Viser innlegg med etiketten bad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bad. Vis alle innlegg

fredag 11. juni 2010

Hylle på badet

Vi har eit lite bad.
For å utnytte plassen er det då lurt å bruke veggen.
Har hengt opp ei hylle kjøpt på Bohus forrige veke.
Hengte den over stellebordet til Elias, som er Gulliver stellebord frå Ikea.


På hylla har eg plassert to korger frå Ikea.
I den eine er det bleiar og i den andre er det vaskeklutar og våtserviettar.

 
Boksar frå Tilda.
Den store er er Elias sin.
I den er det shampoo, badeolje og salver til såre rumper.
Prinsen og Prinsessa har også kvar sin lille boks.
 
 
Idag er fotball VM igang!
Min kjære har gleda seg stort.
Eg syns og det er spennande, men er vel ikkje like entusiastisk som kjæresten...☺
Hadde berre Norge vore med....
Men kjem nok til å sjå nokre kampar☺
 
Her regnar det, og skal visst gjere det i helga
Perfekt vær for ein Ikea tur☺
Ynskje alle ei fin helg
♥
 
...viss det er nåken som veit kor eg kan få tak i slike bokstavar som eg viser i forrige innlegg blir eg glad for det☺

mandag 1. mars 2010

Bokstavar

Eg syns det er kjempefint å pynte med bokstava. Desse bokstavane har eg bestilt frå Ida. Ei koseleg jente med ein fiiin blogg som er verdt å besøke. Og ho tek i mot bestilling på bokstavar dersom nokon er interesert i det☺. Eg har frå før bestilt navnet til dattera mi og LOVE frå Ida.

Idag er eg forkjøla, dett i desen og ilt i halsen :( Var ikkje det eg hadde bruk for no akkurat. So her sit eg med teppe rundt meg og papir og drops innan rekkevidde.

Deileg å tenke på at vi er komt til mars mnd! Vårmnd! Herleg-snøen MÅ smelte snart!! Huskar du korleis grønne trær ser ut?? Eller korleis det ser ut under snøen?? Eg har nesten gløymt det... Men det nærmar seg dag for dag☺

tirsdag 26. januar 2010

Utfordring

Maliva er so flink med å utfordre oss :)
Denne gangen er det smykke-oppbevaringane våre som skal til pers.
Eg har mine smykker og armband hengane på eit Lisbeth Dahl stativ på badet. Lett tilgjengeleg :) Elskar lange og store smykker♥

Ellers har eg småesker til øyredobbar og mindre smykker. Ikkje alle er tatt fram frå flyttelasset enno dessverre.

Smykkestativet står på ein pidestall laga av kjæresten til søstra mi. Han lagar på bestilling om det er nåken som vil det :o)

Korleis oppbevarar du dine smykker?

(Irritera meg at det vert so gult lys på bade-bilda, men lyskilda vår gir eit slikt lys..den skal bytast ut etterkvart)

mandag 18. januar 2010

Utfordring og bad

Maliva har komt med nok ei utfordring :o) Kjekt med slike utfordringa!!!
Denne gangen skulle vi vise fram såpedispensaren/såpeskåla vår. Flaks for meg at eg bytte ut såpa frå REMA med ein dispensar kl 24 i går kveld :D
Her er den vertfall: pynta med eit hjarte med englar på. Ligg også to søte såpe-englar ved sida av, adventssgåve frå min kjære. Bak på spegelen har eg satt eit vintagebilde som eg har skrive ut og limte på ei papp-plate.
Spegelen er også ny, kjøpt på JYSK før helga. Spegelen som var der før var lite fin,(sjøl om min kjære syns den var kjempefin og skjønte ikkje koffor eg skulle byte den ut...kan det ha noko med at han måtte hjelpe meg med å henge opp den nye?? :)) Eg syns vertfall det kom seg masse på badet no :)

Eg sender utfordringa frå Maliva vidare til alle som les dette :)

Tar samtidig med eit bilde av badet vårt, det lille eg føler for å vise fram vertfall. Badet var delvis oppussa då vi kjøpte leilegheita og vi har ikkje gjordt noko med det sjølv enno. Baderomsinnredninga trur eg er frå Ikea. På veggen er det veggplater som lignar på flis, heilt ok. Lyset ser veldig gult ut, har tenkt å skifte lampe etterkvart. Det er også ein vegg med dør mellom bad og wc, denne skal vekk for å få større bad. I dusjen er det dusjforheng, der lurer eg på å lage ein vegg av glassbyggerstein og dusjdør, eller å ha dusjveggar som kan skubbast inn for å utnytte plassen. På veggen over knaggrekka som du kan sjå i spegelen vil eg ha ei hylle med plass til korger. Vil ha eit romantisk og funksjonibelt bad :)
NIB har ei baderomsutfordring på gang, mitt bad kan ikkje måle seg med mange andre bad i blogglandia, men eg sender likevel dette innlegget inn dit :)