Viser innlegg med etiketten trapp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten trapp. Vis alle innlegg

lørdag 28. august 2010

Tett trapp♥

ENDELEG!!!!
Min snille snille bror var her idag og tetta igjen trappa vår!

Her er trappa for nokre timar sidan....


Og her er trappa no...


Vi har brukt hobbyplater til å tette igjen med.
Ein billeg og enkel måte (vertfall enkelt for broren☺) og få tett trapp på.
Merkar at den knirka litt meir no men det betyr ingenting so lenge trappa er tett og kvit..☺

Eg er strålande fornøgd
☺☺☺


Stille og roleg lørdagskveld hos oss.
Prinsessa er oppe so lenge ho vil (akkurat no leikar ho kveps...☺), prinsen søv, min kjære les aviser og eg bloggar

Håpe DU har ein fin kveld

Klem 

onsdag 25. august 2010

Trappetepper

Hadde egentleg bestemt meg for å ikkje ha teppe i trappa, 
men då eg såg at den nymalte trappa vår fekk litt riper av trakking opp og ned fann eg ut at tepper it will be!!
Desse her bestilte eg for ei god stund sia frå Ellos.
Har laga eit innlegg om trappa før/etter maling, det kan du sjå her . 
Planen er å tette trappa igjen.
Plater er kjøpt, og på lørdag-trur eg☺-kjem min snille snekker bror og hjelper meg☺


Syns egentleg at slike tepper sjelden er fine,
men dette teppet her er eg veldig fornøgd med☺


Vi har hatt kjempekoseleg besøk av min kjære sin kompis med kjæreste i helga☺
Dei reiste idag tidleg, heim til Danmark.
Har kosa oss med god mat, MASSE snop☺, samtalar og seine kveldar med kortspel☺

Vi er godt igang med kvardagen etter ferien; min kjære har si 2 jobbveke og prinsessa trivst på skulen☺
Og hausten er komt; det regnar og er skikkeleg grått ute.
Innbyr til levande lys, pledd og ein kopp te om kvelden♥

Ynskje alle ein fin onsdag

Klem

onsdag 11. august 2010

Nymalt trapp

Må bere vise trappa vår☺

Før:

 

Etter:




Min pappa var her å malte trappa mens vi var på ferie☺
Og rekkverket rundt trappehullet er blitt heilt tett og malt kvitt☺
Det gjorde min bror og kjæresten til søstra mi mens pappa mala☺
Manglar topplist, men det kjem når eg finn den rette☺
Kan tru det var spennande å komme heim får ferie☺☺
På veggane i første etasje er det satt opp ferdigmalte mdf plater.

Glede meg til å få nye dører og malt gulvet-då blir gangen fin☺

Føler endeleg for å pynte i trappa



Vi har besøk av ein kompis av min kjære. 
Ungane er lagt, 
og landskamp står for tur☺

Ynskje alle ein fin kveld