Viser innlegg med etiketten ordning og reda. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ordning og reda. Vis alle innlegg

mandag 18. april 2011

Ordning og reda-arkivskap

På kontoret/hobbyrommet skal det bli ordentleg praktisk!
-og fint og ryddig☺
Har leita etter eit arkivskap, fann eit på Ikea-men det var ikkje til salgs hos Ikea Åsane.
Gleden var derfor stor då eg fann eit på Finn.no-og til og med 5 minutt frå her eg bur☺
For nokre frå hundrelappar vart skapet mitt!
Og den perfekte fargen-matcha rommet perfekt!
4 store skuffer-goooood plass til alt vi måtte ha lyst å arkivere.


Nokre gamle mapper følgte også med.


To hyller og ei knaggrekke er komt opp på veggen,
kontoret begynner å ta form☺


Idag kom ei småforkjøla prinsesse heim til oss♥
Mens eg var på jobb tok ho å pynta stova til påske-so no er det påskegult her og der....☺☺
Ikkje akkurat som ho mor ville gjordt det, men prinsessa var veldig stolt og eg måtte skryte av ho☺ Kjekt at ho har pynte genet inne☺
Må også skryte av min kjære som vaska vindua i stove og kjøkken mens eg var på jobb☺

No er det Ungkaren på TV,
og solo i glaset-det er jo påske☺

Klem

torsdag 24. februar 2011

Praktisk er best!☺

Eg slår eit slag for alt som kan gjere kvardagen lettast muleg!
Praktiske løysingar er derfor nåke eg tenker mykje på.
På kontoret har eg sett inn ei sinktønne som eg brukar til å ha gåvepapir i.
Nedi bunn ligg det bobleplast og tynt papir til å pakke inn ting som kan knuse.

Ein liten skjønning som også syns det var stas med innpakkingspapir☺

VM er i gang og eg gleda meg☺
Vintersport på TV er supert!
Bere synd eg skal begynne på jobb igjen på mandag-skulle gjerne sitte heime og sett masse VM☺

Må bere sei til dei som har sendt meg lykkeønskingar ang MR; tusen takk!!☺
Og veit dåke; bilda viser tilbakegang frå sist MR☺☺
Eg er so glad so glad☺

No er det 3 minutt til sprint starten-heia NORGE♥

Klem

lørdag 29. januar 2011

Oppbevaring av viktige papir

Eg lurer på om det er nåken  som vil vise fram ka de oppbevarar t.d regningar, kvitteringar og andre viktige papir i slik at det vert ryddigt??


Vi skal til å rydde i alt kontor rotet vårt og eg vil gjere det både fint og praktisk.
Det er vel muleg vel?!?
Lagar du eit innlegg om dette i din blogg er det supert!☺
Men forklar gjerne i kommentar til meg og☺

Ps..TUSEN TAKK for alle fine kommentara om avis reportasjen min☺
Det set eg pris på-var jo ei veldig ny erfaring for meg, som både var skummel og spennande på samme tid☺

Ha ein fin lørdag,
du som kikar innom meg idag☺

Klem