torsdag 8. januar 2009

Nytt år, nye mulegheiter






2008 er ferdig og 2009 er plutseleg komt godt i gang.
sjøl om dei siste månadane av fjoråret enda med ein stor psykisk kræsj var det eit fantastisk år. at J pakka koffertane og flytta frå sitt elskede nord for å bu her med meg er det beste! mange koselege minner frå stunder med venninner og vennar, toppa av eit høgdepunkt då M og TI gifta seg ein nydeleg sommardag, og eg var forlovar. eit ærefullt oppdrag og ei erfaring å ta med seg. og ikkje minst verdens herlegaste lille jente, som er blitt so stor og klok.
alt i alt mykje å takke 2008 for, og opne dørene for 2009.

hadde ei fantastisk jul. meg og J for oss sjøl. A hos sin pappa. J innførte tradisjonen med lutefisk lille julafta, og eg må innrømme at det var godt. vi brukte dagen til å rydde, vaske og pynte til jul. tre nøtter til askepott, pinnekjøtt med alt av tilbehør og pakkar under juletreet på julafta. vi storkosa oss. og vi fekk utruleg mykje fine gåver frå familie og vennar. frå min kjære fekk eg videokamera!! hadde eg ikkje allerede vore på golvet då eg opna pakken hadde eg nok dåtte på golvet av overaskelse og stor stor glede.
late romjulsdagar med avslapping, besøk hos vennepar, julequiz, masse god mat, snop, litt jobbing for min del og fotball på tv for J.
nyttårsveka kom A til oss igjen, alltid fantstisk herleg! feira nyttårsafta hos B og T. kalkun(som eg smakte for første gang) og pinnekjøtt. ungane kosa seg med stjerneskudd og rakettar som vart skutt opp lenge før midnatt. A holdt ikkje ut til midnatt men hadde fått sin dose rakettar likevel.
meg og J si første nyttårsafta ilag <3

til helga skal vi rydde ut jula. ser og høyrer at dei fleste ha gjordt det allerede. men eg er vokst opp med 20 dag jul rydder jula ut. sjøl om eg på ein måte gleda meg litt til å rydde den ut so er det bere jul ein gang i året so då vil eg kose meg med julepynten so lenge eg kan. det er jo eit styr med å få på plass alt før jul og so plutseleg skal det ut att.

akkurat no sit eg skriv blogg og drikk te. A ligg ved sida av meg og ser tv. ho er sjuk stakkar. mange dagar med høg feber, men no forkjøla og slapp. veldig kjedeleg sia ho fekk seg nye kule frost ski til jul som vi hadde gleda oss til å prøve, men når snøen kom vart ho sjuk og vi har holdt oss inne. og no regnar det. typisk januar februar vær..gledar meg til det begynner bli vår. likar ikkje noko særleg desse første månadane av nye året. mørkt trist ustabilt vær. desto meir viktig at vi prøver vere flinke til å oversjå det og heller kose oss med det vi kan. eg gledar meg for eksempel til å kjøpe nye lys til sølv lysestakane eg nett har kjøpt meg, ein stooor golvstake og to bordstakar. fått dilla på sølv!! og lanterner!! fekk ei stor flott lanterne av bror min til jul. og det er jo no i mørke tider vi tenner lys. so det er vel litt opp sjøl å ikkje la det deprimerande været gå utover humøret.

imåra skal eg til akupunktur igjen, for fjerde gang. med rygg og nakke. det hjelper fantstiske bra, allerde etter første gangen. anbefalast!!

eg har ingen nyttårsforsetter, det har eg aldri hatt trur eg. men kanskje eg skal prøve å bli flinkare til å skrive litt meir regelmessig på bloggen min.
og so skal eg jo ta oppatt treninga på spenst, lei av å betale men ikkje trene no. og dessuten er det jo gunstig med tanke på MSn min, bygge muskulatur og balanse. kanskje vi sjåast på trening???

so long my friends!!! sit ei lita jente her som vil kose på fanget til mammaen sin so best eg avsluttar skrivinga for denne gang.

2 kommentarer:

Anne Hilde sa...

koselig å lese bloggen din:)

Marny sa...

Takk :) kjekt med kommentarar!!