lørdag 28. februar 2009

Blogg i natta

eg er på nattevakt. den første på mange månadar. kryssar fingrane for at det
går bra! det kjennest bra ut so langt vertfall.

har ikkje internet heime so får ikkje skrive blogg, lest andre bloggar eller lagt ut bilder for tida. pcn er på service, håpe den kjem fort att!

fekk pakken eg vant i wallas verden på torsdag. gjett om eg vart glad. mange fine ting som pyntar opp heime hos meg. bilder kjem når eg får igjen pcn min.

håpe alle får ei fin helg!! eg skal jobbe ei nattevakt til etter denne, so fri og kosedag med kjæresten på søndag :)

helgeklem til alle :o)

søndag 22. februar 2009

Fairytale og fastelavn

So glad at Alexander Rybakk vann MGP med denne fine sangen :o)

Fairytale



trur han kan gjere det bra i Moskva! Eller???


Ordet fastelavn stammer fra det tyske ordet Fasten-Abend, og betyr kvelden før fasten. Dette var opprinnelig en tre-dagers festperiode, som bestod av fastelavnssøndag, blåmandag og askeonsdag. I tillegg til disse, så kjenner vi også til uttrykket feit-tirsdag som en del av fastelavn.

Fastelavnssøndag: Denne dagen ble også kalt fleskesøndag, og var dagen for fråtsing. Her hører en at skikken var at en skulle spise 9 ganger i hvert hjørne av stua, for dette skulle gi mat hele resten av året. Flesk og feit suppe med melboller var måltidet.
Det at vi i dag spiser fastelavnsboller er rester av denne gamle skikken. Fastelavnsboller er ekstra gode boller som skal fylles med noe godt, som f.eks. syltetøy og/ eller mye krem, eller med mandelfyll. Å bake fastelavnsboller var først et velstandsfenomen i byene. På landsbygda i Norge hører vi først om dette i begynnelsen av dette århundre.


Hva riset har med fastelavn å gjøre er mer uklart, men det kan ha bakgrunn i at langfasten var innstiftet i forbindelse med Jesu vandring i ørkenen, og at man brukte riset som et synlig uttrykk for at folk tok fastebudskapet alvorlig, og at de gikk inn i en periode med smerte og fornektelse av kjødelige behov. I Norge har vi også en sterk langfredagstradisjon med å bruke riset for å ta del i Jesu lidelser da han hang på korset.




God fastelaven alle sammen :o)

lørdag 21. februar 2009

Å so glad!!

eg er so glad!!! eg vann konkurransen i wallas verden, brukt på ny :o) gjett om eg vart overraska!! første konkurransen eg vinn!! gleda meg til premien :o)


no skal vi kose oss med pizza, laga av min kjære! mens eg og prinsessa har vore i besøk har han styrt på på kjøkkenet. og so skal vi sjå mpg. heiar egentleg ikkje på nokon. syns ikkje mpg er som det var før, var meir sjarmerande då alle sang på sitt språk. og alle desse småfinalane før den store norske finalen før dei går vidare til sjølve mgp??? kva er det for noko?? nei det var betre før! nok mgp frustrasjon no :o) sjå det må vi vertfall :o)
før idag, mens eg var på jobb laga elsklingen min og prinsessa bollar. ser ut som dei har kosa seg. resultatet vart litt svidd, men ellers bra :o)



ynskjer alle ein super lørdag!!

lørdags-klem :o)

fredag 20. februar 2009

Helg!!!

endeleg helg igjen!!! skal jobbe ekstra imåra, men fri søndag. gleda meg til ein heil dag fri med mine to kjære!

fyr i ovnen, tenn lys og ha det fint!!! husk fastelaven på søndag. bollar, krem og syltetøy er kjøpt inn. og prinsessa har laga fastelavenssris i barnehagen :)

håpe alle får ei koseleg helg!! nyt den!!


Klem :o)

mandag 16. februar 2009

Love is in the air..


valentinesday er over. meg og kjæresten min kosa oss med biff middag, levande lys og ei flaske rødvin.

gåver hadde vi og kjøpt til kvarandre. veldig overaskande for min del faktisk, hadde ikkje tenkt at han kom til å gjere det :) vart kjempeglad!! eit nydeleg hjertesmykke med diamantar på.

