Viser innlegg med etiketten skeidar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skeidar. Vis alle innlegg

onsdag 8. september 2010

Hylle over sofaen

Endeleg!!
At det tar tid å bu seg inn når ein flyttar stemmer!
Etter å ha budd her eitt år har vi endeleg fått oss ei hylle over sofaen!
No er ikkje lenger veggen heilt tom, puh!
Men eit slit skulle det vere.
Gipsveggar er nåke ¤pip¤ har eg funne ut!
Gipspluggane eg kjøpte først vart for svake, og det vart superstygge hol i veggen :( 
Holdt på å gi opp heile prosjektet!
Men min kjære snekkerbror visste råd og kom med nokre gipspluggar som egna seg myyykje bedre☺☺
Og med hjelp frå han kom hylla endeleg opp på veggen


Kjøpte ei enkel hylle frå Ikea
og under limte eg veggord frå Hilde Heimdal(RokaDesign)


Litt forskjellig stæsj oppå hylla.
Ei lykt som har stått ute i sommar,
den er blitt litt rusten men det er jo berre fint

 

St.paulia i små pokalurner frå MesterGrønn.
Hadde desse i Elias sin dåp


Ei ramme med netting og ei snor til å henge opp småtterier frå Skeidar.


Og favoritt te lysestakane mine.
Syns det er so skjønne med blonder og hjertet som heng der


Det fine med hyller er at ein kan forandre på pynten når ein føler for det.
Syns det vart kjempekoseleg over sofaen no☺

No går turen ut i sola

Klem

søndag 27. juni 2010

Prinsesserommet har fått ein make over

Her er rommet til prinsessa slik det har sett ut sidan i januar.
Gipsplater på veggane er veldig fint, men lite praktisk når ein har lyst å henge opp ting.
Senga fekk ho til 2 års dagen, gardrobeskåpet fekk ho til jul i fjor og nattbordet har eg kjøpt på bruktbutikken og pussa opp.



Lenge har eg sett etter finare seng til prinsessa.
Har visst ka slags type seng, men ikkje klart å bestemme meg.
For nokre mnd sidan fekk dei inn ei ny seng på Skeidar, til introduksjonspris.
Akkurat slik eg har villa hatt til prinsessa!!
Det som er so bra med denne er at du kan slå den ut til 160 cm seng☺
Perfekt for overnattings gjestar☺
So i dag har min kjære stått i timesvis og montert seng☺
Flinke mannen min♥

Har også hatt ferdigmalte panelplater på veggane.
Desse spikra pappaen til min kjære opp då foreldra hans var på besøk her i mai.
Kjempefint-og endeleg kan vi henge opp bilder, speil og hyller på veggane uten å vere redde for stygge store hull☺

So fint og koseleg det vart på prinsesserommet no♥
Her går det i rosa og kvitt☺


Englevingene passar på prinsessa når ho søv.
Bokstavane over senga er eg kjempefornøgde med!!
Dei er bestilt av Ida som har bloggen Drømmar om vitt och shabby.

 

Veggord som eg vann frå Hilde Heimdal sin nettbutikk☺☺
Er kjempefornøgd, syns det vart veldig dekorativt over senga til prinsessa.
Hilde sin nettbutikk MÅ du ta turen innom, masse fint☺
Kan røpe at eg ventar enda ein pakke derifrå om ikkje so lenge-gleda meg, hihi☺


Putene med stjerner er kjøpt på KID og hjerte putene er kjøpt på IKEA.
Sengesettet og pleddet er også frå KID.
På bildet til høgre kan du helse på Bæsn.
Den bamsen fekk ho av pappaen sin den dagen ho vart fødd og den har sia då vore hennar beste venn
Den har ho hatt med seg kvar gang ho skulle sove eller når ho ville kose. ¨
Siste tida har den ikkje vore so viktig , og om ho gløymer den enten her eller hos pappaen får ho sove likevel.
Navnet fekk den fordi det var slik ho sa Bamse då ho var lita☺
Den har fått diverse "småsår" oppgjennom åra, til og med plaster har den hatt på☺

 

No gledar eg meg til prinsessa kjem att imåra etter ei veke hos pappaen.
Spent på ka ho vil seie☺
Ho veit ho får ny seng, men sist ho var her stod nye senga i gangen-i eska, den gamle senga hennar var satt på gjesterommet og ho sov på madrass på gulvet-nåke som forøvrig var ganske stas syns ho☺
Får tru ho like senga betre enn madrass på gulvet...hehe☺
No gjenstår det å ta resten av rommet-den delen bak kamera...☺
Når nåke er forandra får eg lyst å forandre heile rommet☺
Nåke skal malast, nåke skal ut av rommet og nåke er bestilt på nettet....☺

Håpe alle har hatt ei fin helg☺
Vi har bere vore heime.
Kosa oss med Elias, litt shopping, trilletur, god mat, snop, og litt husarbeid-som ein visst aldri kjem utenom...☺
Ny veke-nye mulegheiter!!

tirsdag 1. juni 2010

Sommar og sol♥

Det er eit aldeles nydeleg vær her for tida
Sol, blå himmel og varmt
Nyter dagane i permisjon
Tirsdag er prinsessa sin fridag frå barnehagen
so vi gjekk tur på formiddagen
Prinsessa syns det er kjempekjekt å trille broren på tur
Etterpå kosa vi oss i sola på verandaen
med appelsinjuice med isbitar og ei gulrot


