Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg

mandag 23. september 2013

Stringhylle


Kjempefornøgd med Stringhylla mi☺
I♥nettbutikkar!
Kjøpte mi hos Room21.


torsdag 29. august 2013

Grønne planter

Nytt familiemedlem; palme frå Plantasjen☺


Grønne planter er det eg får lettast til når det gjeld blomster, og grønt livar opp interiøret.


Er du god med blomster?

torsdag 1. november 2012

Lyng




''

Haust=lyng
Koseleg med lyng i huset når det er haust. Brukar å ha kvit, men fann den ikkje på butikken denne dagen. 
Venta på mannen som har vert på fotballtrening og skulle kjøpe julebrus med heim☺ 1 november startar eg julebrus-og klementin sesongen☺

Klem M♥

torsdag 11. oktober 2012

2 mnds bryllupsdag og blomster

post signature
Litt mimring på 2 mnds bryllupsdagen vår♥
Bilder frå prøveoppsatsen til blomsterdekorasjonane.
Vart veldig fornøgd!


Roser-samme som i brudebuketten-i babymatglass, krysantemun i ølglass frå Ikea og brudeslør i babymatglass.




Snart leggetid for prinsen, og slappe-av-i-sofaen tid for mammaen. Lines gode hjelpera på tv ikveld-ei med samme diagnose som meg som er med.... Kjenner at eg ikkje har kjempelyst å sjå pga det, men klare likevel ikkje å la vere.

Håpe alle får ein fin kveld♥

torsdag 29. mars 2012


Blomster frå min kjære
i anledning Marny har gjordt ting ho ikkje kan....☺
Veit meir etter påske☺

Klem

lørdag 24. mars 2012

Krokus=vår

Sol frå skyfri himmel
Krokus plukka av prinsessa og ei venninne



Begge dei søte små er litt småsjuke idag-både handballturnering og tur til sentrum for å prøve ringar vart avlyst. Typisk!
Men herleg med helg og lørdag likevel☺

Klem

onsdag 14. mars 2012

Ønskte meg denne NYDELEGE vasen til morsdagen
-didn`t get it!
Ønskte meg den til valentinesdagen
-didn`t get it!
Ønsker meg den til bursdagen
-to long to wait!
Kjøpte meg den sjøl for ein månads tid sidan☺


Ein kollega fann lerkekvistar til meg, so no er det så fint på spisebordet vårt☺



Fridag og heime med prinsen♥

Driv og styrer med lokale til bryllupet for tida.
Lokalet vi booka i juni i fjor har klart og dobbeltbooke so no sit vi uten lokale-fekk vite det for ei veke sia.
Bryllupet er i august so føler vi har litt tidsnød no.... Men vi kryssar fingrane og håper det ordnar seg☺

Her regnar det-korleis er været hos deg?

Klem

fredag 30. desember 2011

Min nye favorittjuleblomst...

...er denne☺
Azalea?.....



Forma er bedre, prøver meg på jobb imåra.
Tenk at det er neeeesten 2012 allerede-blir eit spennande år for oss♥

Vi skal til eit vennepar imåra kveld-gleda oss☺ 
Har DU nyttårsplanar?

Klem

torsdag 6. oktober 2011

Fly min....ugle fly☺

Eit nytt husdyr-også denne gangen av den lettstelte sorten-har blitt omplassert til vår varetekt☺
Trur den fine ugla vil trivst bra her☺
-so lenge den ikkje uhu`ar oss våkne om morgonen☺
Vakje den søt vel?☺


Dermed vart det litt "ommøblering" på brettet på spisebordet, som eg har vist altfor mykje i det siste........
Ein ny Pletter i luften har også funne vegen hit☺


Her hølje regnet ned!
Koseleg sitte-inne-under-pledd-med-noko-varmt-i-koppen vær☺
Eg har ein del spennande tankar i hovudet for tida-viss ting går i orden då....☺
Weeeeee☺☺

På tide å krype under pleddet igjen,
Fra sjel til sjel og Åndenes Makt på TV☺

Klem

torsdag 15. september 2011

Haust ved inngangspartiet

♥Velkommen hausten♥


Endeleg har eg fått tak i ein trommel også☺
Min snille bror har -igjen- hjelpt meg; denne stod på plassen der han jobba i desse dagar.
Eg har sett på den leeeenge, men ikkje turt å gå å spør om å få den...men å få bror min til å spør-det tørr eg hihi☺
Stolen var 30 års gåve frå pappa.



Velkommen skilt på døra og regnklær heng klare til regnfulle haustdagar.



 Te lys i barneglas med ståltråd til oppheng er klart til mørke haustkveldar.
Lyng frå Plantasjen.


Nydeleg farge på Hortensian no på hausten.


Fri idag (og☺),
fram med salmiakk, pensel og malingsspann☺

Ha ein fin haustdag der ute☺

....med dette innlegget deltar eg i Potrinas Potlerier utfordring: høst ved inngangspartiet. ☺

Klem

onsdag 8. juni 2011

Blomster i krukker

Uteområdet framfor huset er eit lite problemområde-vanskeleg å pynte å gjere det koseleg.

Vi bur i ei rekke fire og det er ikkje nåke form skille mellom leilegheitene anna enn ein liten skillevegg ved inngangsdøra.

Her har eg gjordt eit forsøk på å pynte opp litt utanfor uteboda vår.
Hortensia og lavendel kjøpt på Plantasjen.


Eit gammalt melkespann med herleg duftande lavendel.


Posta frå min HTC

tirsdag 31. mai 2011

Peonar og familiens kunstnar :)

Peonar min kjære fekk frå kollegaane sine til bursdagen☺
Kjempefine!


Passa dei ikkje fint framfor bilde min kjære har mala vel??☺
Nesten dei samme fargane☺


Eg har to sjuke barn heime med meg idag.
Elias har hatt feber sia fredag, men er bedre idag.
Anine er forkjøla og slapp og orkar ikkje på skulen.

For første gang på ganske lang tid ser vi blå himmel her idag☺

Håpe alle får ein fin dag☺

Klem 

lørdag 22. januar 2011

Ein bukett tulipanar ynskjer deg god helg♥

I anledning eit spennande besøk på onsdag kjøpte eg ein bukett med kvite tulipanar...☺
Syns dei kvite tulipanane er finast!
Sette dei oppi eit norgesglass som eg igjen sette oppi eit av romma i kassen på spisebordet.


Nokre av tulipanane sette eg i småvasar som eg plasserte litt her og der,
som f.eks på hylla over sofaen....


....og på bordet mellom sofaane.


Dagens tips frå meg☺

Håpe alle får ein strålande lørdag

Klem