lørdag 31. januar 2009

siste dagen i januar...

idag vart eg ein del av norske interiørbloggar sin bloggliste :) jippi!! :) fekk med det ein plutseleg følelse av krav om meir interiørstoff og meir spennande blogginnlegg..men eg skriv på min måte og deler det eg føler av ting som skjer, tankar eg har og bilder eg tar. so får dei som liker det like det og dei som ikkje liker det får lov å la vere. eg er den eg er!

eg har vore på jobb idag. kom heim til pizza og rydda hus!! fantastisk deileg, tusen takk min kjære. han synest nok at eg har masa mykje om rot og rydding i det siste. men når det er ryddigt rundt meg er det ryddigt inni meg og...på ein måte :) dei som rotar ryddar etter seg. det prøver eg å følge.



http://miasinterior.blogspot.com/ har ein konkurranse på gang, som eg sjølvagt håpar å vinne :) dette er ein fin blogg med ein interiørbutikk full i fine ting :)



vurdera å skifte utsjånad på bloggen, igjen. synest kanskje det er litt vanskeleg lese den svarte skrifta på den rosa bakgrunnen?? vi får sjå.

lurer og på å forandre bloggnavn, har ein ide, men veit ikkje om den vert satt i verk.







no skal meg og min kjære ut å køyre litt, vi skal snike litt rundt eit hus som er til salgs....lyst på lyst på lyst på.... :)

ynskjer alle ein fin lørdag :)

torsdag 29. januar 2009

Konkurranse

denne bloggen har ein konkurranse no, med ein kjempekoseleg premie :)
http://cremeinterior.blogspot.com/

forøvrig ellers ein fin blogg å lese, med ein supernettbutikk!! :)

sånn bortsett frå å delta i denne konkurransen har eg hengt opp sølvspeilet eg kjøpte for nokre dagar sidan, det heng i gangen. etter prøving og feiling med spikar, skruar, hammar og skrujern var det endeleg på plass. ynskje meg drill....

ååååå!!!! idag er det tid for hjem på tv2 kl 20 :) var nett reklame for det!!



vore på salg på tingeling att idag. den interiørbutikken her som har opphøyrssalg. var 50% idag. kjøpte meg ein duk og tre oppbevaringsboksar-alltid kjekt å ha. skal ikkje sjå vekk ifrå at det vert fleire turar dit.

håper alle har ein fin torsdag, med levande lys. :o) :o)

onsdag 28. januar 2009

JIPPI!!!

min første utfordring!!! tusen takk http://herskapeligshabby.blogspot.com/ :) :)

utfordringa går ut på:

gå inn i bildemappa, velg mappe nr 6 og velg deretter bilde nr 6. legg ut bildet og forklar litt rundt bilde. etter det skal du velge 6 nye du vil gi utfordringa til, legg link til deiras blogg i din blogg og gi dei beskjed om at du har sendt dei ei utfordring :)

faktisk litt spent på kva bilde som er der sjølv.....





dette er eit bilde av min skjønne prinsesse Anine som sit i pysjen og ser barne tv ein morgon ilag med dukka :) alltid like kjekt mimre over bilder, og verte like overaska kvar gang over kor fort dei små veks til.....

gir denne utfordringa vidare til....

¤trommevirvel¤

..... http://putitinabox.blogspot.com/ ........ http://karnashus.blogspot.com/ ...... http://emmelines.blogspot.com/ ...... http://huldals.blogspot.com/ ...... http://juliehellevik.blogspot.com/ ....... http://stinemos.blogspot.com/

sorry...men får ikkje til å linke navnet til bloggen min...veit ikkje koffor... :o(

lykke til :)

ost, kjeks, druer, vin....

..og flotte rosa tulipanar var det som møtte meg då eg kom heim frå seinvakt igår...made by my darling :) snille guten min :) so vi kosa oss før leggetid :) deileg måte å komme heim på.



det er viktig å kose seg i kvardagen. åleine, eller med dei enn er glad i. akkurat no kosa eg meg....åleine. fotball-enke for ein kveld, min kjære har sin første kamp som trenar ikveld. so eg ser på 123 oppussing og tenner lys og fyrer i ovnen...og et kjeks og druer frå igår :)

har bytt ut bilde over sofaen....igjen :)



kjøpte eit sølvspeil i forgårs som eg har hatt so lyst på..men følte ikkje at det heilt passa inn over sofaen, so det treng ein ny plass. men kor???
so istadenfor å henge oppatt bilde som var over sofaen før tok eg eit bilde frå soverommet og hengte der. som igjen gjere til at eg treng nåke nytt på veggen på soverommet. kanskje speilet??? hm...må prøve og feile litt der tru eg :)

no skal eg begynne på ei arbeidsveke med 4 ekstravakter på rad, tilsammen vert det 6 vakter på rad. ikkje so uvanleg for meg vanlegvis. men første gangen etter at eg vart sjuk, so er spent på korleis det vil gå. eg kryssar fingrane for at det går superfint!!

