tirsdag 3. februar 2009

HJEEEEEEELP!!!!!!!!!!!!!!!

........tenkte eg då eg plutseleg kom på at eg hadde gløymt å sjå sveip idag. ikkje at eg vanlegvis brukar å sjå det, men idag skulle jo emmelines vere der og fortelle om interiørblogging. jaja so gløymde eg det tenkte eg, ikkje noko å gjere med det. men so kom eg på....nett tv :) og der var det, har nett sett det, og gir adressa vidare for dei som ikkje har sett det:



lite å fortelle herifrå frå denne dagen. sov leeeeeenge, mens min skjønne prinsesse kosa seg i stova åleine med barne tv, dukker og andre leikar.

åt frukost/lunsj ilag og gjekk ein deileg tur i det kalde været etterpå. vesle A hadde med seg dukkevogn med ei av dukkene i, ho kosar seg då. skikkele dullemor som passar godt på dukkene sine :)


imåra skal vi på visning på eit gammalt hus. har høge forhåpningar, håper eg ikkje vert skuffa. hadde vore so deileg å bu ein plass der eg kunne gjere nett som eg ville. no når eg leiger er det ikkje lett å få det slik eg vil. og det er mykje eg vil!! :)


i går skulle eg bere ein liten tur på plantasjen for å sjå ka vår ting dei hadde fått inn. bere for å sjå, skulle ikkje kjøpe nåke....lixom.... kom heim igjen med eit lite drivhus som var på salg. 100 kr. klarte bere ikkje gå forbi det... men hadde jo ønska meg eit slikt, og det var jo på salg. ka meir kan eg sei?????


har ikkje gjordt nåke med det enno, det står i gangen. får sjå ka eg endar opp med til slutt, før eg set det ut i vårsola når den til slutt kjem med litt varme.

klokka er masse, på tide å finne senga. skal på jobb igjen imåra. ekstravakt. tenk! skulle egentle hatt fri sia forrige onsdag og til fredag som kjem, men har jobba sia forrige tirsdag med idag som den første fridagen. jobb imåra, fri torsdag og jobb heile helga. men slik er det. og eg er glad eg klarar det, at sjukdommen held seg roleg. eg kryssar fingar og tær for at det held seg slik.

ynskjer alle ei god natt. håper at morgon dagen vert fin! :)

KLEM!!!!

6 kommentarer:

Anne Hilde sa...

kjempe tøft drivhus:)

Jon B sa...

Alt det interiørgreiene virker ganske intenst. Men hva vet jeg.

opp ei trapp inn ei dør sa...

Supert at du linket "sveip" programmet.. jeg glemte også å se det, men da skal jeg gjøre det nå!
Får krysse fingrene for at det blir hus på dere da:)
ha en flott dag!!

-Mia- sa...

Hei! :-) Hvis du sender meg en mail, skal jeg nok sørge for at du får skiltet du og :-) Men det er helt utroolig hvor mange som ville ha det, har aldri hatt noe som har vært såå populært før.. :-) Ha en fin dag, nå skal jeg inn å se på emmeline-linken du la ut! Klem-Mia

liven sa...

Heisann!!
Spennende hvordan det gikk på visning da??
Dette drivhuset ditt var fint....og så billig da!!
Synd vi ikke har plantasjen her hos oss....ellers hadde jeg vært kjapp!!

Ha en fin kveld:O)

Anonym sa...

Whats up! I simply want to give a huge thumbs up for the great data you might have here on this post.

I shall be coming back to your blog for extra
soon.

Here is my web site :: 微晶瓷