.....eit dårleg bilde, men sånn ser det vertfall ut :) og eg vart utruleg glad, snille kjæresten min <3


han fekk ein praktisk og ein søt liten pakke av meg :) vi har i lang tid gått å snakka om at det er så varmt å ha pcn på fanget og at det er farleg mtp stråling..men ikkje gjordt noko med det. men her ein dag eg var på ting fann eg dette laptop underlaget og kjøpte det til han, på kid fann eg denne søta lille puta, bere måtte gi han den :) og eit kort selfølgeleg :) eg er fan av kort! fekk ikkje laga eit sjølv i år so vart eit kjøpt valentineskort, men det gjorde susen det og :)



og det kan brukast til so mangt, til å ha pcn på eller rett og slett som bord på fanget, med eit blad og te koppen eller frukosten :) godt var det vertfall å ha! kanskje eg lyt ha meg eit eg og :)

idag kom endeleg min lille prinsesse att til meg etter ei veke hos pappaen. alltid like godt sjå ho igjen og gi ho ein klem! no har ho lagt seg. imåra skal ho til tannlegen og bore eit hol :S kvir meg litt, men det går nok bra. blir godt med ein fridag imåra, har ikkje hatt det på ei stund. skal bere kose meg ilag med prinsessa!

vert enno ei tv laus veke på oss...grrr!! strømkabelen som han i canal digital meinte var øydelagt var ikkje øydelagt likevel. so å vente på den ei veke var forgjeves. no skal dei sende ny tuner, so må vente over ei veke til. håpe det vert ordna denne gangen!

ynskje alle ei god veke!!

Klem :o)

fredag 13. februar 2009

Alle hjerters dag.... <3

det er fredag og helg, arbeidshelg igjen for min del, men likevel helg! fredag er nesten den beste dagen i helga. vi har kosa oss med deileg fiskemiddag.

no sit eg under det mjuke varme nykjøpte fleeceteppet mitt og bloggar, min kjære notera og notera-laget han skal spele treningskamp imåra so han er flink å forberedar seg. vi har fortsatt ikkje tv so heile denne veka har vi fått prøvd ut korleis det var før tvn kom til verda. og det har gått bra. meeeen...det skal bli godt og få den att...korti no det skjer :o/


teppet var eit godt kjøp på kid, tilbud var det og :)




kjøpte meg siste utgåva av vakre hjem og interiør idag. litt treig, men betre seint enn aldri. masse fint å sjå. har begynt å abbonere på det so det vert kjekt når det dukkar opp i postkassa :)







dette har eg soooo lyst på!!!!





eg har forelska meg heilt i desse bokstavane! ekje dei flotte???


imåra er det valentines day, eller alle hjerters dag. vi har ikkje store plana, men små plana. og dei er koselege dei og :)


idag fekk eg endeleg kjøpt meg ein hortensia. er glad eg venta for på ica var den halve prisen av plantasjen.



den pynta so opp at det kan hende eg kjøper meg ein til :o)

håper alle får ei koseleg helg!! og ikkje minst romantisk. valentines dag er jo ein populær dag og fri på, kanskje det vert mange lykkelege blogg innslag over helga ;o)

Hjerteklem til alle :o)

tirsdag 10. februar 2009

Stemmelaus og tv laus

eg har nesten ikkje stemme, den forsvann igår. so idag har eg gått rundt på jobb og gjentatt med sjølv for gamle tunghøyrde damer og menn :o) ikkje lett for dei med normal hørsel å forstå meg heller so kan vel ikkje klandre dei gamle :) hadde kansje hjelpt om eg klara la vere tyte so mykje slik at stemma snart kom att, men det er neimen ikkje lett :)


på søndag slutta plutseleg parabolen å virke. og ikkje får vi den til å virke igjen heller. gjekk glipp av finalen i ungkarskvinnen i går..buhuu :( og går glipp av frustrerte fruer ikveld..dobbel buhuu :( :( canal digital skal sende meg ny strømkabel for dei meinte det va den som var øydelagt, og det skulle ta ei veke!! åumaigad tenkte eg då!! spørs om eg ikkje kjem til å kjøpe meg ein før den rekk å komme dalande ned i posten.

får nytte den tv lause tida til konstruktive ting :)



favorittblomsten min blandt avskårne blomster. Kala, eller Calla som den eigentleg heiter. syns den er så lekker og elegant. derav blognavnet mitt og :o) bilde til høgre er eit bilde eg kjøpte på ferie i sverige i fjor sommar, av ein kala. måtte bere ha det med heimatte :) bilde som heng på veggen nederst har eg bytt ut med ei stort brundt speil, forandring fryder :) dette bilde heng over senga no.

