Viser innlegg med etiketten vintagebilder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vintagebilder. Vis alle innlegg

fredag 13. mai 2011

Vintagebilder og hampsnøre

Vintagebilder og hampsnøre pyntar opp ein spraya messinglysestake frå bruktbutikken☺


Hjertet er kjøpt hos den fine butikken Zanz på Lillestrøm.
Her får dåke også eit glimt av eit nytt møbel som er komt i hus...☺


Blogger har vore nede i heile dag-nesten fått blogg abstinens hehe☺
Men no er det fixa og eg kan kose meg med mange blogginnlegg etter at småtten er lagt om litt☺

God helg alle sammen

Klem

tirsdag 4. mai 2010

Fyrstikkeske dekorering

Eg brukte ein kveld før helga på å kose meg med litt fyrstikkeske dekorering.
Det er jo so kjekt å sitte å pusle med og so enkelt som det er☺
Og so dekorativt som det blir☺
Denne gangen brukte eg vintagebilder, blonder og hyssing.
Dei dekorerte fyrstikkeskene bruke eg ha liggande tilgjengeleg der eg har lys-fort gjordt å tenne på eit lys og gjere det koseleg
....må jo sjølsagt vere obs viss ein har små barn i huset....
Andre dekorerte fyrstikkesker har eg i fine fat eller som her i ei osteklokke på kjøkkenet☺

Har og kosa meg med litt bilderedigering.
Brukar photoscape og prøver meg fram☺
På dei øverste bilda har eg brukt antikk funksjonen og på det nederste har eg brukt montasje funksjonen.
Bilda blir heilt anleis med ein gang, og det er eit veldig enkelt program å bruke☺
Kan jo og brukast viss ein vil  gjere meir utav bilda ein vil henge på veggen eller bruke som takkekort/julekort eller kanskje som bordkort.
Mykje ein kan gjere sjøl uten å bruke pengar på det☺

Kjempekoseleg med alle lykkeønskingar og tankar/kommentarar i forbindelse med nært foreståande fødsel
Blir so glad av dåke alle sammen♥
Det gjekk bra hos jordmor i går, men blodtrykket var stige litt til so ska til ny kontroll imåra. Fredag er det planlagt time til overtidskontroll på fødeavdelinga med ultralyd og sjekk. Håpar jo at eg har fødd til dess, men er godt å vite at ein blir følgt opp.

Idag er det nydeleg sol her♥ Litt vind, men det stoppar meg ikkje i å ta turen ut
Håpe alle har det bra idag☺

tirsdag 9. februar 2010

Vintagebilder og prinsesserom

Har laga nokre vintage-tags. Limt vintagebilder på tags kjøpt på panduro. Enkelt og kan brukast til det meste, som gåvelappar, til pynt, som huskelappar osv. Eg har tenkt å bruke dei på glasskrukker eg har kjøpt på Ikea til pasta, mjøl, sukker osv.
...og magen veks! Men som dåke ser; støvesuge gjer eg fortsatt, hehe☺
Hylla på rommet til prinsessa er endeleg komt opp, og det vart mykje ryddigare med eingang! Superdeileg! Kunne tenkt meg bytt ut dei fargerike boksane med kvite korger, men prinsessa er glad i fargar so dei skal få vere☺ Og det er jo tross alt eit barnerom, skal vere litt farga der☺
Tirsdag-igjen-fruene på TV☺ Har ommøblert stova i kveld, bilder kjem etterkvart☺

mandag 1. februar 2010

Nattleg kreativitet

Eg er aldri so kreativ tankemessig som når eg ligg våken om natta og ventar på Ole Lukkøye☻ I natt kom eg ganske langt med både kjøkkenet og trappa frå første til andre etasje. Tidlegare netter har eg planlagt blandt anna sengegavl, gardobeskåpet i yttergangen, vaskerom, bad og hobbyrom/kontor. Meeeeen...ingenting av dette er starta med endo. Vi må først ha oss ein aldri so liten samtale med Mr.bank, men regna med det skal gå i orden☻ I natt planla eg også å male eit bord som prinsessa har på rommet sitt, og eg kom opp med ein midlertidig løysing på knottane på nattbordet hennar-dette har eg fått gjordt noko med idag☻ Og sist, men ikkje minst, der eg låg og såg meg rundt i rommet fann eg ut at eg ville byte ut gardinene på soverommet vårt. Det er også gjordt, dei rosa gardinene er tatt ned og eg har hengt opp kvite gardiner (som egentleg høyrer til i stova, men der har eg lilla for augeblikket). So ekje so galt at det ikkje er godt for noko å ligge våken i timesvis nattestid☻.....bortsett frå at eg endar opp med å sove vekk halve dagen derpå :(

