Viser innlegg med etiketten ikea. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ikea. Vis alle innlegg

tirsdag 6. november 2012

Kjøkken detalja



Trebestikk frå Søstrene Grene, skål frå Kremmerhuset, koppar frå TineK, te frå Ting, melkekartong i porselen frå Ting og svarte blyantar frå Ikea.  
Litt detaljar frå mitt kjøkken.

fredag 28. oktober 2011

Folkets Ikea katalog

....er på nett☺
Kjempemorsomt å sjå bilde sitt der☺


Du kan sjå den her på Ikea sin eigen blogg: Livet hjemme.
Dette er ein blogg der du sjøl kan dele dine innredningstips og inspirasjon.
Eg held på å registrere meg der; bli med du og☺

God helg kjære lesar☺

Klem
♥

søndag 24. juli 2011

Ribba og Søndrum på veggen


Vi er kommen heim etter nokre fiiiine dagar i vakre København♥
Dessverre var ikkje været so bra-men bra nok for shopping....☺
Skal komme tilbake til litt forskjellig kjøpt i Køben, må bere få organisert litt og tatt bilder.

På vei heim stoppa vi på Ikea Åsane. 
Kjøpte meg denne bildelista og to søndrum rammer. 
Lista er komt opp på veggen over slagbenken. 


Inni rammene er det bilder av Elias sin forbokstav og årstid han er fødd.
...huske dessverre ikkje kor desse er kjøpt...
kan prøve å finne det ut om det er av interesse




Her står TVn på nyheitene-TRAGISK det som har skjedd i Oslo og Utøya. 
Finn ikkje ord.....
Ubegripeleg.

Ta vare på kvarandre
Klem
♥

mandag 28. mars 2011

Bildevegg i gangen

Eg er ikkje fan av mange spikerhull i veggane og då er bildelister perfekte!
Desse bildelistene er kjøpt på Ikea.

 

Fotograf bilde av familien♥
Dei kvite rammene er frå Ikea, dei brune er kjøpt på Living og tanken var å male dei kvite. 
....men vart for utolmodig etter å få bildene fram når vi først fekk hengt opp listene...☺
Innimellom bildene er det fint å ha litt andre ting, som f.eks familiens forbokstavar dekorert med tapet.


Irritera meg at bildene nederst er sett "feil" på dette bildet-bildet av dei søte små ska vere i midten og meg og min kjære på kvar side...det er vertfall retta opp in the real life
☺
ein smule perfeksjonistisk??☺

Her vil vinteren INGEN ende ta-det snør og snør!

Åleine heime,
te, 
godis
3 bryllup på tv3
-og Ungkaren seinare ikveld☺
....og ein liten følelse av at eg held på å bli forkjøla .

Klem
♥

onsdag 26. januar 2011

Bordlampe

Årstid bordlampefrå Ikea.
Tusen takk for at du kjøpte to slike for meg Linda♥


Idag skal eg og Elias kose oss med litt shopping☺
Han er veldig glad i å shoppe-og mamman seier ikkje nei når han spør so fint.....☺☺

Ein fin dag 
frå meg til deg
☺

Klem
♥

onsdag 6. oktober 2010

Kjøkken-før/etter->endeleg☺

Kjøkkenet vårt har eg aldri vore heilt fornøgd med.
Men sia det var forholdsvis nytt syns eg det var for gale å rive det ned og bruke mykje pengar på eit nytt.
So vi har no "levd" med det og prøvd gjere det so fint so muleg☺

Her er kjøkkenet slik det har sett ut sia vi kjøpte leilegheita i fjor sommar.


Men for eit par veker sidan gjorde eg det eg har tenkt på lenge; fekk malt skap og skuffer!
(eg seier eg for min kjære syns vel egentleg at kjøkkenet var fint som det var, hehe☺)
Min snille pappa hjelpte oss med dette sia maling og baby i samme hus ikkje er heilt å anbefale.
For ein stund sidan sjekka eg pris hos billakkerar, men dette vart DYRT-for mi lommebok vertfall.

I går kveld fekk vi skrudd på plass siste dørene og satt på handtaka.

