Viser innlegg med etiketten prinsessa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten prinsessa. Vis alle innlegg

mandag 27. august 2012

Tavle/magnetmaling-it works ☺

Old news for dei som følger meg på Instagram-men her er also tavle/magnetveggen eg har mala.
Kjempekjekt med ein slik vegg til lappar og beskjedar, eller nokre fine ord til kvarandre☺
Var litt spent på om den virka, men jammen gjorde den det☺


Denne lille veggen er perfekt for slik maling-den var ganske "ubrukeleg" til andre ting.


Mine to søte små syns det var veldig kjekt med tavlemaling på veggen☺


Laaaat dag-heime med to forkjøla små og er litt småforkjøla eg også :(
Nattevakt i natt og neste-håpe dei går foooort!

Har ein følelse av haust ute idag....altfor tidleg syns eg, sjøl om hausten er ei fin tid. Føler meg ikkje ferdig med sommaren og varmen enno.
Ser fram til bryllupsreise til Kroatia om 3,5 veke♥

Klem
♥

søndag 23. oktober 2011

Borddekking til prinsessa sin 7 års dag☺

Ei helg med feiring for 7 åringen vår er over♥
Kjempekoseleg, men også litt travelt å feire bursdag i 3 dagar til ende☺
Fredag var det vår lille familie som feira med å ete pizza på Dolly og kose oss, laurdag var det ungane i nabolaget først og eit vennepar etterpå og idag var det besteforeldre og ein onkel som var her på middag og kaker.


Her kjem eit bilderas frå borddekkinga☺
Det gjekk i råsa☺









Muffins med den godaste smørkremen-som eg måtte google fram i all hast då eg hadde blingsa med antall dl vatn i den toppingen som var med toro pakken☺ Men kjem nok til å lage denne neste gang også☺


Ei bursdagsjente som glede seg til selskapet skal starte♥




Ny veke-nye mulegheiter☺
Har di helg vore fin?

Klem
♥

onsdag 12. oktober 2011

Barnebursdag-inspirasjon

Prinsessa mi blir snart 7 år 
og gledar seg veldig til bursdagsselskap☺
Eg leitar etter inspirasjon til borddekking, kaker og pynt ellers.

Kjempefine rosa glasskonfetti strødd utover bordet er veldig fint.


Rosa papir lanterner i taket....☺




Søte rosa hjerteballongar.


Litt glitter og glam☺


Fruktspyd er jo både lekkert og sunt☺



Nydelege muffins!☺
...er vel nesten eit must det☺


Kjempefine rosa detalja☺



Konfetti til å dekorere bordet med.


Rosa pikekyss☺


Rosa Gerbera!
Kjempefin☺


Ein rosa voksduk hadde ikkje vore dumt på bordet under eit barneselskap nei...☺


Dekorerte kvistar-smart! og ballongar.


Prinsessedetaljar☺


Eg har mange idear-får sjå ka det blir til☺
Prinsessa ha jo planlagt Hannah Montane tema☺☺


....alle bilda er henta frå google.no
viss du ser ditt bilde her, og ikkje vil eg ska bruke det so sei frå so tar eg det vekk☺

Kom gjerne med din inspirasjon til barneselskap☺

Idag og imåra er det planleggingsdagar i bhg; min kjære er på jobb på dagen og eg ska jobbe om kvelden-slik blir det når ein må få ting til å gå opp☺

....håpe mange har fått med seg at eg har bytt bloggadresse....
Legg gjerne igjen ei helsing for å vise at du har sett dette innlegget☺

Klem
♥

tirsdag 7. juni 2011

Ei fin helg☺



Er det plass til meir regn der oppe????
Det bøttar ned for tida-sommar?? NOT!!

I helga var det strålande sol☺
Og kjekt var det for eg var i utdrikningslag til finaste Jenny♥
Storkosa oss med champagnefrukost, fotoshoot, spa, middag, festitivas og ei nydeleg brud to bee☺



I går kveld var vi og såg prinsessa danse♥
Dei er so søte og flinke at det er heilt utruleg☺
Utkledde som fine kattar dansa dei til kul musikk☺



Syns det er so kjekt at ho likar seg på dansen og vil fortsette med det-der eg budde då eg var lite fantest det ikkje slikt tilbud, og dans har eg alltid likt.

Har massevis av interiørting eg kunne styrt med-men energien er ikkje heilt tilstades... Og ikkje er det so lett å begynne med store maleprosjekt med prinsen gåandes rundt føttene mine heller☺
Men hovudet er ikkje tomt for planar fordiom☺

Håpar ikkje alle regnar vekk for tida....

Klem
♥

tirsdag 3. mai 2011

Fotballjenta mi♥

Anine er for første gang med og spelar fotball☺
På onsdag var første trening,
og i går var første kamp☺
Stolt jente med draktnr 8☺


Med 12 førsteklasse jenter på bana vart det fort møljefotball, men kjempekjekt og ikkje minst spennande å sjå på☺
Mammaen vart ein smule engasjert ja....☺
Her har prinsessa scora kampens første mål☺ ¤stolt¤
Ho scora også kampens andre mål☺
Laget hennar vann til slutt 5-2☺


Ha ein del ting eg skulle vist fram her...men forkjølelse og pollenallergi har satt sitt preg på kvardagen :(
Kjem sterkare tilbake☺
Været er nydeleg for tida, sol frå blå himmel-hadde det bere ikkje vore for pollenet i lufta hadde det vore perfekt!

Idag skal terrassen beisast☺

Ha ein nydeleg dag☺

Klem
♥

fredag 18. februar 2011

Karneval på skulen idag, 
og mi lille datter som i alle år har vore prinsesse på karneval har kledd seg ut som heks denne gangen☺
Første gang skulejente på karneval, 
og no skal dei ha med seg pengar til lotteri å greier-merkar det er annleis enn i barnehagen ja☺

(edderkoppane i panna var veldig viktig å få med☺)


H E L G
♥
Har du planar for helga?
Vi skal slappe av og håpe på finvær!

God helg☺

Klem
♥

tirsdag 25. januar 2011

Mi vesle danseprinsesse♥

Må bere vise bilder av prinsesse Anine♥
Dansegruppene der ho dansar hadde forestilling i går kveld,
og det var kjempekjekt å sjå på dei☺
Kvar gruppe hadde ca 3-5 min på scena, 
gutta og jenter,
frå 5 til 16 år.

(Beklager uklåre bilder,
eg får ikkje til å ta gode bilder av bevegelse...
tips anyone????)



Her takkar dei for seg etter 1,5 time forrykande danseshow☺


Heile gjengen☺


Kontoret/hobbyrommet har fått veggar, gulv og lister rundt vindu, dør og gulv☺
No skal vi male paneltak og vinduskarmar.
Og so skulle vi vore ein tur til Ikea og kjøpt litt oppbevaringshyller og stæsj...☺
Gleda meg til å ta det i bruk!
☺

Her har regnet tatt seg ein pause og det er kaldt vintervær idag.
Frå gammalt av heiter det at det været som er idag seier noko om sommarværet-og det lovar bra☺

Nyt dagen alle sammen☺

Klem
♥