Viser innlegg med etiketten veggord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten veggord. Vis alle innlegg

onsdag 26. oktober 2011

ROLIG det ordner seg

Eg har også kjøpt meg ROM123 der desse fine korta var med.
Motivasjon i kvardagen☺


Hengt opp med Washi tape-denne fine altmulig tapen☺


Her er det luksusfellen-tenk at det går an å rote det sånn til økonomisk... Men sikkert ikkje så lett å sette seg inn i den vonde spiralen dei kjem ut for for oss som ikkje er i ein slik situasjon.
Held også på å føre over bilder frå den øydelagde pcn til minnepenn. LIVREDD for at slikt skal gå tapt.

Nyt kvelden☺

Klem

lørdag 14. august 2010

Trekasse styling

På Plantasjen i forgårs kjøpte eg denne trekassen til 129 kr.
Likar so godt desse kassane, uten at eg alltid veit heilt ka eg skal bruke dei til☺


Plutseleg kom eg på at den treng jo ikkje ligge på eit bord eller ei hylle.
Eg kan jo sette den på høgkant!!☺
Og plassen vart bak mitt fake oliventre.
Dette treet har ikkje heilt funne sin plass i stova, men etter at eg satte det i ei sink urne frå KID trur eg at eg er fornøgd☺
(skal bytte ut potta oliventreet står i, må bere finne nåke det kan stå på i sinkurna-for treet er ganske lite)

....oversjå platene på bildet til venstre er du snill-mdf plater som står her av praktiske grunnar☺


Satte kassen bak oliventreet, slik at den står og kviler på sinkurna oppetter veggen og vitrineskapet mitt.
Stæsja den med nokre småting-bokstavane til min kjære, eit vintagekort og bokstav sjablongar A-Z kjøpt hos  Lobelia.


Vart ganske fornøgd☺
....både med ideen og dekorasjonen i heilheit☺



Til slutt i går kveld kom eg på at ein av wallstickerane frå HildeHeimdal kunne passa på kassen☺
Bonheur betyr lykke-viss eg ikkje huska feil....
Prikken over I en på ein heller "kjedeleg" trekasse☺


Vi får sjå kor lenge den blir ståande der☺
Vertfall til eit praktisk behov for ein slik kasse dukkar opp☺


Eg må få takke for alle fine kommentarar ang pyntinga til Elias sin dåp og dåpskjolen☺
Blir glad for alle sammen♥


God lørdag alle sammen!

fredag 9. juli 2010

Kosekroken vert stadig forandra

Litt forandringar er gjordt i kosekroken vår☺
Her er den slik den har sett ut i nokre veker no...
Har vore veldig fornøgd med korleis den har sett ut
men det dukkar stadig opp ting eg bere må ha
eller idear om ka eg vil gjere annleis



Kosekrok veggordet har eg vist i eit innlegg nyleg.
Det er kjøpt hos HildeHeimdal
Keep calm plakaten er kjøpt hos Snostorm

Det nyaste her er hylla.
Kjøpt på Ikea.
Syns det vart veldig fint med ei hylle her.
Og so vert det so lett å skifte ut det som står på hylla når eg føler for det☺
(Den brune korga øverst her har irritert meg på kvart bilde eg har tatt av denne kroken i det siste, på tide eg flytta den!!)





Akkurat no står det sinkhus frå Frk-Doris, pokalurne frå Mestergrønn med ein hjerteranke frå Plantasjen, ei netting klokke frå HildeHeimdal og ein liten M frå ein lokal butikk i området her.


