lørdag 30. januar 2010

Prosjekt og salg

Her er helgas maleprosjekt; eit nattbord kjøpt for 50 kr på bruktbutikken. Prinsessa skal ha dette på rommet sitt. Held på å male det kvitt (sjølsagt), men prinsessa er lei av alt det kvite so tenkte eg skulle dekorere topplata med noko jentete. Eg lurte på å serviett dekor limt på med decoupage. Tar imot forslag med stor takk ☻ Skal også ha andre knottar på, viss eg ikkje limer eit serviett motiv der og.... Viss eg ikkje kjøper dei søte rosa knottane eg nettopp fann på Ebay.... Dette kjøpte eg på opphøyrssalg idag (måtte bere innom ein tur til..). Knottane skal eg ha på eit skap eg malte i sommar, men som har stått uten knottar til no.
Ein fuglematar fekk og vere med i posen, sjøl om eg trur knapt eg har sett ein fugl her heile vinteren. Tanken som tel, eller? ☻

Dette var gårskveldens prosjekt, ei ny eske vart dekorert med vintagebilder. Vart litt anleis denne enn den forrige eg laga, og eg trur eg likte denne best ☻Denne supersøte engelen ba om å bli kjøpt av meg. Og eg klarte ikkje motstå! Syns den var so yndig der den sat og ba på sine knær
Har gått og sett på desse englevingene leeeeeeeenge. Og med siste dag av opphøyrssalget klarte eg ikkje gå ut uten å ha dei med meg. Englevingene er hengt over senga til prinsessa. Var tenkt kjøpe eit par til slik at bebissen i magen kunne ha ein over si seng, men dette var siste dei hadde. Typisk meg å ska vente bere litt til..og so er det utsolgt, men fekk no tak i eit par heldigvis. So med ein engel i stova og englevinger over prinsessa si seng må vi jo bere føle oss godt passa på her ☻
No skal de sleppe fleire opphøyrssalg innlegg frå meg☻, for denne gang vertfall, for idag var siste dag butikken hadde ope.
Skal hente min kjære på trenarkurs snart, so vert det spagetti og kjøttdeig-bestilt av prinsessa ☻ Etterpå vert det bere kos
Nyt kvelden kjære bloggvenna ☻

fredag 29. januar 2010

Shopping og fredagskos♥

Idag er nest siste dag av opphøyrssalget på Fruens Drømmer her i byen. Var 50-70% på masse fine varer.
Eg kjøpte dette nettet frå Riverdale til å ha over maten på bordet når sommaren kjem, den raude kortholdaren(lure på å spraye den kvit), 10 serviettringar frå Miljøgarden og ein eggkurv frå Krasilnikov. Panne"holdarane" kjøpte eg på samme butikken for eit par veke sia, også frå Krasilnikov.
Koseleg å ha egg framme egentleg, kanskje eg vert flinkare til å ha det til frukost også. Serviettringane har eg hatt oppi eit norgesglas.
Var og på Plantasjen idag. Ærendet mitt var ein Orkidee og Primula som var på tilbud der. Fann også ein sukulent i ein liten trekasse på salg!
Her er orkideen og primulaen eg kjøpte. Prinsessa var med og fekk velge farge på Primulaen-og då vart det sjølsagt rosa, heilt greitt for meg :)
Har sett den oppå ein panne"holdar" og hatt ei glassklokke over. Min kjære er på trenarkurs, (varer heile helga, men han kjem heim om kvelden), kjem ikkje heim før seint ikveld. Meg og prinsessa har hatt jentekveld Med pølse i brød, enkelt og godt :)
Håpe alle får ei kjempefin helg ...eg lurer på om eg må ein siste tur på Fruens Drømmer imåra... :)

torsdag 28. januar 2010

Barneleikar

Kom over ein skjønn nettbutikk eg ville dele med dåke. Plym&co har masse fine leikar til våre søte små.
Det er ei familie dreve bedrift som satsar på leikar laga av naturens materiell og dei er opptatt av at leikane stimulera ungane til aktivitet og positiv leik. Eg syns dette er gode intensjonar!

Vakje dette eit nydeleg rosa leikesett til prinsessa??

Store speil på veggen der, ken er vakrast i landet her??

Ser eg ikkje "kul" ut??? HAHA ☻


Eg har benytta meg av salget på JYSK igjen. Eit stort golvspeil vart med heim denne gangen. Har lenge ønskt meg eit slikt, og når det er på salg er det ikkje lett å motstå fristelsen :o)

Foreløbig står det i stova, men kanskje det vert forflytta til gangen etterkvart som den vert ferdig oppussa. Men eg likte å ha eit stort golvspeil i stova so spørs om det då ikkje blir eit speil til innanfor husets veggar :)
Lika detaljane på ramma.


