0730: Elias møtte opp på sjukehuset for å få operert den tette tårekanalen han er fødd med. Mammaen og pappaen grua seg litt for det heile, spesielt narkosen.... 0845 gjekk Elias og pappa inn på operasjonsrommet, der venflon i handa og narkose vart gitt.. Ein ekkel opplevelse for pappaen som såg gutten sin sovna vekk på 123. Litt før kl 10 fekk vi telefonen om at vi kunne komme til oppvåkninga! Puh! Der satt ein groggy Elias på fanget til ein anestesilege. Fine prinsen vår-så tøff♥ Etter nokre minutt sa han: lollipop!☺ Snille sjukepleiaren henta dette til han og litt etter litt våkna han til og vi fekk reise heim ganske kjapt☺
Mammaen og pappaen så glade, letta og stolte av den fine modige lille gutten sin♥
1430: Eg til tannlegen! Lika ikkje! Men godt å få det gjordt☺ Og 900 kr for 10 minutt-felott det!
11/9-12: 1 mnds bryllupsdag♥♥♥
Kosekveld med mannen♥
Viser bilder frå bryllupsmenyen vår-den var rett og slett fantastisk!
Får enno vatten i munnen av å tenke på den☺
Kamskjell med blomkål pure ,
tomat pesto og sprøsteikt
heimelaga bacon
av lokal edelgris.
Langtidssteikt Gloppenhjort
marinert i lokale urter frå
Devik ,
servert med potetkake , sopp ,
spisskål ,
smørdampa asparges og rødvin sky.
Sjokolade fondant
med friske bær og heimelaga
vanilje is
♥