Viser innlegg med etiketten tapet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tapet. Vis alle innlegg

fredag 11. oktober 2013

Hay Dont Leave Me

Er så fornøgd med det nye bordet mitt!
Tenk at eg i heile tatt var i tvil om eg skulle kjøpe det.
Eg har både bestemt meg og ombestemt meg, men når eg fekk eit gåvekort i sommar var eg snar med å bestemme meg for at dette bordet skulle eg ha likevel.



Favorittkroken min☺


Pynta det med hodeskalle i gull frå Kremmerhuset, kobberhus frå Bloomingville og ein lysestake eg har spraya med kobberfarge.




Fredag og helg♥
Og fri!
No skal eg hive meg rundt mens lysten er tilstades og reise på Puls og trene litt. 

♥ God helg ♥

lørdag 16. mars 2013

 Details









søndag 10. mars 2013

Før/etter: tapet

Følte for ei forandring i stova.....igjen ☺
Og ny tapet var det som skulle til.
Digga mønsteret og fargane på denne tapeten frå FermLiving.
Syns det passe supert til resten av interiøret.


Slik såg det ut før.
Strikketapet frå Fargerike.


Nydeleg vintervær denne helga,
litt kjipt å ha arbeidshelg...men sånn er det med turnusliv☺
Seinvakt next!

onsdag 29. februar 2012

Strikketapet på veggen

Endeleg har vi fått tapetesert med strikketapeten eg vann hos Fargerike for nokre mnd sia. 
Uvant, men veldig fin!




Den passa jo veldig fint til gråfargen vi allerede hadde malt eine stoveveggen med i fjor-ment to be at eg skulle vinne tapeten hihi☺


Klarer ikkje å bestemme meg for om eg skal ha noko på veggen eller om eg berre ska la den vere slik.
Og eg trudde eg hadde bestemt meg for ka slags farge eg skulle male skjenken i, men no er eg neimmen ikkje sikker på det heller lenger!


 Stova var mykje lunare no.


Og den blir so koseleg på kvelden, med levande lys tent.


Tapet er ein ganske enkel og ikkje nødvendigvis so veldig dyr fornyelse av eit rom! 
Fristar til gjentakelse-spørs ka min kjære seier☺

No er det seinvakt på meg snart.
Imåra skal det visst komme vår-vær☺ Herleg med sol og litt varme, fuglane kvitrar allerede☺

Klem