håpe alle har ein fin onsdag. eg heiar på min trenar J og håper dei vinn kampen :)

tirsdag 27. januar 2009

Bakgrunnsforandring

skal snart på jobb. men alltid tid til litt blogging først. idag har eg bere snoke rundt i andre sine flotte bloggar. og sånn rett før eg må gå fekk eg lyst til å forandre utsjånaden på bloggen min. er så mange fine bakgrunnar å velge mellom, idag falt valget på denne svarte og rosa. ka blir det neste gang skal tru???



idag måtte eg sei hadet til amaryllisen min, den har gjordt sitt for denne gang. so no må eg tenke på kva som skal fylle plassen der den stod...hmmm???? :)

ha ein fin tirsdag alle sammen....nyt frustrerte fruer..eg får ikkje sett det idag...buhuuu :(

so long!! :)

søndag 25. januar 2009

Dagen derpå søndag




var på mamma mia fest i går, 70 talls kle og musikk. var kjempekjekt, men kjekkast på forspel. artig årstall 70 og 80 åra, verka på ein måte som alt var lov. fargar, mønster, korte kjolar og lange kjolar, bukser med sleng, kreppa hår i hestehale som sat skeivt på hovudet, perlesmykker og store øyredobbar. for menn var det dressar med magebelte, sløyfe og korte jakker som gjaldt. vi storkosa oss medan vi pynta oss etter alle kunstens reglar.
no sit eg og ser reprisen av spellemannsprisen, min kjære J laga ostesmørbrød til frukost til meg. handball kamp seinare.





fugleburet som eg kjøpte for ei stund sidan har eg pynta opp litt. med litt perler og ståltråd eg hadde liggande. skal ikkje mykje til for å forandre på ting, ein billeg måte å ikkje bli lei av det ein har.


håpe alle har hatt ei fin helg, og er klar for ei ny veke. ha ein fortsatt fin søndag alle sammen, nyt den.

ciao :)

fredag 23. januar 2009

Tingeling

det er helg, eg har fri, og det er deileg. skal kose oss heime, meg, min kjære og min lille prinsesse. imåra kveld skal eg mest truleg på mamma mia fest. 70 og 80 talls party med antrekk deretter og mamma mia singstar, og taco. trur det bli kjempekjekt!! :)
ikveld er eg og A heime åleine. J er på fotballtrening. kallar meg fotball-enke :) kosar meg likevel. A ser barne-tv no, eg bloggar og slappar av. tent lys i krikar og krokar.

salg er supert. litt trist når det er pga at ein interiørbutikk som skal legge ned, pga lite salg :( derav hovudoverskrifta: butikken heiter Tingeling. den ligg i ein del av byen som er fråflytta mtp butikkar, og det er ikkje lett overleve der, sjøl om det er ein koseleg plass med små butikkar, istadenfor stor handelshus som er andre plassar i byen. kanskje den hadde overlevd dersom den hadde flytta til eit av handelshusa?? ingen som veit, og det får vi heller ikkje vite.
men når det so er at det er salg er det jo sjølvsagt at eg må innom der. og det har eg vore. kjøpte meg litt ting og tang der. og litt julepynt som er lagt ilag med resten av juletinga, men litt anna og, som er tatt bilder av og visast under :)
mykje anna der eg har lyst på so skal ikkje sjå vekk frå at det vert fleire turar innom, før den legg ned for godt i slutten av januar....snufs.... :(



kjøpte meg also ei krone som eg har sett på lysfatet. nokre kuler av stoff, i grønt og kvite med roser på, og ein serviett holdar. ganske fornøgd :)

håpe alle sammen får ein fin fredag og ei koseleg helg :)

Klem :) :) :)

onsdag 21. januar 2009

husjakt...

vi skal på visning no!!! gledar meg. nåke av det kjekkaste eg veit å "snoke" i andre sine heimar :) men enda kjekkare sidan det er nåke som kan bli mitt og som eg kan gjere som eg vil med :)
her skal vi idag:
http://www.finn.no/finn/realestate/object?finnkode=16064459&sid=xz8rgabvcdA645378&WT.svl=Link

meeeeeen so er det slik at det er eit hus som det skal vere visning på om 2 veker..som eg har enno meir lyst på...so dilemma!!! skal eg ha is i magen og vente og håpe vi får det, eller skal eg legge inn bud på leilegheita vi skal sjå på idag viss vi likar den???
tenkte eg skulle ringe meglaren på huset imåra og spør om vi kunne få ta ein tidleg titt...slik at vi kan få sjå begge no og bestemme oss då for ka vi skal satse på.
her er huset:
http://www.finn.no/finn/realestate/object?finnkode=16106159&sid=xz8rgabvcdA645378&WT.svl=Link

