Viser innlegg med etiketten prinsesserom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten prinsesserom. Vis alle innlegg

fredag 7. januar 2011

Nib utfordring-barnerom

Prinsessa sitt rom
Rosa og fint
Lar bilda tale for seg

 








 

Lykke til til alle som er med i Nib utfordringa!
Gleda meg til å sjå mange fine barnerom

Klem

tirsdag 30. november 2010

Juletre på prinsesserommet

Prinsessa har pynta juletreet på rommet sitt☺
Kjøpte det ifjor på Plantasjen og 
gleda seg masse til å pynte det i år igjen☺


Kulene i alle mulege farga vi kjøpte ifjor har vi ikkje funne,
men desse som eg kjøpte på salg etter jula i fjor var mykje finare☺
Hadde egentleg tenkt å ha dei på eit tre sjøl, 
men prinsessa vart veldig glad då eg sa ho kunne få dei☺


Her er treet i all sin prakt☺
Kvitt og raudt!


No er det leggetid for små barn,
og ikveld er det Greys Anatomy for store jenter☺

Klem

lørdag 30. oktober 2010

Skatoll før/etter

Dette skatollet fann eg på facebook si kjøpe selge gi bort gruppe her eg bur.
Var so heldig at det var under "gi bort" kategorien☺☺
Leeeeeeeeeeenge har det stått umalt, men for eit par veker sia fekk eg ånda over meg og tok fram malekost og kvitfarge☺
TTT her i huset


Og slik ser det ut no
Syns sjøl det vart kjempefint!!
Prinsessa har fått den som leksepult☺
Ho er hos pappaen no so ho har ikkje sett det ferdige resultatet☺



Stolen som står her er den eg kjøpte på bruktbutikken for nokre veker sidan.
Den skal vi male rosa og finne eit fint stoff å trekke om setet. 

Glassknottar frå Ebay.
Desse valgte prinsessa ut sjøl-akkurat som eg skulle gjordt det sjøl hehe☺


På skuffene har eg limt tapet frå Pip.
Denne tapeten er ein av dei eg fekk i posten frå Inreda-som eg skriv om i dette innlegget.
Vart det ikkje fint vel??☺
Eg er kjempefornøgd! 


Og eit glass fekk resten av tapeten rundt seg-matching er viktig ska vite☺


Her er lampa eg kjøpte på loppemarked for 20 kr forrige helg-passe heilt perfekt inn her!
Akkurat samme farge som tapeten☺
Ment to be
I ramma ser du skulebilde av skjønne prinsessa mi


 Til bursdagen fekk ho Top model bok (superpopulært blandt jenter på hennar alder! Julegåvetips?) og glansbilde bok-har lagt desse klar til ho kjem att til oss☺
Håper ho vil trivast i kroken sin


Eg lurer på å ha voksduk på skrivebordsplata, men kanskje det blir litt mykje med tapet og voksduk... 
Men tenker at det er praktisk mtp tegning, maling osv...
Ka du trur??


Må i samme slengen vise den supersøte GreenGate vekkerklokka ho fekk frå broren sin til bursdagen-sjølsagt innkjøpt av mammaen sjøl...☺
Den har søstra mi kjøpt hos Fru Dahl på Fauske og fått sendt ned hit. 


Frå og med idag har min lille familie 9 heile fridagar ilag♥
Min kjære har den 5 ferieveka neste veke. 
Vi tek prinsessa ut av skulen og tar turen til familie i Oslo-gleda oss masse til det☺
Slappe av, kose oss, vere ilag, shoppe, ete god mat, besøke venna....☺
Og med heim igjen blir eit Finn kjøp som mi snille svigerinne har henta til meg i Asker☺☺

Tusen takk for alle kommentarane til "hei" innlegget mitt-koselege dåke er♥

Har du helgeplanar?
Håpe uansett at du får ei superduper helg

Klem
PS: eg er glad det var eg som stod opp med Elias idag for i natt skal jo klokka skruast ein time tilbake....☺ Hihi....min kjære☺

torsdag 9. september 2010

Knaggar på eit prinsesserom

Prinsessa har fått seg nokre nye knagga på rommet sitt
Knagga er både fine og praktiske, får aldri for mange☺

Ein kroneknagg, som er pynta med hjerte eg kjøpte hos Bjørg sin bloggbutikk, Fjordbua.


På denne henger ho sekken sin når ho kjem heim frå skulen


Ei knaggrekke kjøpt for eit par år sia faktisk☺
Den er frå Sia og er kjøpt hos Confetti på Jessheim.


