Viser innlegg med etiketten gjesterom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gjesterom. Vis alle innlegg

torsdag 17. juni 2010

Gjesterommet vert stæsja☺

Tidlegare i vinter malte vi, med hjelp av min pappa, tak, veggar og gulv på gjesterommet.
Her kan du sjå før bilder i innlegget eg skreiv i mars.
Er ikkje heilt ferdige enno; lister manglar fortsatt og døra skal bli kvit.
Men har fått pynta litt herinne.
Dette er egentleg berre ei midlertidig dekorering.
Meg og min kjære skal ha dette som vårt soverom når Elias skal vert stor nok til å sove på eige rom, han skal då overta soverommet vi har idag.

Anine får seg i dessa dagar ny seng-ho søv foreløbig på madrass på gulvet og syns det er kjempestas☺
Den gamle senga hennar er satt inn på gjesterommet-sjå kor lita og søt den vart når eg "slo den sammen"☺☺
Tenker å bruke den som gjesteseng inntil Elias kan bruke den.
Kanskje male den i ein fiiiin blåfarge☺
I taket har eg tenkt å henge Aslaug lampa eg vann i ein give away for litt sia, må bere få montert den ferdig først-TTT her i gården....☺
Bildet over senga er det min kjære som har malt♥


Jennylund stolen eg foreløbig ikkje har plass til i stova er plassert her.
Spegelen høyrer til skjenken i stova, men er usikker på om eg skal ha det opp...
Kanskje eg skal male det kvitt??
Bildet er eit bilde eg kjøpte for maaaaaaaange år sia.
Har stått i boda ei stund, men hengte det opp her i mangel på nåke anna.
Veit ikkje heilt om eg likar det lenger...
Kanskje det blir bedre viss eg malar ramma??
Eit bord frå Bohus med litt stæsj☺


Egentleg blitt ganske koseleg her inne sjøl om eg kun har pynta midlertidig☺
Ein fin plass å sette seg i ro og fred om ein vil det☺
Har ikkje gjordt so mykje utav det sia eg veit at vi om nokre månadar skal bruke rommet som vårt soverom.
Men ser ikkje vekk frå at eg kjem til å kose meg med litt dekorering her inne likevel...☺

Idag skal vi på sommarfest i barnehagen til prinsessa...og typisk nok so regna det etter nokre dagar med herleg sol :(
Barnehagen er 5 år i år og det skal feirast.
Syns det er litt vemodig sia det er hennar siste sommaravsluttning i barnehagen...ho er blitt so stor!!
Mi lille jente er skulejente til høsten.....

Til deg som har sol idag-nyt den for meg og☺
Og til alle andre; gjer det beste utav dagen☺

torsdag 11. mars 2010

Gjesteroms oppussing

Før

mellom

etter

manglar lister og eit par strøk til rundt vinduet.
men er blitt myyyykje finare syns eg☺
gleda meg til å innrede☺☺


søndag 7. mars 2010

Maling av tregulv

I går begynte vi på gulvet på gjesterommet. Endeleg!!! Min kjære var so flink å støvsuge, vaske, pusse, vaske, og malte eit strøk. Neste strøk idag når han kjem att frå treningskamp. Eg diggar at det blir lysare☺☺
Dette bildet vart tatt før vi begynte på gulvet. Veggane vart malt forrige veke. Kan du tenke deg korleis rommet såg ut, trekvitt frå topp til tå? Får gåsehud av tanken....

Vi endte opp med å bruke latte fargen-håpa ikkje vi angra på det.

Søndag-eg er heime åleine. V-cup på TV. Denne veka skal eg prøve jobbe litt igjen-siste innspurt før permisjonen begynner☺

Nyt søndagen alle sammen☺