Dette er samme speil som eg har på badet, bere at det er eit mindre eitt.



Og lika romfølelsen eit speil gir.




Ny dag-nye mulegheiter :) Bruk dei!! Veit aldri kva livet bringer....




onsdag 27. januar 2010

Vintage boks

Denne kvite boksen, frå Panduro, har gjennomgått ei forvandling. Og dilla på vintage bilder som eg har måtte det bli ein vintage boks :)
På toppen limte eg eit stort vintage bilde oppå ei brei blonde og limte på nokre gjennomsiktige steinar.
Rundt kanten på lokket limte eg ei blonde.
Og rundt sjølve boksen har eg limt mange små vintagebilder.
Har brukt 7 forskjellige bilder som går igjen i eit mønster rundt heile boksen.




Eg vart veldig fornøgd med resultatet av min første vintage boks :)
Og so enkelt som da egentleg er :)
Har ikkje bestemt meg for kva boksen skal brukast til, men slike boksar kan jo brukast til det meste :) Og ting som ikkje har ein plass å høyre til er det alltids nok av!!
Her er det begynt å regne, so no forsvinn all den fine snøen som har lagt so fint sia midten av desember. Men stolar ikkje på været og regnar med det vert både snø og isholke og regn, alt i eitt framover!
Ein fin onsdag ynskjer eg alle :)

tirsdag 26. januar 2010

Utfordring

Maliva er so flink med å utfordre oss :)
Denne gangen er det smykke-oppbevaringane våre som skal til pers.
Eg har mine smykker og armband hengane på eit Lisbeth Dahl stativ på badet. Lett tilgjengeleg :) Elskar lange og store smykker

Ellers har eg småesker til øyredobbar og mindre smykker. Ikkje alle er tatt fram frå flyttelasset enno dessverre.

Smykkestativet står på ein pidestall laga av kjæresten til søstra mi. Han lagar på bestilling om det er nåken som vil det :o)

Korleis oppbevarar du dine smykker?

(Irritera meg at det vert so gult lys på bade-bilda, men lyskilda vår gir eit slikt lys..den skal bytast ut etterkvart)

mandag 25. januar 2010

Green Gate

Eg har kjøpt min første Green Gate kopp
Astrid var so snill å fortelle meg at det faktisk er ein butikk her som selger Green Gate! Og der var eg idag. Masse fint!! Butikken selger stort sett berre Green Gate og Bloomingville. Kjøpte denne koppen sia eg har ei blå Green Gate skei frå før. Kjøpte også ei blomstrete Green Gate skei. Vert nok ikkje siste gongen eg tek turen dit :)
So no har eg nett kosa meg med ein kopp te-for første gang frå ein Green Gate kopp Og lurer på om ikkje teen smaka betre enn før?? ;)

Panneunderlaget kjøpte eg på den interiørbutikken som har opphørssalg, (som eg nevnte i innlegget under), meina det er ifrå House Doctor....eller no vart eg usikker... Nokon som veit? Kanskje det var Bloomingville eller Ib Laursen.... Snakk om gullfisk hukommelse....har jo nett kjøpt det!! :o/

Men uansett; eg er forelska i Green Gate ♥♥♥

Dilla på vintage

Her er ser du det eg gjer på innimellom alt anna; skriv ut vintagebilder og limer på fyrstikkesker. Er jo so dekorativt, og ikkje minst superenkelt!!
Fyrstikk eskene mine er ikkje lenger gøymt vekk i ei skuffe på kjøkkenet, men ligg tilgjengeleg der dei trengst :) men obs om du har småbarn i hus....
Har også limt nokre bilder på hard papp og satt rundt omkring i huset. So viss du treng ein liten hobby som ikkje tar lang tid; dette er tingen for deg :)

No ska eg på opphørssalg på nesten den einaste interiør butikken som er her i byen :( snufs :( Kanskje drømmen min om å starte ein interiør butikk må settast ut i live snart....