For nokre innlegg sia viste eg eit bilde og spurde om dåke skjønte ka vi hadde gjordt på verandaen...
Ikkje mange gjetta, eller prøvde å gjette for den saks skyld...☺
Men her er eit bilde av det vi har gjordt
Vi har satt opp ein paviljong
kjøpt på Skeidar på salg i fjor sommar
Er kjempekoseleg å sitte der om kveldane
eller om dagen viss det blir for varmt i sola
Og so skjermar den for innsyn som lett blir når ein bur i burettslag
Her vert det nok mange koselege kveldar med mat, prat og berre avslapping framover☺
Har ikkje fått styla den ferdig enno
men eg har no slikt å gjere på når eg er heime i permisjon☺

Nokre hagebilder.....

Er det like fint vær der du er som her på vestlandet???
Håpar det!!
Nyt tirsdagen
Idag begynner vel eit hageprogram på NRK1 viss eg ikkje huska feil....
☺☺

søndag 16. mai 2010

Uteområdet

Eit bilderas frå uteområdet på baksida av huset.
Som nevnt treng terassen vaskast, pussast og malast.

Her ser du den rhododendron eg viste bilde av i eit tidlegare innlegg, som eg trudde vart rosa sjøl om bilde på planta viste at den skulle vere kvit...den ser ut til å bli kvit☺ Var nok bere skudda som hadde rosa skjer☺ Puh!!
Urnene rhododendronen står i er kjøpt på Plantasjen.
I bakgrunnen står det to urner kjøpt på KID.
Litt usikker på ka eg skal plante i dei....
japansk kirsebær tre eller epletre
eller begge deler...
Tips???
Ein sinkbalje frå Kremmerhuset har fått to små lilla rhododendron i seg og nokre stemorsblomster. Vannkanna er og kjøpt på Kremmerhuset.
Og dei to små urnene er samme serien som dei store eg viste over her, kjøpt på KID.
I dei lurer eg på å plante hortensia eller små vintergrønne trær på stamme.
Eller kanskje berre nokre sommarblomster.
Tips???
Til venstre er ei KID potte(igjen-ja eg kjøpte ein del slike☺-og fleire kunne eg tenkt meg☺)
I den har eg planta ein mini syrin med rosa blomster-ukens plante på Plantasjen.
Plantasjen har alltid ukens plante og blomst-anbefalar å sjekke desse tilbuda, eg har kjøpt ein del av dei og har spart litt pengar på det ja☺
Til høgre er ei stor urne eg kjøpte på salg på Bohus i fjor høst. Den har eg planta to kulethuja på kvar side av eit magnolia tre-også kjøpt på Plantasjen som ukens plante.
To stolar kjøpt på Skeidar til 50 kr pr stk-pga kosmetiske feil.
Men eg syns det er fine og gode å sitte i er dei og☺
Uff...det ser jammen grått og trist ut her...jaja, det skal bli bedre!!
Det spirer i beddet vertfall☺
Denne stauda kjøpte eg på Plantasjen i fjor, kjem ikkje på det norske navnet.
Her er ei dverrogn som held på å sprette ut med blomster. Kjøpte den i fjor so glede meg til å sjå korleis den blomstrar.
Denne står oppi den store brune flettekorga på bildet med stolane frå Skeidar.
Her kjem litt bilder frå uteplassen på baksida av huset slik den ser ut no.
Har mange planar, må bere få tida mellom amming, soving, byssing og andre babyting til å sette igang med dei☺
Terassen skal som sagt malast-eg tenker ein grå farge hadde vore fint her.
Vi har ein paviljong som skal settast opp over utemøbelgruppa.
Dei store eskene på bordet innheld to amerikanske dekkstolar som skal skruast opp.
Og det skal plantast meir i krukker og bed, både fleirårige trær og planter og sommarblomster.

Elias Nathaniel har fått seg babygym og låg der for første gang i går kveld.
Han låg lenge og kika seg rundt.....
....men det mest spennande var å sjå på seg sjøl i denne spegelen
Tenk at han er 11 dagar allerede!!
Tida går so fort!
Vi kosar oss dagen lang, han er bere so god
På fredag vart han vegd av helsesøstra som var på besøk, og han hadde gått opp 410 gram på 6 daga so det spørs om det er fløyte iblanda morsmelka☺☺
Godt å vite at han får i seg mat vertfall!!!

Her tar vi det roleg dagen før dagen.
Ingen bunadskjorter som skal strykast, kun skjorta til min kjære.
Eg har valgt å ikkje bruke bunaden pga amming og prinsessa er hos pappaen.
Vi skal gå i tog med prinsessa og barnehagen hennar. Siste gang ho går i barnehagetog so då ville eg vere med.
Glede meg til å pynte vogna med ballongar og flagg☺
Om litt, når Elias har fått mat igjen og pappaen har våkna tar vi turen til Plantasjen og kjøper sommarblomster. Har venta til idag pga frosten, men til 17 mai må eg pynte litt uansett!!

Håpe alle har ei fin 17 mai helg og ikkje stressar for mykje med alt som skal gjerast klart til imåra-17 mai blir det uansett