Her er helgas maleprosjekt; eit nattbord kjøpt for 50 kr på bruktbutikken. Prinsessa skal ha dette på rommet sitt. Held på å male det kvitt (sjølsagt), men prinsessa er lei av alt det kvite so tenkte eg skulle dekorere topplata med noko jentete. Eg lurte på å serviett dekor limt på med decoupage. Tar imot forslag med stor takk ☻ Skal også ha andre knottar på, viss eg ikkje limer eit serviett motiv der og.... Viss eg ikkje kjøper dei søte rosa knottane eg nettopp fann på Ebay....
Dette kjøpte eg på opphøyrssalg idag (måtte bere innom ein tur til..). Knottane skal eg ha på eit skap eg malte i sommar, men som har stått uten knottar til no.
Ein fuglematar fekk og vere med i posen, sjøl om eg trur knapt eg har sett ein fugl her heile vinteren. Tanken som tel, eller? ☻
Dette var gårskveldens prosjekt, ei ny eske vart dekorert med vintagebilder. Vart litt anleis denne enn den forrige eg laga, og eg trur eg likte denne best ☻
Denne supersøte engelen ba om å bli kjøpt av meg. Og eg klarte ikkje motstå! Syns den var so yndig der den sat og ba på sine knær ♥
Har gått og sett på desse englevingene leeeeeeeenge. Og med siste dag av opphøyrssalget klarte eg ikkje gå ut uten å ha dei med meg. Englevingene er hengt over senga til prinsessa. Var tenkt kjøpe eit par til slik at bebissen i magen kunne ha ein over si seng, men dette var siste dei hadde. Typisk meg å ska vente bere litt til..og so er det utsolgt, men fekk no tak i eit par heldigvis. So med ein engel i stova og englevinger over prinsessa si seng må vi jo bere føle oss godt passa på her ☻No skal de sleppe fleire opphøyrssalg innlegg frå meg☻, for denne gang vertfall, for idag var siste dag butikken hadde ope.
Skal hente min kjære på trenarkurs snart, so vert det spagetti og kjøttdeig-bestilt av prinsessa ☻ Etterpå vert det bere kos ♥
Nyt kvelden kjære bloggvenna ☻








Eit slikt bilde hadde eg aldri klart ta med digital-kamera mitt....

Spegelen er også ny, kjøpt på JYSK før helga. Spegelen som var der før var lite fin,(sjøl om min kjære syns den var kjempefin og skjønte ikkje koffor eg skulle byte den ut...kan det ha noko med at han måtte hjelpe meg med å henge opp den nye?? :)) Eg syns vertfall det kom seg masse på badet no :)
På Ebay har eg kjøpt wall stickers til prinsessa sitt rom. Ho fekk seg (endeleg) gardrobeskap tidlegare i veka og i går kveld limte eg på wall stickerane. Vart veldig søtt!! Og ho likte det og so då eg mammaen fornøgd :)