Og her er kjøkkenet idag
☺☺☺
Nyvaska og rydda
☺☺



Benkeplata vart jo berre enno raudare no,
men den kjem vi nok til å male..evt kjøpe ny.
Spørs kor lett det blir å dekke denne kirsebærfargen...
Nåken som har erfaring med å male benkeplate?-spytt ut☺


Mellom benkeplate og overskap skal vi ha fliser.


Eg har veldig lyst på ein ny vask, ein slik som dette.
Men min kjære er ikkje so veldig begeistra for den....kan det vere fordi han ikkje ser det for seg slik som eg gjer?? ☺
...og viss vi skal ha slik vask må vi vel ha heilt ny benkeplate og underskap laga for slik vask...


Handtaka er frå Ikea, snille Vibeke med bloggen Mammas Hus kjøpte desse til meg og sende i posten♥ Tusen takk snuppa!!
Og tok ikkje Kitchen Aid parken min seg mykje bedre ut med kvitt kjøkken??
☺


Sjøl om litt gjenstår er eg vertfall KJEMPEfornøgd med å fått kvit innredning☺
Trivst mykje bedre på kjøkkenet no☺
Og sjøl om pappa gjorde jobben ser eg at det er ikkje større jobben enn at ken som helst kan klare det!
To strøk pr dag, eitt med heftgrunn og tre med vannmaling=2 daga!
So viss DU går rundt og har lyst på "nytt" kjøkken-ikkje tenk meir på det, hiv deg rundt☺

No skal eg ut i regnet og hente posten☺

Tudelu☺

ps...hugs give awayen min-kan melde deg på her. Det er plass til fleire☺

Klem 
♥

onsdag 8. september 2010

Hylle over sofaen

Endeleg!!
At det tar tid å bu seg inn når ein flyttar stemmer!
Etter å ha budd her eitt år har vi endeleg fått oss ei hylle over sofaen!
No er ikkje lenger veggen heilt tom, puh!
☺
Men eit slit skulle det vere.
Gipsveggar er nåke ¤pip¤ har eg funne ut!
Gipspluggane eg kjøpte først vart for svake, og det vart superstygge hol i veggen :( 
Holdt på å gi opp heile prosjektet!
Men min kjære snekkerbror visste råd og kom med nokre gipspluggar som egna seg myyykje bedre☺☺
Og med hjelp frå han kom hylla endeleg opp på veggen
☺


Kjøpte ei enkel hylle frå Ikea
og under limte eg veggord frå Hilde Heimdal(RokaDesign)


Litt forskjellig stæsj oppå hylla.
Ei lykt som har stått ute i sommar,
den er blitt litt rusten men det er jo berre fint
☺

 

St.paulia i små pokalurner frå MesterGrønn.
Hadde desse i Elias sin dåp☺


Ei ramme med netting og ei snor til å henge opp småtterier frå Skeidar.


Og favoritt te lysestakane mine.
Syns det er so skjønne med blonder og hjertet som heng der
♥


Det fine med hyller er at ein kan forandre på pynten når ein føler for det.
Syns det vart kjempekoseleg over sofaen no☺

No går turen ut i sola
♥

Klem

♥

tirsdag 31. august 2010

Duk- og sengetøy oppbevaring

Ååååå denne lille midt gangen er så vanskeleg å ta bilde av!!
Det ser bedre ut i verkelegheita also...☺

Då vi flytta inn her i fjor sommar var denne midt gangen som ligg i enden av gangen og mellom gjesterom og vaskerom trekvit frå topp til tå!
No er alt kvitt☺☺
Har igjen tak og gulv lister, male dørene og lampe i taket.

Har heile tida tenkt at denne gangen er perfekt til oppbevaringsrom...
På dette bildet er det eit lite garderobeskåp med ytterkleda våre som står i midt gangen...
Det har vi no sett ut i entreen.....(midlertidig)


...og fiiiiine Pax garderobeskåp med Birkeland dører frå Ikea er sett inn.


Skapet blir brukt til å oppbevare dukar, dyner, puter og sengetøy-me like☺


Så godt med litt system☺
Dukane er sortert etter ka dei blir brukt til; juledukar, sommardukar, haustdukar osv.
Øverst har eg tenkt å henge store finare dukar.
Manglar litt hyller eller trådkurvar i skapet til høgre, men visste ikkje heilt ka som vart best.
Er jo greitt med trådkurvar slik at eg kan dra dei ut å lett finne det eg skal ha, men i hyller syns eg kanskje at eg får plass til meir...
Må tenke litt på det☺
Er vertfall heilt supert å ha slike ting på ein plass, og frigjere plass i skjenk og kleskap til andre ting☺

 Her hos meg regnar det på årets siste sommardag. 
Men ifølge værmeldinga skulle det bli fint vær med temperaturar opp mot 20 grader framover-me like☺
Varmt om dagen-kaldt om natta
Er vel på tide finne fram litt varmare klede, og fyre i ovnen.

