Endeleg!!
At det tar tid å bu seg inn når ein flyttar stemmer!
Etter å ha budd her eitt år har vi endeleg fått oss ei hylle over sofaen!
No er ikkje lenger veggen heilt tom, puh!
☺
Men eit slit skulle det vere.
Gipsveggar er nåke ¤pip¤ har eg funne ut!
Gipspluggane eg kjøpte først vart for svake, og det vart superstygge hol i veggen :(
Holdt på å gi opp heile prosjektet!
Men min kjære snekkerbror visste råd og kom med nokre gipspluggar som egna seg myyykje bedre☺☺
Og med hjelp frå han kom hylla endeleg opp på veggen
☺
Kjøpte ei enkel hylle frå Ikea
og under limte eg veggord frå Hilde Heimdal(RokaDesign)
Litt forskjellig stæsj oppå hylla.
Ei lykt som har stått ute i sommar,
den er blitt litt rusten men det er jo berre fint
☺
St.paulia i små pokalurner frå MesterGrønn.
Hadde desse i Elias sin dåp☺
Ei ramme med netting og ei snor til å henge opp småtterier frå Skeidar.
Og favoritt te lysestakane mine.
Syns det er so skjønne med blonder og hjertet som heng der
♥
Det fine med hyller er at ein kan forandre på pynten når ein føler for det.
Syns det vart kjempekoseleg over sofaen no☺
No går turen ut i sola
♥
Klem
♥