Viser innlegg med etiketten gang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gang. Vis alle innlegg

fredag 27. april 2012

Knappe-knagg

MÅTTE berre kjøpe meg desse knappe-knaggane☺
Takk til Hødnebø Haugesund som sendte desse til meg!


Glede meg til å få dei på veggen☺
Håpe det blir ein ryddigare gang no-er jo ikkje plass til så mange jakker på desse som på ei knaggrekke med 6 knaggar....☺

Regnar her idag-det er vertfall ingen fare for at vi tørkar ut!☺
Arbeidshelg for meg, men liiiikar desse fridagane i veka so syns turnusarbeid er fint eg☺

God helg alle☺

onsdag 4. januar 2012

Ein-nesten ferdig-oppussa gang☺

Bilder-dårleg redigert-frå gangen vår☺
Den begynner å bli ferdig.
....hjørneskåpet og bordet skal malast, men eg er usikker på farge... har lurt på grått skap og kvitt bord. Forslag taes imot med takk☺
Døra til venstre går til badet. Rett fram er inngangspartiet.


 Ein lørdagskveld for nokre veker sia kosa eg meg med å tapetesere murveggen!☺
Dette hadde eg  ALDRI prøvd før so resultatet vart ikkje plettfritt, men eg vart veldig fornøgd☺
Tapeten er kjøpt på Ebay.
Fristar til gjentakelse med tapetesering☺
Då vi flytta hit var det ein liten ovn her og muren var kvit.
Forslag til ka eg kan bruke denne nisjen til?

 

 Veggane er plata med ferdigmalte huntonittplater-veldig greitt☺
...no lurer eg på å male ein annan farge, men det har eg ikkje turt å fortelle min kjære enno...han er nemlig rimeleg lei av alle mine planar og prosjekt hihi
Gulvet malte vi for nokre veker sia; latte.
Vart so mykje finare med kvite gulv☺
Plasteppet på gulvet er frå Ellos. Omvendte fargar på den andre sida-superfint☺
Døra under trappa går til boda. Døra er laga av huntonittplater. Min snille svigerfar to be har plata heile gangen☺

 

Bilde tatt frå entreèn.
Trappa vart malt kvit i fjor sommar-av min snille pappa, mens vi var på ferie☺, og trinna vart tetta av min snille bror☺ Trappeteppa er frå Ellos.
(Det gjenstår å male nokre dører og lister under taket)
Døra til høgre går til vårt soverom, det skal bli prinsen sitt soverom etterkvart. Bak entrè døra, rett før trappa går døra inn til prinsessa sitt rom.


Her er gangen då vi kjøpte leilegheita. Litt bedre er det no blitt☺


Dette var ein liten omvisining i gangen vår☺
Kjekt å sjå før/etter bilder☺
Klem

onsdag 14. desember 2011

Stol før/etter

For leeeeenge sia kjøpte eg to slike stolar på bruktbutikken.
Dei har blitt ståande
og ståande
og ståande
-for ting tar ofte tid her i huset☺


Men no er den eine malt og puta er trekt om.
Til det brukte eg eit kjøkkenhandkle.
-elendig bildekvalitet, men får ikkje lasta ned bilderedigeringsprogram på nye pcn :(


Stolen står under trappa ilag med lykter, eit gammalt bord-male,ikkje male?, ei gammal symaskin og ein sypress i urne.
Døra her går inn i boda. 


Kanskje du ser nåke anna som er forandra her også??☺
-bortsett frå at vi fortsatt manglar taklister :(

No står husrydding på programmet-jippi.....☺

Ha ein fin dag☺
Her regnar og bles vi vekk....

Klem

onsdag 11. mai 2011

Taklamper i gangen

ENDELEG fått nye lamper i gangen!
Var ikkje lett å finne nokre eg syns var fine og som passa. 
Kunne ikkje ha nåke som hang nedover og dermed begrensa utvalget seg veldig.
Men denne lampa frå Skeidar passa perfekt!


Lyser kjempefint!
Har ei slik i kvar ende av gangen. 


Eit oversiktsbilde frå ein del av gangen.
Men dei nye lampene og bildelistene. 
Som de ser av lista er det litt igjen å gjere.....
Som sagt før; ttt her i huset!