håpe alle har ein fin tirsdag!! og kos dåke med frusterte fruer, dåke som får sjå det :o( nesten so eg blir ei frustrert frue sjøl!

søndag 8. februar 2009

Gratulere....


med dagen alle mammaer der ute! nyt dagen...

og ikkje la mannen i huset gløyme at idag er det bere DIN dag :o)


er heime frå jobb idag og. betre, men vil ikkje skunde meg for raskt tilbake på jobb.

om nokre timar kjem prinsessa mi heim frå besteforeldra :) gleeeeeda meg :) då skal vi kose oss og ete kake som min kjære har kjøpt til meg.

no skal eg fyre i ovnen og lage meg ein kopp te.

nyt dagen alle gode snille mammaer :)

Klem :o)

lørdag 7. februar 2009

krukker, duk og appelsiner


kjøpte meg nye krukker til å ha på kjøkkenet igår. har leita ei stund etter det uten å finne nåken som eg verkeleg lika. so når eg såg desse bere måtte eg ha dei!! ganske fornøgd!!! :o)
det eg falt mest for var orda som står inni høna, fine ord.



har og kjøpt meg ein ny duk på Tingeling, den interiørbutikken som har opphøyrssalg. dukar er ein ting eg vert fort lei av, so der er det alltid kjekt med nye. grønt er ein vårfarge so fann ut det var på tide ta den fram no :)



har funne fram ei grøn potte til sant pauliaen eg kjøpte forrige veke. deileg at det begynner å vårast!!! .....sjøl om det er ganske mykje snø ute..og sol!!!!


no sit eg og bloggar og et appelsin. treng c-vitamin. er småforkjøla. måtte vere heime frå jobb idag. :o( føler meg litt betre enn i går kveld, då var det pyton å vere på jobb. då er det best ta litt fri, pleie kroppen og komme fort tilbake til hektene att. er kanskje litt ekstra redd for å få tilbakefall av ms`n viss eg ikkje tek det roleg når kroppen ikkje er i form.



Håper alle der ute har ei triveleg helg. nyt den. veka kjem fort nok tilbake.

Klem :o)

fredag 6. februar 2009

SMS frå posten kl 0757...

...er ikkje å forakte når det er beskjed om at pakken frå creme er komt :) :) jippi jippi jippi!! leverte min lille jente i barnehagen kl 10, og rett på postkontoret og rett heim igjen!



og gjett om eg vart fornøgd!!! klokka var fantastisk fin!!!



hadde og bestilt ein piknik kurv..faktisk samme kurven som creme hadde i konkurransen sin nettopp. og den var kjempesøt!!! har ikkje heilt bestemt meg for ka eg skal bruke den til, men det vert nok ingen problem :)



og sist men ikkje minst: med i pakken låg denne kjempefine te-lysestaken som ein gåve frå creme. passa perfekt inn hos meg :o)



ein flott start på dagen. :o)

no skal eg snart på jobb, føler egentleg ikkje for det for har litt ilt i halsen og er snufsen. men får hive meg i det. men først skal eg støvsuge og tørke støv. min kjære får besøk av ein kompis i helga.

håper alle får ei fin helg!!!!! :o)

torsdag 5. februar 2009

Vakre hjem & interiør


har eg blitt abbonent av no :o) gleda meg til første nummer kjem i posten 19 mars!!!

Litt av ein overaskelse!!



hatt ein skikkele kosedag med min lille datter idag. den begynte som vanleg med at mammaen fekk sove leeeenge og godt :)



og endeleg var det snø nok til at ho fekk prøvd skia ho fekk seg til jul. gjett om ho var gla!! mykje knall og fall vart det, men ho tok det med eit smil og sin herlege latter.










deretter bar dei heim å lage middag, deileg blomkålsuppe. det var viktig å ete seg god og mett idag for onkelen henna, min bror, hadde invitert oss med for å bade!! jippi!! er det nåke prinsessa mi lika so er det å bade!! og vi kosa oss. men det vart litt kaldt for ein frostpinne som meg....