spennande er det vertfall :)

ha ein fin kveld mine lesara :)

tirsdag 20. januar 2009

Amaryllis


Amaryllisen eg kjøpte i begynnelsen av desember blomstrar for andre gang no. den er so fin :)

sto tidleg opp idag, til tross for at eg har fri. A har fri frå barnehagen. ho har vore til tannlegen. ho var superflink, gapa med eingang ho kom inn døra hos tannlegen :) men jammen har ho ikkje eit hol i bakerste jækselen..vi skal tilbake og ordne det i februar. ho fekk med seg ein tannkost og ein lita tannkremtube heimatte, og so fekk ho fekk velge seg ein premie-det vart ei lita form ein legg på ark og tegnar inni, ein liten gris. so no sit ho og tegnar og syng, mens eg drikk te, ser god morgen norge og bloggar.

min kjære er så flink å kjøpe søte små ting....for ei stund sia fekk eg denne boka. har ikkje funne nåken fin plass den til den før i forgårs, no står den på peishylla mellom to blomster og med lys ved sia av. søte små ting fortjener ein fin plass.


skal bere kose oss heime idag, meg og A. J er på jobb. vi reiser kanskje og badar etterpå. det likar A so godt :)

ha ein fin tirsdag alle sammen :)

fredag 16. januar 2009







her er nokre bilder frå mine siste "fangstar":



ein liten blogg før 123 oppussing begynner på FEM, det må eg bere sjå. elskar interiør seria. min kjære er på fotballtrening og eg sit åleine heime og kosar meg so godt eg kan.
hatt besøk av min bror og mine foreldre idag. min skjønne datter inviterte dei på vafla og kakao :)
idag kom pakken frå boligfryd også :) flotte lysestakar og bokstaven A som er min datter sin. og nigella sin fine handlelapp som overaskande gave, tusen takk :)
kjøpte meg fuglehus på kid i forgårs, og ny vedpose på prinsess. fekk beskjed av min kjære at det kanskje var på tide å slutte handle so mykje nytt no, pga plass mangel..det er ikkje det at eg ikkje er eineg med han, det er bere ikkje so lett å la vere.... ska prøve satse meir på å få vaskerommet og gangen litt finare kanskje, so får stove og kjøkken ein pause.

frå og med i går er eg ikkje lenger sjukmld!!...skal ikkje jobbe nattevakter då men... :) litt skummelt sidan eg ikkje veit korleis kroppen vil reagere på å begynne å jobbe fullt igjen, men gledar meg til å teste meg litt...håpe det går bra.."krysse fingrar og tær"...

ha ein nydeleg fredagskveld!!! det er helg!!! eg skal på jobb imåra kveld då men....helg er helg uansett :)

onsdag 14. januar 2009

Trøst i mørket



Denne boka fekk eg frå kjæresten min i ventetida mellom at alle prøvar var tatt og diagnosen fortsatt hadde eit spørsmålstegn bak seg...

hjertelysestaken kjøpte eg i går. bere måtte. eg elskar hjerte-form <3



Dette flotte diktet vart sendt til meg av ei venninne....


LIVSSEILAS

Når børa kjenns tyngre enn du kan bære
så sett deg kun rolig ned.
Lat tanke og hug finne kvile, bak attletne
augo- et sted.
Tenk deg at du er ei lita fjør
på duvande lifsens hav-
Lat straumane føre deg kvar helst dei vil
Vær viljelaus, veik og svak.

Du treng ikkje alltid å væra sterk
for livet går fram likavel.
Sjølv om ferda kan synast vill og vond
under himmel svart og tung.
Så skiftar det brått mellom solskinn og regn,
og etter ei natt kjem dag.
I stormen finns også styrken du treng,-
Den blir din, når det stilnar av.
(Tove Sjursen)




idag skal eg på jobb, hatt fri ei veke no. eg kryssar fingane for at det går bra.
til min kjære: kos deg heime uten meg.
og til alle andre: ha ein strålande dag og kveld.

:o)

mandag 12. januar 2009

min elskede...


...kjøpte denne til meg i advents presang i desember...ein av 13 gåver :) likte den so godt!!! tusen takk min kjære <3

Jula er rydda ut...

litt bilder etter at julepynten er lagt vekk for denne gang....