Forresten!!
Bur du i Hundvåg??
Kom over denne sofaen på Finn
Tenk kor fin den kan bli om den blir trekt om???!!!!
Og gratis!!!
Kupp!

Nyt årets siste sommardag

Klem
♥

torsdag 15. juli 2010

Kjøkkenet

Kjøkkenet er huset hjerte er det nåke som heiter,
slik er det ikkje hos oss.
Vi har eit lite kjøkken og vi tilbringer dermed ikkje tid her anna enn når vi laga mat.
Ikkje er eg fornøgd med kjøkkenets utsjånad heller.
Planen min er å få malt innredninga og benkeplata og få lagt flis mellom skap og benkeplate.
Og forhåpentlegvis malt tregulvet og.
....når eg får tid....

Spotlampa gjer nytta si; å lyse opp.
Men vi likar jo at det ser litt fint ut og sant?
Av og til veger vel det at det skal sjå fint ut meir enn det praktiske...☺

Eg har vertfall fjerna spotrekka og erstatta den med.....


....krystallampe frå Ikea☺
Min kjære var redd den ikkje skulle lyse godt nok opp,
men faktisk lyser den bedre enn spotrekka!
Og at han må gå på sidene av lampa for ikkje å ta opp i den må ha bere leve med,hihi☺
Eg går akkurat under☺


Syns denne lampa er fin eg☺
Masse bling bling
♥




Skulle ønskt eg kunne skrive om sol og varme idag, 
men den gang ei!
Regn!

Men eg har fleire inneprosjekt å holde på med, og rydding tar jo aldri slutt, so er ikkje arbeidsledig.
Men hadde vore deileg med litt sommarvær snart.
I mellomtida nyt eg sommarbilder og innlegg frå andre i blogglandia☺

No skal eg tilbake til perlene mine....☺☺

Ein fin torsdag frå meg til deg
♥

fredag 9. juli 2010

Kosekroken vert stadig forandra

Litt forandringar er gjordt i kosekroken vår☺
Her er den slik den har sett ut i nokre veker no...
Har vore veldig fornøgd med korleis den har sett ut
men det dukkar stadig opp ting eg bere må ha
eller idear om ka eg vil gjere annleis
☺



Kosekrok veggordet har eg vist i eit innlegg nyleg.
Det er kjøpt hos HildeHeimdal
Keep calm plakaten er kjøpt hos Snostorm

Det nyaste her er hylla.
Kjøpt på Ikea.
Syns det vart veldig fint med ei hylle her.
Og so vert det so lett å skifte ut det som står på hylla når eg føler for det☺
(Den brune korga øverst her har irritert meg på kvart bilde eg har tatt av denne kroken i det siste, på tide eg flytta den!!)





Akkurat no står det sinkhus frå Frk-Doris, pokalurne frå Mestergrønn med ein hjerteranke frå Plantasjen, ei netting klokke frå HildeHeimdal og ein liten M frå ein lokal butikk i området her.


 

Inni netting klokka ligg ei rose som kan brukast som hårstrikk eller nål på klede frå H&M og to klyper frå Frk-Doris. 
Lika rosa fargen mot sinken♥

 

Sinkhusa gir det finaste lys om kvelden♥
Kunne tenkt meg fleire av desse
(hint hint til dei som vil kjøpe bursdagsgåve til meg...☺)


Føler at kroken er ganske perfekt no☺
Trivst veldig godt der og akkurat no er det ikkje nåke eg vil gjere annleis☺
Ein god følelse☺

I går tok eg fram malekosten, for første gang på mange månadar☺
Er begynt å male to store tallerkenhyller☺
Bilder kjem seinare☺

Sommarværet lar vente på seg her på vestlandet.
Sola glimtar gjennom dei grå skyene og det bles. 
Men det er helg og vi skal kose oss uansett☺

God helg alle sammen☺

♥