Viser innlegg med etiketten wallstickers. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten wallstickers. Vis alle innlegg

torsdag 16. juni 2011

Relax.....

.....gjer eg akkurat no☺


Eg fann ein wallsticker-har nokre av dei på lur☺-som eg fann ut eg ville prøve ut på da nye DIY pallebordet mitt.
Syns det vart ein tøff detalj☺
(stickeren er frå Hilde Heimdal)


Idag er sommaren her igjen-varer nok ikkje so lenge...
Men sol frå skyfri himmel seier eg ikkje nei takk til☺
No frukost,
Elias søv,
etterpå skal vi ut å nyte finværet.

Håpe sola skin på deg☺

Klem

onsdag 8. september 2010

Hylle over sofaen

Endeleg!!
At det tar tid å bu seg inn når ein flyttar stemmer!
Etter å ha budd her eitt år har vi endeleg fått oss ei hylle over sofaen!
No er ikkje lenger veggen heilt tom, puh!
Men eit slit skulle det vere.
Gipsveggar er nåke ¤pip¤ har eg funne ut!
Gipspluggane eg kjøpte først vart for svake, og det vart superstygge hol i veggen :( 
Holdt på å gi opp heile prosjektet!
Men min kjære snekkerbror visste råd og kom med nokre gipspluggar som egna seg myyykje bedre☺☺
Og med hjelp frå han kom hylla endeleg opp på veggen


Kjøpte ei enkel hylle frå Ikea
og under limte eg veggord frå Hilde Heimdal(RokaDesign)


Litt forskjellig stæsj oppå hylla.
Ei lykt som har stått ute i sommar,
den er blitt litt rusten men det er jo berre fint

 

St.paulia i små pokalurner frå MesterGrønn.
Hadde desse i Elias sin dåp


Ei ramme med netting og ei snor til å henge opp småtterier frå Skeidar.


Og favoritt te lysestakane mine.
Syns det er so skjønne med blonder og hjertet som heng der


Det fine med hyller er at ein kan forandre på pynten når ein føler for det.
Syns det vart kjempekoseleg over sofaen no☺

No går turen ut i sola

Klem

lørdag 14. august 2010

Trekasse styling

På Plantasjen i forgårs kjøpte eg denne trekassen til 129 kr.
Likar so godt desse kassane, uten at eg alltid veit heilt ka eg skal bruke dei til☺


Plutseleg kom eg på at den treng jo ikkje ligge på eit bord eller ei hylle.
Eg kan jo sette den på høgkant!!☺
Og plassen vart bak mitt fake oliventre.
Dette treet har ikkje heilt funne sin plass i stova, men etter at eg satte det i ei sink urne frå KID trur eg at eg er fornøgd☺
(skal bytte ut potta oliventreet står i, må bere finne nåke det kan stå på i sinkurna-for treet er ganske lite)

....oversjå platene på bildet til venstre er du snill-mdf plater som står her av praktiske grunnar☺


Satte kassen bak oliventreet, slik at den står og kviler på sinkurna oppetter veggen og vitrineskapet mitt.
Stæsja den med nokre småting-bokstavane til min kjære, eit vintagekort og bokstav sjablongar A-Z kjøpt hos  Lobelia.


Vart ganske fornøgd☺
....både med ideen og dekorasjonen i heilheit☺



Til slutt i går kveld kom eg på at ein av wallstickerane frå HildeHeimdal kunne passa på kassen☺
Bonheur betyr lykke-viss eg ikkje huska feil....
Prikken over I en på ein heller "kjedeleg" trekasse☺


Vi får sjå kor lenge den blir ståande der☺
Vertfall til eit praktisk behov for ein slik kasse dukkar opp☺


Eg må få takke for alle fine kommentarar ang pyntinga til Elias sin dåp og dåpskjolen☺
Blir glad for alle sammen♥


God lørdag alle sammen!

lørdag 3. juli 2010

Wallstickers

Eit varmt og klamt sommarinnlegg frå meg idag
fortsatt med dundrande hovud-og nakke verk
men fri for influensaplager

Har kjøpt meg nokre plakatar frå Snostorm
Blandt anna denne Keep Calm plakaten i grått.
Kjøpte og nokre alfabet plakatar til mine søte små i tilleg til ein rosa og ein lyseblå 9x14 str av Keep Calm til kvar av dei. Kjøpte og ein stor rosa Keep Calm til meg sjøl sia eg ikkje klarte å velge...☺
Anbefalar ein titt innom Snostorm-masse fine plakatar til ein fin peng☺

På torsdag fekk eg ein pakke i posten frå HildeHeimdal.
Bestilte ganske mange(☺) wallstickers frå ho for ei veke sidan.
Denne kosekrok wallstickeren fekk eg lagd på bestilling.



Og den er plassert i kosekroken min☺
Kjøpte den i grått og den passa jo perfekt ilag med plakaten frå Snostorm☺


Denne wallstickeren kjøpte eg også frå Hilde.
...mitt vakre hjem...

Og denne som betyr "hjem"

Denne vintage stickeren fekk eg med på kjøpet-kjempekjekt☺☺
Syns den tok seg bra ut på stigen eg arva av bestefar♥


Møblane mine vart heilt anleis og mykje finare med wallstickers på-er kjempefornøgd☺
Har enno fleire stickers liggande som ventar på at møblar skal bli malt og rom skal bli pussa opp☺
 og fleire vil nok bli bestilt etterkvart☺☺

Ynskjer alle ein superfin lørdag☺
Vi skal ete pizza ala min kjære no