 

Inni netting klokka ligg ei rose som kan brukast som hårstrikk eller nål på klede frå H&M og to klyper frå Frk-Doris. 
Lika rosa fargen mot sinken

 

Sinkhusa gir det finaste lys om kvelden♥
Kunne tenkt meg fleire av desse
(hint hint til dei som vil kjøpe bursdagsgåve til meg...☺)


Føler at kroken er ganske perfekt no☺
Trivst veldig godt der og akkurat no er det ikkje nåke eg vil gjere annleis☺
Ein god følelse☺

I går tok eg fram malekosten, for første gang på mange månadar☺
Er begynt å male to store tallerkenhyller☺
Bilder kjem seinare☺

Sommarværet lar vente på seg her på vestlandet.
Sola glimtar gjennom dei grå skyene og det bles. 
Men det er helg og vi skal kose oss uansett☺

God helg alle sammen☺

søndag 27. juni 2010

Prinsesserommet har fått ein make over

Her er rommet til prinsessa slik det har sett ut sidan i januar.
Gipsplater på veggane er veldig fint, men lite praktisk når ein har lyst å henge opp ting.
Senga fekk ho til 2 års dagen, gardrobeskåpet fekk ho til jul i fjor og nattbordet har eg kjøpt på bruktbutikken og pussa opp.



Lenge har eg sett etter finare seng til prinsessa.
Har visst ka slags type seng, men ikkje klart å bestemme meg.
For nokre mnd sidan fekk dei inn ei ny seng på Skeidar, til introduksjonspris.
Akkurat slik eg har villa hatt til prinsessa!!
Det som er so bra med denne er at du kan slå den ut til 160 cm seng☺
Perfekt for overnattings gjestar☺
So i dag har min kjære stått i timesvis og montert seng☺
Flinke mannen min♥

Har også hatt ferdigmalte panelplater på veggane.
Desse spikra pappaen til min kjære opp då foreldra hans var på besøk her i mai.
Kjempefint-og endeleg kan vi henge opp bilder, speil og hyller på veggane uten å vere redde for stygge store hull☺

So fint og koseleg det vart på prinsesserommet no♥
Her går det i rosa og kvitt☺


Englevingene passar på prinsessa når ho søv.
Bokstavane over senga er eg kjempefornøgde med!!
Dei er bestilt av Ida som har bloggen Drømmar om vitt och shabby.

 

Veggord som eg vann frå Hilde Heimdal sin nettbutikk☺☺
Er kjempefornøgd, syns det vart veldig dekorativt over senga til prinsessa.
Hilde sin nettbutikk MÅ du ta turen innom, masse fint☺
Kan røpe at eg ventar enda ein pakke derifrå om ikkje so lenge-gleda meg, hihi☺


Putene med stjerner er kjøpt på KID og hjerte putene er kjøpt på IKEA.
Sengesettet og pleddet er også frå KID.
På bildet til høgre kan du helse på Bæsn.
Den bamsen fekk ho av pappaen sin den dagen ho vart fødd og den har sia då vore hennar beste venn
Den har ho hatt med seg kvar gang ho skulle sove eller når ho ville kose. ¨
Siste tida har den ikkje vore so viktig , og om ho gløymer den enten her eller hos pappaen får ho sove likevel.
Navnet fekk den fordi det var slik ho sa Bamse då ho var lita☺
Den har fått diverse "småsår" oppgjennom åra, til og med plaster har den hatt på☺

 

No gledar eg meg til prinsessa kjem att imåra etter ei veke hos pappaen.
Spent på ka ho vil seie☺
Ho veit ho får ny seng, men sist ho var her stod nye senga i gangen-i eska, den gamle senga hennar var satt på gjesterommet og ho sov på madrass på gulvet-nåke som forøvrig var ganske stas syns ho☺
Får tru ho like senga betre enn madrass på gulvet...hehe☺
No gjenstår det å ta resten av rommet-den delen bak kamera...☺
Når nåke er forandra får eg lyst å forandre heile rommet☺
Nåke skal malast, nåke skal ut av rommet og nåke er bestilt på nettet....☺

Håpe alle har hatt ei fin helg☺
Vi har bere vore heime.
Kosa oss med Elias, litt shopping, trilletur, god mat, snop, og litt husarbeid-som ein visst aldri kjem utenom...☺
Ny veke-nye mulegheiter!!