Viser innlegg med etiketten vaskerom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vaskerom. Vis alle innlegg

torsdag 14. april 2011

Vaskeromsinspirasjon søkes


Nye lykter frå Kremmerhuset.

Vi har hatt besøk av svigers frå Bodø,
og vaskerommet er nokre steg nærare å bli ferdig☺
3 av 4 veggar er ferdig plata-den 4 veggen er ein problem vegg der alle røra ligg so tar litt tid med skjering av platene osv så det tar min bror i påska.

No leitar eg etter praktiske vaskeromstips.
Tenker vi må ha ei benkeplate og hyller på veggen.
Og kanskje eit skap til å gøyme vekk litt forskjellig.
Men det eg syns er vanskeleg er praktiske stativ til å tørke klær på.
Har du gode forslag??
Rommet er lite...


Sku gjerne hatt ei vaskerom som dette☺
Dessverre er ikkje rommet stort nok...
Men høgskapet til strykebrett er jo ganske smart☺

Ikkje lett dette her.....☺
Hjelp meg gjerne!

Minsten lagt
min kjære på trening
=
avslapping på sofaen

Klem



fredag 16. april 2010

Takk til min gode venn Finn☺

Som so mange andre er eg ein småivrig besøkar av Finn(.no-for dei som ikkje tok den☺). Ofte er det masse eg har lyst på, men her eg bur er ikkje akkurat verdens navle for dei heilt store kuppa, buhuuu :(
Men enkelte ting er jo lett å sende i posten, som eit vaskebrett for eksempel☺
Har lenge leita etter eit slikt, men dei eg har funne har vorte litt dyre når ein skal legge til frakt i tilleg....
Derfor jubla eg inni meg (og litt utanpå og tru eg☺) då eg kom over dette til 100 kr☺
Syns det var so søtt med blondene på☺
Akkurat no står det i stova til pynt, men når vaskerommet vert pussa opp(ein gang i tida...!!!) skal eg ha det der.
Lurer på kor gammalt det er?? Kanskje eg skal sende ein mail til selgaren og spør, er jo litt artig vite litt forhistorie.

Det er helg igjen!! Er det ikkje deileg??!!!☺
Har du planar?
Eg skal henge opp vårgardiner i stova-skulle egentleg gjere det i går, men so klaffa det ikkje med andre planar i heimen. Og so er det vel å fortsette med rydding og vasking-går ikkje so fort som det gjorde for nokre mnd sidan nei....føler eg aldri blir ferdig!!
Om litt skal eg på jobben ein tur, der det skal vere ein liten avsluttning for 2 kjempegode kollegaer som har fått seg ny jobb. Kjem til å saaaaaavne dei på jobb, men heldigvis har eg litt kontakt med dei utanom jobben og so då er det ikkje fullt so gale☺

☺☺Håpe alle får ei kjempefin helg med sol og fuglesang☺☺

søndag 21. februar 2010

Eg viser min, tørr du vise din??? ☺

Skreiv på fredag at eg ville lage ei utfordring. Denne utfordringa er kanskje ikkje det ein aller helst vil vise fram, men hadde vore morsomt å sett ka som står på vaskerom/bad rundt om i blogglandia☺
Utfordringa er also: vis oss skittentøyskurven din.☺ Like mykje som å vise den fram kan det og vere til inspirasjon for andre, inkludert meg sjøl som ikkje er overbegeistra for min skittentøyskurv. Kanskje er det nettopp DIN kurv som kjem til å inspirere meg som er på leit etter den perfekte kurven for brukte klær, handklær osv☺
Blir glad om du tar utfordringa, og ekstra glad om du fortel meg at du har tatt den☺ Satsar på at det er mange sporty bloggara der ute☺☺

Vi er midt i søndagen, siste dagen i helga og veka. Koffor er ikkje helgane litt lenger???
Har vore ei fin helg, var i koseleg besøk i går kveld, ellers stille og roleg.
Skulle so gjerne gjordt masse i huset no når vi er komt litt igang med oppussing av gangen, men den bulande magen set liksom ein naturleg stoppar for det meste av maling, løfting og bering. Vil helst få ting gjordt fortast muleg☺ Men I`ll be back☺
Håpe alle har ein fin søndag☺

Husk utfordringa...eg tørr, tørr du??☺