...og sølvet er komt inn. med det meinar eg at eg har fått dilla på sølv, ikkje bere dilla men DILLA!!! eg saumfarar butikkar, både på internet og i butikkar i førde. kjøpt meg lysestakar og ein rund sølvvase, og fekk ei lanterne til jul i ein sølvlignande farge. på internet har eg kjøpt M og J sølv-bokstavkrokar.
det eg manglar, og ikkje finn, er eit stort sølvfat kor eg kan sette lys på og eit stort sølvspeil.
det var godt og trist på samme tid å rydde all den fine julepynten ned i kassa og stue det vekk på boda. trist fordi eg likar jula og fordi det er eit år til neste gang. og tanken på at alt det fine eg har ska ligge i mørke kassar og ikkje bli satt pris på før neste desember.
men godt å få tilbake golvplassen og kjempekjekt å få plass til det nyinnkjøpte. :)

no sit eg og min kjære og drikk te, han les avis og eg skriv blogg. vi skal sjå ungkarskvinnen no. vi likar begge to å sjå på det.

ha ein romantisk kveld alle sammen :)

lørdag 10. januar 2009

 
Posted by Picasa

torsdag 8. januar 2009

Nytt år, nye mulegheiter






2008 er ferdig og 2009 er plutseleg komt godt i gang.
sjøl om dei siste månadane av fjoråret enda med ein stor psykisk kræsj var det eit fantastisk år. at J pakka koffertane og flytta frå sitt elskede nord for å bu her med meg er det beste! mange koselege minner frå stunder med venninner og vennar, toppa av eit høgdepunkt då M og TI gifta seg ein nydeleg sommardag, og eg var forlovar. eit ærefullt oppdrag og ei erfaring å ta med seg. og ikkje minst verdens herlegaste lille jente, som er blitt so stor og klok.
alt i alt mykje å takke 2008 for, og opne dørene for 2009.

hadde ei fantastisk jul. meg og J for oss sjøl. A hos sin pappa. J innførte tradisjonen med lutefisk lille julafta, og eg må innrømme at det var godt. vi brukte dagen til å rydde, vaske og pynte til jul. tre nøtter til askepott, pinnekjøtt med alt av tilbehør og pakkar under juletreet på julafta. vi storkosa oss. og vi fekk utruleg mykje fine gåver frå familie og vennar. frå min kjære fekk eg videokamera!! hadde eg ikkje allerede vore på golvet då eg opna pakken hadde eg nok dåtte på golvet av overaskelse og stor stor glede.
late romjulsdagar med avslapping, besøk hos vennepar, julequiz, masse god mat, snop, litt jobbing for min del og fotball på tv for J.
nyttårsveka kom A til oss igjen, alltid fantstisk herleg! feira nyttårsafta hos B og T. kalkun(som eg smakte for første gang) og pinnekjøtt. ungane kosa seg med stjerneskudd og rakettar som vart skutt opp lenge før midnatt. A holdt ikkje ut til midnatt men hadde fått sin dose rakettar likevel.
meg og J si første nyttårsafta ilag <3

til helga skal vi rydde ut jula. ser og høyrer at dei fleste ha gjordt det allerede. men eg er vokst opp med 20 dag jul rydder jula ut. sjøl om eg på ein måte gleda meg litt til å rydde den ut so er det bere jul ein gang i året so då vil eg kose meg med julepynten so lenge eg kan. det er jo eit styr med å få på plass alt før jul og so plutseleg skal det ut att.

akkurat no sit eg skriv blogg og drikk te. A ligg ved sida av meg og ser tv. ho er sjuk stakkar. mange dagar med høg feber, men no forkjøla og slapp. veldig kjedeleg sia ho fekk seg nye kule frost ski til jul som vi hadde gleda oss til å prøve, men når snøen kom vart ho sjuk og vi har holdt oss inne. og no regnar det. typisk januar februar vær..gledar meg til det begynner bli vår. likar ikkje noko særleg desse første månadane av nye året. mørkt trist ustabilt vær. desto meir viktig at vi prøver vere flinke til å oversjå det og heller kose oss med det vi kan. eg gledar meg for eksempel til å kjøpe nye lys til sølv lysestakane eg nett har kjøpt meg, ein stooor golvstake og to bordstakar. fått dilla på sølv!! og lanterner!! fekk ei stor flott lanterne av bror min til jul. og det er jo no i mørke tider vi tenner lys. so det er vel litt opp sjøl å ikkje la det deprimerande været gå utover humøret.

imåra skal eg til akupunktur igjen, for fjerde gang. med rygg og nakke. det hjelper fantstiske bra, allerde etter første gangen. anbefalast!!

eg har ingen nyttårsforsetter, det har eg aldri hatt trur eg. men kanskje eg skal prøve å bli flinkare til å skrive litt meir regelmessig på bloggen min.
og so skal eg jo ta oppatt treninga på spenst, lei av å betale men ikkje trene no. og dessuten er det jo gunstig med tanke på MSn min, bygge muskulatur og balanse. kanskje vi sjåast på trening???

so long my friends!!! sit ei lita jente her som vil kose på fanget til mammaen sin so best eg avsluttar skrivinga for denne gang.