar og...☺)
Kanskje på tide å ta ned vinterkleda frå loftet og....
Håpe du er varm og god og har det bra

Klem

onsdag 15. september 2010

Hylle på veggen

Denne blå hylla kjøpte eg faktisk for eit par år sia!
Men ting tar av og til veldig lang tid...☺
No er den malt kvit
...ikkje heilt ferdig, men eg vart so lei av alle krikar og krokar at eg berre måtte henge den opp...



Endeleg er den komt på veggen
Og stæsja med mykje forskjellig
...kanskje litt for mykje...


Den har fått plass på veggen over spisebordet.


Litt detaljar frå pynten i hylla. 
Ein duk frå besta mi, hjerte, sink lysestakar, skilt, Elias sin bokstav, nøkkelknippe, JDL og masse anna☺


Idag er det KALDT her, brrrrr!!
Kanskje på tide gjere alvor av å få vedovn oppe i stova.
Vi har nede i gangen, men har lyst å ha ovn i stova, er jo her vi er og det er jo veldig koseleg å sjå på flammane om kvelden☺ 
(og kanskje vi lettare hugse på å legge i før den sloknar og...☺)

Kanskje på tide å ta ned vinterkleda frå loftet og....

Håpe du er varm og god og har det bra

Klem