Viser innlegg med etiketten spray. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spray. Vis alle innlegg

onsdag 2. november 2011

Før/etter rammer

Eg kjøpte nokre rammer på bruktbutikken for ei stund sidan. 
Syns dei var so fine!
Fornæmme fine fruer prydar.....



......ikkje veggen!
For eg har fjerna fruene, spraya rammene kvite og hatt inni bilder av mine fine små♥
Den eine ramma har eg rett og slett hatt rundt eit hjarte-litt mislykka- laga av washi tape limt rett på veggen.
Pynten rundt rammene var veldig sprø og knakk av på 2 av 4 rammer..derfor er den eine ramma slik som dette....


No skal eg hoppe i dusjen og gjere meg klar for cafèbesøk med ei super venninne♥
Deretter er det seinvakt.

Ha ein herleg dag der ute☺

Klem

fredag 8. oktober 2010

Før bilde? Nei det gløymde eg jo.....

...men viss eg seie at dette er opprinneleg ein messing lysestake so skjøne du kanskje korleis den har sett ut?
Eg har spraya den med hobbylakk frå Biltema.
Syns vertfall den vart kjempefin no☺
Trur eg må ha meg fleire slike☺


Denne lysestaken er kjøpt på bruktbutikken for ei stund sidan.
Var ein tur inn der idag og, og der var komt mange fine møbla som eg med ein gang kunne sjå for meg oppussa☺
Men kor skal eg gjere av alt eg har lyst på??!!
So eg gjekk fint ut att....
men klare ikkje heilt å sleppe tanken nokre av møblane....☺
To be continued..kanskje☺

God helg
til 
deg
og
dine

Klem

tirsdag 28. september 2010

Messing er ikkje heilt min greie

Desse lysestakane i messing kjøpte eg på loppemarked forrige helg.
Som nevnt i overskrifta er ikkje messing heilt "min greie"
meeeeeeeeeeeeeeeeeeeen...............


...........etter nokre omgangar med spray blir det kjempefint☺
Eg prøvde ut billakk frå Biltema denne gangen, 
men veit ikkje om eg merka nåke forskjell frå hobbylakk.
Kanskje holdbarheita er forskjellen??

 

Kvite lys med natursnor rundt.
Enkelt og dekorativt
-i mine auge☺


Foreløbig står dei på hylla over sofaen.
Lurer litt på om eg syns det er for mykje ting på hylla, men so lenge fargane harmonerar er det kanskje ikkje so verst...


Trur eg må få tak i fleire messinglysestakar, i ulike fasongar og størrelsar, og spraye kvite.
Er jo veeeeeldig dekorativt å samle slike på eit bord eller ein skjenk.
Og det er jo litt in i interiørverden og...jepp, eg lar meg inspirere nok ein gang☺

Eg har starta veka med å få vondt i halsen :(
Prøver å kurere det med te og min kjære sine halsdrops (skal kjøpe nye til deg☺).

And guess what!!??!!
Elias har fått to tenner☺
Dei to i midten nede.
Den andre kom fram idag☺
Soooooo søtt
Og litt tidleg trudde eg....4,5 mnd gammal... 
Han er litt sutrete, men er nok ikkje godt i gommane no nei, stakkars liten :(
Han måtte jo få seg ein tannkost kan skjønne☺
Denne har ein bitedel også, som kan vere godt når ein klør i tennene.
Skjønne lille gullet mitt



Sola skin frå blå blå himmel!
Ein nydeleg haustdag,
men eg merkar at eg ikkje likar denne kulden som er når sola ikkje varmar-litt tidleg å bli lei av kulden no, den er nok komt for å bli nokre mnd..brrrr :( 
Eg er vel mest eit sommarmenneske,
-ka er di favorittårstid?


Klem

tirsdag 6. juli 2010

Å fornye med spray....

....er genialt!!

Er kjempeglad for at eg fann ut at det fins spray.
Ein enkel og billeg måte å fornye ting som eg er lei av eller ting eg kjøper for å spraye.

Her er ein lysestake kjøpt på bruktbutikken.
Kjøpte to slike med den tanke at eg skulle spraye dei kvite.


Syns dei vart veldig fine!
Gjenstår berre å finne lys som passar å ha i dei...


Har også kjøpt meg ein "bilde holdar" som eg har spraya kvit.
Kjøpte to av denne og, ein for å spraye og den andre for å ha til julekort i jula-den er jo raud....
men jammen var eg ikkje so ivrig i sprayinga at eg spraya begge kvite uten å tenke over det...☺
Men kvitt er jo og fint til jul so det går nok bra☺


Den eine "bilde holdaren" har eg hengt over tv`n.
Enno ikkje hatt verken bilde eller kort i den
men den var egentleg litt fin slik den var og; uten nåke i.
Den andre har eg hengt på verandaen og pynta med litt vintage bilder.


No er eg tom for spray og må ha meg ein tur på Europris snart☺

Her har det regna siste dagane-kjedeleg :(

Vi held på å rydde kontoret-og det er litt av ein jobb.
Sia vi flytta hit i fjor har det rommet blitt brukt til å hive ting inn på-alt mellom himmel og jord.
Men godt å vere i gang.
Driv og på med dåpsplanlegging-berre ein mnd igjen☺
Mykje som skal på plass, men det blir nok ein koseleg dag♥

Må stikke-ein liten svolten kar på leiketeppet☺