Viser innlegg med etiketten bruktbutikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bruktbutikk. Vis alle innlegg

onsdag 14. desember 2011

Stol før/etter

For leeeeenge sia kjøpte eg to slike stolar på bruktbutikken.
Dei har blitt ståande
og ståande
og ståande
-for ting tar ofte tid her i huset☺


Men no er den eine malt og puta er trekt om.
Til det brukte eg eit kjøkkenhandkle.
-elendig bildekvalitet, men får ikkje lasta ned bilderedigeringsprogram på nye pcn :(


Stolen står under trappa ilag med lykter, eit gammalt bord-male,ikkje male?, ei gammal symaskin og ein sypress i urne.
Døra her går inn i boda. 


Kanskje du ser nåke anna som er forandra her også??☺
-bortsett frå at vi fortsatt manglar taklister :(

No står husrydding på programmet-jippi.....☺

Ha ein fin dag☺
Her regnar og bles vi vekk....

Klem

onsdag 2. november 2011

Før/etter rammer

Eg kjøpte nokre rammer på bruktbutikken for ei stund sidan. 
Syns dei var so fine!
Fornæmme fine fruer prydar.....



......ikkje veggen!
For eg har fjerna fruene, spraya rammene kvite og hatt inni bilder av mine fine små♥
Den eine ramma har eg rett og slett hatt rundt eit hjarte-litt mislykka- laga av washi tape limt rett på veggen.
Pynten rundt rammene var veldig sprø og knakk av på 2 av 4 rammer..derfor er den eine ramma slik som dette....


No skal eg hoppe i dusjen og gjere meg klar for cafèbesøk med ei super venninne♥
Deretter er det seinvakt.

Ha ein herleg dag der ute☺

Klem

tirsdag 16. august 2011

Treleikar og morgondagen☺

Kjøpte ein "gammal" klosseleike til Elias på bruktbutikken tidlegare i sommar. 
Syns desse gamle, litt slitte, treleikane er so fine.


Elias kosar seg med å bygge☺


Imåra begynner Elias i barnehage☺
Spennande!
Håpar det går bra-han er veldig avhengig av mamman og pappan sin og HYLER viss han ikkje ser oss so kan ta litt tid før han venner seg til det...og vi må nok belage oss på ein del vonde avskjedar framover...
Og Anine begynner i 2 klasse☺
Store ungane mine♥

No skal eg fortsette å ete kokosbollar og drikke te☺

Klem

tirsdag 24. mai 2011

Te og bruktkjøp☺

For eit par veker sia reiste min kjære og ein kompis på impulstur til Sverige-dei køyrde ca 10 timar, sov eit par tima, shoppa ein del i Nordby Shoppingsenter, køyrde 10 timar heimatt☺
Min kjære kjøpte desse fine og gode tetypane til meg der♥


Må vise den gamle(?) fine vekta eg kjøpte på bruktbutikken forrige veke-20 kr☺
Lurer på å sette den ut å ha blomster på den-men her har hauststormen komt so det blir lite med kosetid i hagen for tida. 


Eg nyter fortsatt ferietid og fine dagar med Elias♥
Håpe du får ein fin haust...eh eg meinar vår-dag ☺

Klem

søndag 8. mai 2011

Settekasse

Ein ny settekasse er komt i hus☺
Og den ligna jo på eit hus også☺☺


Kjøpte den på bruktbutikken for 45 kr. 
Vert nok til at Elias får denne på rommet sitt☺
Vurdere å male den i ein fin dus blåfarge og dekorere den med papir/tapet.
-no har eg to settekassar som venta på å få seg ein make over☺
Prinsessa sin settekasse kan du sjå her.

Idag trur eg at eg ska henge opp sommargardinene.
Men no skal eg sjå Alice i eventyrland med prinsessa. 

Håpe søndagen vert fin!

Klem

fredag 4. mars 2011

Prosjekt frå bruktbutikken

To nye prosjekt vart med heim frå bruktbutikken i går☺

Har sett etter eit bord for å ha mellom Jennylund stolane i kosekroken, 
og dette må jo bere vere perfekt til det☺
SMSa min kjære mens eg var på brukten for å høyre om han også ville ha eit bord i kosekroken-første sms tilbake stod "ok", rett etterpå kom det ein sms til der det stod: "ikke visst det skal males 100 ganger". 
Neida min kjære, tenkte eg...bere 2-3 gangar og betalte dei 125 kr bordet kosta☺


Spurde min kjære i går kveld om han likte bordet: "ja, men liker ikke alt som ligger oppå det".
Han hadde trudd han skulle få ha bordet heilt for seg sjøl, og ville bruke det til å legge aviser på.
HAHA
seier eg då!
Aviser er jo kjempedekorativt!

Kjøpte også denne settekassen.
Tenkte Elias skulle få ha den på rommet sitt-når han ein gang får det☺
Litt usikker på korleis eg skal dekorere den.
Inni er det kork so tenkte eg skulle dekorere alle romma med ark med forskjellige mønster, men om eg skal male eller spraye den og ka slags farge veit eg ikkje.




Var det ikkje fantastisk spennande på herre stafetten idag??
Makan til herleg seier☺

Helg☺
Er det ikkje herleg?!!
Eg har arbeidshelg-men korthelg-so ikveld er det helg for meg☺
Og fredag er jo og den beste dagen☺

Har du helgeplanar?

Kos deg, min kjekke blogglesar☺

Klem

søndag 21. november 2010

Ta naturen inn

Naturmateriell i interiøret er ei stor trend i år.
Kongla, mose og horn er in!

Eg var innom bruktbutikken igår og fann dette hornet til heile 5 kroner!!!
☺☺☺
På Bohus kostar eit slikt horn 599 kr!!