Kortid er du mest kreativ??☻

Her har eg ramma inn eit vintage bilde som prinsessa skal få på rommet sitt når den nye hylla hennar kjem opp.

onsdag 27. januar 2010

Vintage boks

Denne kvite boksen, frå Panduro, har gjennomgått ei forvandling. Og dilla på vintage bilder som eg har måtte det bli ein vintage boks :)
På toppen limte eg eit stort vintage bilde oppå ei brei blonde og limte på nokre gjennomsiktige steinar.
Rundt kanten på lokket limte eg ei blonde.
Og rundt sjølve boksen har eg limt mange små vintagebilder.
Har brukt 7 forskjellige bilder som går igjen i eit mønster rundt heile boksen.




Eg vart veldig fornøgd med resultatet av min første vintage boks :)
Og so enkelt som da egentleg er :)
Har ikkje bestemt meg for kva boksen skal brukast til, men slike boksar kan jo brukast til det meste :) Og ting som ikkje har ein plass å høyre til er det alltids nok av!!
Her er det begynt å regne, so no forsvinn all den fine snøen som har lagt so fint sia midten av desember. Men stolar ikkje på været og regnar med det vert både snø og isholke og regn, alt i eitt framover!
Ein fin onsdag ynskjer eg alle :)

mandag 25. januar 2010

Dilla på vintage

Her er ser du det eg gjer på innimellom alt anna; skriv ut vintagebilder og limer på fyrstikkesker. Er jo so dekorativt, og ikkje minst superenkelt!!
Fyrstikk eskene mine er ikkje lenger gøymt vekk i ei skuffe på kjøkkenet, men ligg tilgjengeleg der dei trengst :) men obs om du har småbarn i hus....
Har også limt nokre bilder på hard papp og satt rundt omkring i huset. So viss du treng ein liten hobby som ikkje tar lang tid; dette er tingen for deg :)

No ska eg på opphørssalg på nesten den einaste interiør butikken som er her i byen :( snufs :( Kanskje drømmen min om å starte ein interiør butikk må settast ut i live snart....

søndag 17. januar 2010

Vintagebilder og wallstickers

Min kjære innstallerte skrivaren i går, og eg satte igang med å skrive ut vintagebilder. Skreiv dei ut på vanleg papir og limte dei på ei plate av stiv papp (du veit slike som er inni f.eks sengesett når du kjøper det). Desse har eg satt rundt omkring til pynt. Etterkvart skal eg prøve ut andre typar papir og andre måtar å bruke slike skjønne bilder. Tips tas imot med takk! F.eks veit du ka slags papir eg treng for å overføre bildet til lys?
Syns vertfall dette søte bildet gjorde seg i vitrineskapet mitt :)På Ebay har eg kjøpt wall stickers til prinsessa sitt rom. Ho fekk seg (endeleg) gardrobeskap tidlegare i veka og i går kveld limte eg på wall stickerane. Vart veldig søtt!! Og ho likte det og so då eg mammaen fornøgd :)
Ebay har masse forskjellige slike so der skal eg nok bestille meir. Har forresten ein wall sticker som skal opp i stova og, har bere ikkje fått limt den opp enno... ...til høgre ser du nattbordet eg kjøpte på bruktbutikken, planen er å male det kvitt og kanskje dekorere topp plata med noko jentete :) Prinsessa seier ho er begynt å bli lei av alt det kvite og vil ha litt fargar...so då må eg bruke dei triksa som kan for å rettferdiggjere at eg vil ha det kvitt :)

Søndag. helgeslutt. Eg ha fri til onsdag, men er jo alltids kjekkast når alle ha fri ilag. Men vekene går fort, snart helg igjen :)

Nyt søndagen folkens!!!

onsdag 13. januar 2010

Vintagebilder

Eg fekk meg skrivar til jul og har tenkt å skrive ut vintagebilder. MEN: ka slags ark treng eg? Det fins vel eit hav av forskjellige ark til ulike formål. Har lyst å stryke på puter, dukar osv, bruke på stearinlys, til kort og andre ting. Eg ser at det er mange i blogglandia som er flink til dette. Håpar med dette innlegget å få litt tips om typar ark, ulike ting eg kan bruke bilda til og andre tips rundt dette.
Ventar i spenning.....