Idag er det prosjekt vaske sofatrekk og rydde bod som er på planen☺

Ha ein finfin dag☺

Klem

mandag 28. mars 2011

Bildevegg i gangen

Eg er ikkje fan av mange spikerhull i veggane og då er bildelister perfekte!
Desse bildelistene er kjøpt på Ikea.

 

Fotograf bilde av familien♥
Dei kvite rammene er frå Ikea, dei brune er kjøpt på Living og tanken var å male dei kvite. 
....men vart for utolmodig etter å få bildene fram når vi først fekk hengt opp listene...☺
Innimellom bildene er det fint å ha litt andre ting, som f.eks familiens forbokstavar dekorert med tapet.


Irritera meg at bildene nederst er sett "feil" på dette bildet-bildet av dei søte små ska vere i midten og meg og min kjære på kvar side...det er vertfall retta opp in the real life
ein smule perfeksjonistisk??☺

Her vil vinteren INGEN ende ta-det snør og snør!

Åleine heime,
te, 
godis
3 bryllup på tv3
-og Ungkaren seinare ikveld☺
....og ein liten følelse av at eg held på å bli forkjøla .

Klem

torsdag 24. mars 2011

Vi tenner våre lykter når det mørkner....

Ein elektrobutikk med ei lita interiøravdeling heime der eg kjem frå hadde opphørssalg sist eg var heime, 
og min snille pappa kjøpte denne store fine lykta til meg☺☺
Køa var laaaaaang, men eg skulle ha den so sto glatt ein times tid i kø....☺
(dei andre som var med meg var nok ikkje like begeistra hehe☺)


Lykta står i eit hjørne i gangen vår.
...under den o` so lekre varmepumpa :S
(det einaste positive med varmepumper-bortsett frå at dei gir varme sjølsagt-er at dei er kvite!)
Ein vase med kongla og ein stol kjøpt på bruktbutikken er med på å dekorere kroken.
Stolen skal pussast opp-må bere finne eit stoff til setet. 


Idag har eg fridag før arbeidshelg.
Har brukt den til å late meg(☺), rydde i klær, ta bilder til blogginnlegg, rydde i gangen og litt ellers i huset. Kjem aldri i mål med rydding uansett kor mykje eg rydda føler eg-blir litt oppgitt av og til....men men!

Min kjære tok-endeleg-billappen i går☺☺ og for første gang kan eg vere heime mens han gjer viktige ærend som eg ellers måtte gjordt☺☺...som f.eks å køyre bilen på verksted for å bruke irriterande mykje pengar :/ 
Men bil må vi ha!

Mine planar for helga er jobbing!
Ka er dine?

Klem

lørdag 28. august 2010

Tett trapp♥

ENDELEG!!!!
Min snille snille bror var her idag og tetta igjen trappa vår!

Her er trappa for nokre timar sidan....


Og her er trappa no...


Vi har brukt hobbyplater til å tette igjen med.
Ein billeg og enkel måte (vertfall enkelt for broren☺) og få tett trapp på.
Merkar at den knirka litt meir no men det betyr ingenting so lenge trappa er tett og kvit..☺

Eg er strålande fornøgd
☺☺☺


Stille og roleg lørdagskveld hos oss.
Prinsessa er oppe so lenge ho vil (akkurat no leikar ho kveps...☺), prinsen søv, min kjære les aviser og eg bloggar

Håpe DU har ein fin kveld

Klem 

onsdag 10. mars 2010

Lampehjelp

Vi treng nye lamper til gangen vi ska pusse opp.


Var denne lampa fin???

Planen for gangen er eggekvite ferdigmalte panelplater, eggekvite lister, kvite dører, latte malt gulv og kvit tett trapp.

Meeeeen....burde det og vore samme type lampe i entreen som er bak på bildet over og mellomgangen, som er i enden av gangen eg viser bilde av her? Vert på ein måte ein laaaang gang der entreen er adskilt frå denne gangen med ei dør, mens den lille gangen kun er adskilt med veggar. Må isåfall ha 4 lamper.... Har lurt litt på lysekrone i den lille mellomgangen...

Treng sårt tips ang type lampe og evt om eg burde ha samme lampe heile veien, eller om eg skal ha ein type lampe i den lange gangen og nokre andre i entreen og mellomgangen mellom vaskerom og gjesterom.

HJEEEEEEELP!!!!!!!!!!!!!