Har lagt det på spisebordet ilag med bongbongane eg laga med Jenny forrige lørdag og messingslys frå bruktbutikken som er spraya kvite.


Ei ny skei vart også funnen til den nyoppstarta samlinga mi, den til høgre. 
Har egentleg aldri tenkt på gamle skeier som nåke eg kunne dekorert med, men no syns eg det er ganske fint☺
Og det pga inspirasjon frå blogglandia☺


Ei samling av gamle ting på skjenken min.


Her i huset er vi blitt sjuke :(
Elias har vore forkjøla sia lørdag og idag har han feber..stakkars lille klumpen min.
Anine er snufsen men i god form.
Eg er sår i halsen, snufsen og småslapp.
Får håpe min kjære held seg i form so han kan pleie den sjuke gjengen sin!

Håper alle har ein fin og roleg søndag☺
Ski på tv-me like☺

Klem

torsdag 18. november 2010

Make over av ein "kjedeleg" brødboks

Brødboks eg kjøpte på bruktbutikken forrige veke.


Den har fått seg nokre strøk med kvitmaling.
(oversjå at knotten ikkkje er bytt ut...☺)


Vi har ikkje så god plass på kjøkkenbenken so her må vi stable litt i høgda☺



Inni har eg limt tapet frå Pip.
Ein av dei eg kjøpte frå Inreda.com☺


Sol, blå himmel og kaldt vintervær ute☺
Nydeleg
-sjøl om eg mislika kulde☺

Elias er våken og ropar☺
See you☺

Klem

tirsdag 16. november 2010

Gamle ting

På bruktbutikken her om dagen kjøpte eg meg to gamle skeier og ein gammal kvit duk. 
På skeia til venstre står det Norge, på den andre står det Portugal-den kjøpte eg mest til min kjære som har soooo lyst til Lisboa☺


Har lagt dei oppå ein av bongbongane eg laga på juleverkstaden med Jenny på lørdag.


Den kvite duken er lagt under biblane på symaskina.
Masse gamle ting i skjønn forening.


Idag har eg vore på skulen til prinsessa og sett ho på scena for første gang-soooo flinke alle 1 klassingane! 
Og sjølsagt ekstra spesielt og sjå sin eigen 1 klassing synge og lese høgt♥

No er det kosetid med familien♥

Klem

onsdag 13. oktober 2010

Mitt hittil kanskje største prosjekt...☺


Bruktbutikken er heilt overvelda over at messing her "in" igjen
hihi
dei skulle berre visst

Kjøpte desse messing lysestakane på lørdag



Spraya dei med hobbylakk frå Biltema.
Har fått sansen for mange lysestakar i ulik størrelse samla på ein plass.


Og her er kjem det største prosjektet eg kanskje har hatt hittil.....
To gamle stolar som skal malast og trekkast om-har aldri prøvd det før :S
Men ser for meg at eg skal klare det☺


Tenkte at ungane skulle få ein stol kvar på rommet sitt.
Anine sin skrivepult er under malekosten as we speak, men Elias har enno ikkje eige rom so stolen vert nok brukt litt andre plassar i mellomtida.
Anine hadde sett seg ut ein annan stol, på Ikea...lyserosa med sving...so eg måtte lokke litt for at ho skulle ville ha denne☺ 
Ho skal få male den sjøl....☺
I den fargen ho vil....den blir nok rosa den ja...☺
Type stoff på setet har eg enno ikkje funne ut av...
Og stolen Elias etterkvart skal ha blir nok malt kvit med eit stoff som eg likar, og so trekker eg den om igjen med eit meir guttete stoff når han skal overta den. 
Glede meg til å ta fatt på desse...når forkjølelsen slepp taket, og eg blir ferdig med skrivepulten/skatollet til Anine.

Eg hadde ein koseleg kveld på Bohus igår-damenes aften☺
Fekk shoppa litt☺
Men Bohus her har nett bygd om, og eg syns faktisk dei har tapt seg. Er ikkje like mykje småvarer der lenger. Lyshus f.eks...ingen! 
Kjedeleg!
Finn Schjøll laga blomsterdekorasjonar og prata om alt mellom himmel og jord-kjekk mann å høyre på...men savna kanskje eit foredrag om moter og trender innan interiør.. 
Men det er jo ikkje Finn Schjøll sitt felt so var vel egentleg forberedt på det...
Goodiebag med Bonytt, saus(!), kjeks, sjokolade, serviettar og eit lys til alle☺

Fekk ikkje sett Greys igår-nåken som veit kortid det går i reprise????

Har forresten sett på direktesending frå Chile-endeleg kjem gruvearbeiderane opp!☺
Tenk det!
Litt av ein jobb!
Å tenk på arbeiderane og familien!
Klare ikkje forestille meg det!

So long amigos☺

Klem


mandag 11. oktober 2010

Bord-før/etter

Eit bevis på at ting tar tid er dette bordet her...kjøpte det for over eit halvt år sia for 50 kr på bruktbutikken.
Og ikkje før no er det malt!
Har hatt det i bruk med ein kvit duk over☺



Eit strøk med heftgrunn og 3 strøk med kvitmaling seinare ser bordet slik ut:



Ein wallsticker frå Hilde Heimdal er festa på.



Bordet står mellom sofaane i stova, der det alltid har stått, hehe☺
Berre mykje finare no☺


Ein nydeleg haustdag her♥
Eg malar og er småforkjøla.
Kjøpte meg nokre fine ting på bruktbutikken på lørdag, jepp...klarte ikkje å la vere☺
Og ventar på tlf om pris på nåke anna...som eg egentleg ikkje har plass til... :/
Skal nok vise det etterkvart☺

Minner om give awayen min☺ Link til ->høgre☺
Ein del av premien er komt i hus...☺

Enjoy the day