Den er hengt under settekassen eg har pussa opp til ho.
Foreløbig ingen anna funksjon enn til pynt☺


No er prinsessa nett henta på skulen og held på å ete litt før ho skal på dans☺

Sola SKIN og det er sommar som aldri før

Klem 

onsdag 18. august 2010

Settekasse før/etter

Settekassen eg kjøpte på bruktbutikken forrige veke har fått seg ein liten make over☺


Eg malte den kvit, 
og hadde Tilda ark inni nokre av romma
Faktisk ganske fornøgd med den☺



Den har fått plass på rommet til prinsessa.
Og er pynta med litt stæsj.
Er ikkje berre berre finne bittesmå ting til å passe inni her, men det dukkar nok opp litt etter kvart☺


Skulle hatt ein til, med litt blåfarga ark inni☺

Må bere fortelle:
lille Elias Nathaniel snudde seg frå rygg til mage igår
Stolt mamma☺
Og blikket hans då han var komt over på magen viste kor stolt han sjøl var og☺
Jammen flax at videokamera var close by, fekk det heile på film slik at pappen og fekk sjå det store augeblokket i alle foreldres liv når han kom heim frå jobb☺

Ein overskya varm dag idag.
Eg fortset på maleprosjekta mine☺

Nyt dagen!

Klem

søndag 27. juni 2010

Prinsesserommet har fått ein make over

Her er rommet til prinsessa slik det har sett ut sidan i januar.
Gipsplater på veggane er veldig fint, men lite praktisk når ein har lyst å henge opp ting.
Senga fekk ho til 2 års dagen, gardrobeskåpet fekk ho til jul i fjor og nattbordet har eg kjøpt på bruktbutikken og pussa opp.



Lenge har eg sett etter finare seng til prinsessa.
Har visst ka slags type seng, men ikkje klart å bestemme meg.
For nokre mnd sidan fekk dei inn ei ny seng på Skeidar, til introduksjonspris.
Akkurat slik eg har villa hatt til prinsessa!!
Det som er so bra med denne er at du kan slå den ut til 160 cm seng☺
Perfekt for overnattings gjestar☺
So i dag har min kjære stått i timesvis og montert seng☺
Flinke mannen min♥

Har også hatt ferdigmalte panelplater på veggane.
Desse spikra pappaen til min kjære opp då foreldra hans var på besøk her i mai.
Kjempefint-og endeleg kan vi henge opp bilder, speil og hyller på veggane uten å vere redde for stygge store hull☺

So fint og koseleg det vart på prinsesserommet no♥
Her går det i rosa og kvitt☺


Englevingene passar på prinsessa når ho søv.
Bokstavane over senga er eg kjempefornøgde med!!
Dei er bestilt av Ida som har bloggen Drømmar om vitt och shabby.

 

Veggord som eg vann frå Hilde Heimdal sin nettbutikk☺☺
Er kjempefornøgd, syns det vart veldig dekorativt over senga til prinsessa.
Hilde sin nettbutikk MÅ du ta turen innom, masse fint☺
Kan røpe at eg ventar enda ein pakke derifrå om ikkje so lenge-gleda meg, hihi☺


Putene med stjerner er kjøpt på KID og hjerte putene er kjøpt på IKEA.
Sengesettet og pleddet er også frå KID.
På bildet til høgre kan du helse på Bæsn.
Den bamsen fekk ho av pappaen sin den dagen ho vart fødd og den har sia då vore hennar beste venn
Den har ho hatt med seg kvar gang ho skulle sove eller når ho ville kose. ¨
Siste tida har den ikkje vore so viktig , og om ho gløymer den enten her eller hos pappaen får ho sove likevel.
Navnet fekk den fordi det var slik ho sa Bamse då ho var lita☺
Den har fått diverse "småsår" oppgjennom åra, til og med plaster har den hatt på☺

 

No gledar eg meg til prinsessa kjem att imåra etter ei veke hos pappaen.
Spent på ka ho vil seie☺
Ho veit ho får ny seng, men sist ho var her stod nye senga i gangen-i eska, den gamle senga hennar var satt på gjesterommet og ho sov på madrass på gulvet-nåke som forøvrig var ganske stas syns ho☺
Får tru ho like senga betre enn madrass på gulvet...hehe☺
No gjenstår det å ta resten av rommet-den delen bak kamera...☺
Når nåke er forandra får eg lyst å forandre heile rommet☺
Nåke skal malast, nåke skal ut av rommet og nåke er bestilt på nettet....☺

Håpe alle har hatt ei fin helg☺
Vi har bere vore heime.
Kosa oss med Elias, litt shopping, trilletur, god mat, snop, og litt husarbeid-som ein visst aldri kjem utenom...☺
Ny veke-nye mulegheiter!!