Viser innlegg med etiketten maling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten maling. Vis alle innlegg

mandag 27. august 2012

Tavle/magnetmaling-it works ☺

Old news for dei som følger meg på Instagram-men her er also tavle/magnetveggen eg har mala.
Kjempekjekt med ein slik vegg til lappar og beskjedar, eller nokre fine ord til kvarandre☺
Var litt spent på om den virka, men jammen gjorde den det☺


Denne lille veggen er perfekt for slik maling-den var ganske "ubrukeleg" til andre ting.


Mine to søte små syns det var veldig kjekt med tavlemaling på veggen☺


Laaaat dag-heime med to forkjøla små og er litt småforkjøla eg også :(
Nattevakt i natt og neste-håpe dei går foooort!

Har ein følelse av haust ute idag....altfor tidleg syns eg, sjøl om hausten er ei fin tid. Føler meg ikkje ferdig med sommaren og varmen enno.
Ser fram til bryllupsreise til Kroatia om 3,5 veke♥

Klem

onsdag 3. mars 2010

Epoxy maling

Er det nåken som har erfaring med å bruke epoxy maling på fliser på bad eller på gulvbelegg på vaskerom? Vi vurderar dette, men aldri høyrt om nåken som har prøvd det so er litt skeptisk. Flisene vi har på badet er vi ikkje særleg fornøgde med, men sia badet var pussa opp rett før vi flytta inn vil vi ikkje bruke masse pengar på å legge nye fliser heller.

So har du erfaring vert vi glade for litt hjelp på dette området!! Evt andre forslag til desse romma vert vi og superglade for☺