Eit bilderas frå uteområdet på baksida av huset.
Som nevnt treng terassen vaskast, pussast og malast.
Her ser du den rhododendron eg viste bilde av i eit tidlegare innlegg, som eg trudde vart rosa sjøl om bilde på planta viste at den skulle vere kvit...den ser ut til å bli kvit☺ Var nok bere skudda som hadde rosa skjer☺ Puh!!
Urnene rhododendronen står i er kjøpt på Plantasjen.
I bakgrunnen står det to urner kjøpt på KID.
Litt usikker på ka eg skal plante i dei....
japansk kirsebær tre eller epletre
eller begge deler...
Tips???
Ein sinkbalje frå Kremmerhuset har fått to små lilla rhododendron i seg og nokre stemorsblomster. Vannkanna er og kjøpt på Kremmerhuset.
Og dei to små urnene er samme serien som dei store eg viste over her, kjøpt på KID.
I dei lurer eg på å plante hortensia eller små vintergrønne trær på stamme.
Eller kanskje berre nokre sommarblomster.
Tips???
Til venstre er ei KID potte(igjen-ja eg kjøpte ein del slike☺-og fleire kunne eg tenkt meg☺)
I den har eg planta ein mini syrin med rosa blomster-ukens plante på Plantasjen.
Plantasjen har alltid ukens plante og blomst-anbefalar å sjekke desse tilbuda, eg har kjøpt ein del av dei og har spart litt pengar på det ja☺
Til høgre er ei stor urne eg kjøpte på salg på Bohus i fjor høst. Den har eg planta to kulethuja på kvar side av eit magnolia tre-også kjøpt på Plantasjen som ukens plante.
To stolar kjøpt på Skeidar til 50 kr pr stk-pga kosmetiske feil.
Men eg syns det er fine og gode å sitte i er dei og☺
Uff...det ser jammen grått og trist ut her...jaja, det skal bli bedre!!
Det spirer i beddet vertfall☺
Denne stauda kjøpte eg på Plantasjen i fjor, kjem ikkje på det norske navnet.
Her er ei dverrogn som held på å sprette ut med blomster. Kjøpte den i fjor so glede meg til å sjå korleis den blomstrar.
Denne står oppi den store brune flettekorga på bildet med stolane frå Skeidar.
Her kjem litt bilder frå uteplassen på baksida av huset slik den ser ut no.
Har mange planar, må bere få tida mellom amming, soving, byssing og andre babyting til å sette igang med dei☺
Terassen skal som sagt malast-eg tenker ein grå farge hadde vore fint her.
Vi har ein paviljong som skal settast opp over utemøbelgruppa.
Dei store eskene på bordet innheld to amerikanske dekkstolar som skal skruast opp.
Og det skal plantast meir i krukker og bed, både fleirårige trær og planter og sommarblomster.
Elias Nathaniel har fått seg babygym og låg der for første gang i går kveld.
Han låg lenge og kika seg rundt.....
....men det mest spennande var å sjå på seg sjøl i denne spegelen☺
Tenk at han er 11 dagar allerede!!
Tida går so fort!
Vi kosar oss dagen lang, han er bere so god♥
På fredag vart han vegd av helsesøstra som var på besøk, og han hadde gått opp 410 gram på 6 daga so det spørs om det er fløyte iblanda morsmelka☺☺
Godt å vite at han får i seg mat vertfall!!!
Her tar vi det roleg dagen før dagen.
Ingen bunadskjorter som skal strykast, kun skjorta til min kjære.
Eg har valgt å ikkje bruke bunaden pga amming og prinsessa er hos pappaen.
Vi skal gå i tog med prinsessa og barnehagen hennar. Siste gang ho går i barnehagetog so då ville eg vere med.
Glede meg til å pynte vogna med ballongar og flagg☺
Om litt, når Elias har fått mat igjen og pappaen har våkna tar vi turen til Plantasjen og kjøper sommarblomster. Har venta til idag pga frosten, men til 17 mai må eg pynte litt uansett!!
Håpe alle har ei fin 17 mai helg og ikkje stressar for mykje med alt som skal gjerast klart til imåra-17 mai blir det uansett
☺ ☺ ☺