eg har før nevnt ein interiørbutikk som har opphøyrssalg her. tok meg ein tur innom der på vei heim frå bading. det meste var solgt no. ein del lamper igjen, men sia eg ikkje har bruk for lamper vart det ikkje nåke kjøp der idag. dattera mi såg nokre søte sommarfugl-telys som ho likte so godt. på veg ut ropte eigaren av butikken etter meg: ta med deg sommarfugl-lysa! eg sa: ta med meg? ja, sa ho. hmm...tenkte eg, meina ho at eg bere skal ta dei med meg utan å betale?? so eg måtte spør: meina du ta dei med meg so i å få dei?? ja, sa ho igjen og smilte. tusen takk, svara eg og henta dei. sjå her, ta med desse og sa ho og fann to pakkar med blomster-te lys. gjett om eg vart glad, eg som er so glad i å tenne lys!! :o) :o)




tusen takk Tingeling-dama. synd du må stenge butikken :o(

visninga vi var på i går gjekk bra, vi likte huset begge to. mange rom, og litt passeleg oppussing. men der er litt kommunale problem som kan koste oss litt, so vi må tenke litt til. spennande.

på tide ta kveld. det er snart helg-igjen. eg skal jobbe denne helga og.

god natt alle sammen! :o) sweet dreams!

tirsdag 3. februar 2009

HJEEEEEEELP!!!!!!!!!!!!!!!

........tenkte eg då eg plutseleg kom på at eg hadde gløymt å sjå sveip idag. ikkje at eg vanlegvis brukar å sjå det, men idag skulle jo emmelines vere der og fortelle om interiørblogging. jaja so gløymde eg det tenkte eg, ikkje noko å gjere med det. men so kom eg på....nett tv :) og der var det, har nett sett det, og gir adressa vidare for dei som ikkje har sett det:



lite å fortelle herifrå frå denne dagen. sov leeeeeenge, mens min skjønne prinsesse kosa seg i stova åleine med barne tv, dukker og andre leikar.

åt frukost/lunsj ilag og gjekk ein deileg tur i det kalde været etterpå. vesle A hadde med seg dukkevogn med ei av dukkene i, ho kosar seg då. skikkele dullemor som passar godt på dukkene sine :)


imåra skal vi på visning på eit gammalt hus. har høge forhåpningar, håper eg ikkje vert skuffa. hadde vore so deileg å bu ein plass der eg kunne gjere nett som eg ville. no når eg leiger er det ikkje lett å få det slik eg vil. og det er mykje eg vil!! :)


i går skulle eg bere ein liten tur på plantasjen for å sjå ka vår ting dei hadde fått inn. bere for å sjå, skulle ikkje kjøpe nåke....lixom.... kom heim igjen med eit lite drivhus som var på salg. 100 kr. klarte bere ikkje gå forbi det... men hadde jo ønska meg eit slikt, og det var jo på salg. ka meir kan eg sei?????


har ikkje gjordt nåke med det enno, det står i gangen. får sjå ka eg endar opp med til slutt, før eg set det ut i vårsola når den til slutt kjem med litt varme.

klokka er masse, på tide å finne senga. skal på jobb igjen imåra. ekstravakt. tenk! skulle egentle hatt fri sia forrige onsdag og til fredag som kjem, men har jobba sia forrige tirsdag med idag som den første fridagen. jobb imåra, fri torsdag og jobb heile helga. men slik er det. og eg er glad eg klarar det, at sjukdommen held seg roleg. eg kryssar fingar og tær for at det held seg slik.

ynskjer alle ei god natt. håper at morgon dagen vert fin! :)

KLEM!!!!

søndag 1. februar 2009

første dagen i februar!

og wallas verden brukt på ny har ein konkurranse du bere ikkje kan gå glipp av :) ein uimotståeleg premie!!


idag har vore ein roleg dag. vi slappar av heime. eg er litt sliten etter arbeidshelg, men det går veldig fint å jobbe og det er fantastisk deileg!


imåra skal eg hente min skjønne prinsesse igjen, skal bli herleg å sjå ho att!! gleda meg!


har ikkje so mykje å fortelle i kveld. håper at alle får ei fin veke, første veka i februar. snart vår. det er på tide kjøpe litt vårblomster til heimen. kanskje det er det som vert vekas prosjekt??




dette bildet var adventsgåve på julafta frå min kjære J. lika so godt desse bilda av paul pava.

ein ting eg har gjordt ikveld er å skifte navn på bloggen min. veit ikkje heilt om eg er fornøgd, men var lei av min lille verden. er jo ord brukt av mange, so litt kjekt ha nåke "for seg sjølv".

ynskjer alle ei super veke!! gleda meg til kvart eit blogginnlegg eg les i alle dei fine bloggane rundt omkring :)

adios :)