søndag 24. januar 2010

Sandkakeformer og gamle dukar

Eg har arva 24 gamle sandkakeformer og nokre dukar etter besta mi ♥
Før eg begynte med blogging hadde eg nok ikkje sett "verdien" i å ha desse, anna enn minne etter besta sjølsagt, men dei hadde nok blitt gøymt i eit skap.
No har eg satt dei inni ei krone oppå dukane på stovebordet, og brukt 2 av sandkakeformene til telys. Kjempedekorativt! Nederst i boksen med formene låg også ei gammal oppskrift på sandkaker, den skal få ligge der. Kanskje eg bakar desse til neste jul? Dagens budskap: ta fram dei gamle tinga du har og bruk dei! :o)

fredag 22. januar 2010

I got it ♥

Sjå ka eg har!!! :o)
Endeleg har speilrefleks-kamera eg bestilte for 2 veker sia komt!!
Og det svara til forventningane!!
Tar superfine bilder, og verkar til å vere enkelt å bruke, sjøl om eg ikkje har sett meg inn i alle funksjonane enno.
Får nesten dårleg samvittigheit for digital-kamera mitt som no må vike for dette, men digital-kamera er jo lite og handy og kjem nok til å bli tatt med på turar.
Eit slikt bilde hadde eg aldri klart ta med digital-kamera mitt....
Nydeleg eller???
Klem frå ei nybakt speilrefleksmamma

Ventetid....

Ein skjønn nordlandsgut og ei søt vestlandsjente MÅ jo bere få verdens skjønnsøtaste baby
98 dagar til termin

torsdag 21. januar 2010

Award og utfordring

Eg har fått ein award med ei utfordring frå Mammalykkeleg. Satte stor pris på den :o)
Utfordringa går ut på å skrive 7 uinteresante ting om seg sjøl...ikkje lett mtp kor interesant eg faktisk er ;) Neida, frå spøk til revolver...her kjem lista:

¤eg elskar appelsinene for tida!! (5 stk cervita appelsiner ligg på kjøkkenet og ventar på meg :o))

¤eg er ei utolmodig sjel som helst vil få ting gjordt NO..eller helst i går :)

¤eg hatar å betale regningar!!!

¤eg fer ikkje utav huset uten mascara!

¤eg blir 30 i år..skrekk og gru! (sjøl om vi skal vere glad for at vi blir eldre..)

¤eg irritera meg over ting eg ikkje får til slik eg hadde tenkt det skulle bli. F.eks ting eg lagar, eller tekniske ting.

¤eg diggar dei rosa verktøyskrina mine ♥

Uinteresant?? Jepp!! :)

Sender utfordringa vidare til dei som ikkje har tatt den, mistenker at det er ganske mange som har det etterkvart.

♥->har lært meg å lage hjarter :o)

tirsdag 19. januar 2010

Wallstickers

Ebay er tingen :) Kjøpte før jul wallstickers i adventsgåve til både prinsessa og min kjære. Prinsessa sine viser eg i eit innlegg lenger nede.
Om min kjære vart so veldig glad får gåva veit eg no ikkje :) ...etter at han hadde forstått ka det i heile tatt var vel og merke :) Men eg ville ha, og då vart det sånn :)
Her har eg fått hengt dei opp på veggen: Min kjære syns det vart ganske fint når det først kom opp so eg er fornøgd :)
Akkurat desse merka er verken shabby eller franske, men eg likar å mixe ulike stilar. Og viss eg blir lei er det bere å fjerne det, enkelt og greitt. Billeg dekorasjon det ikkje er farleg å bli lei av :)Bestilte eit sett til med wallstickers frå Ebay igår, eit sitat eg tenkte å ha på soverommet :)

Har du wallstickers du vil vise fram??

Tirsdag-Greys Anatomy..siste episodane har vore TÅREVÅTE!! ..snufs..

mandag 18. januar 2010

Utfordring og bad

Maliva har komt med nok ei utfordring :o) Kjekt med slike utfordringa!!!
Denne gangen skulle vi vise fram såpedispensaren/såpeskåla vår. Flaks for meg at eg bytte ut såpa frå REMA med ein dispensar kl 24 i går kveld :D
Her er den vertfall: pynta med eit hjarte med englar på. Ligg også to søte såpe-englar ved sida av, adventssgåve frå min kjære. Bak på spegelen har eg satt eit vintagebilde som eg har skrive ut og limte på ei papp-plate.
Spegelen er også ny, kjøpt på JYSK før helga. Spegelen som var der før var lite fin,(sjøl om min kjære syns den var kjempefin og skjønte ikkje koffor eg skulle byte den ut...kan det ha noko med at han måtte hjelpe meg med å henge opp den nye?? :)) Eg syns vertfall det kom seg masse på badet no :)

Eg sender utfordringa frå Maliva vidare til alle som les dette :)

Tar samtidig med eit bilde av badet vårt, det lille eg føler for å vise fram vertfall. Badet var delvis oppussa då vi kjøpte leilegheita og vi har ikkje gjordt noko med det sjølv enno. Baderomsinnredninga trur eg er frå Ikea. På veggen er det veggplater som lignar på flis, heilt ok. Lyset ser veldig gult ut, har tenkt å skifte lampe etterkvart. Det er også ein vegg med dør mellom bad og wc, denne skal vekk for å få større bad. I dusjen er det dusjforheng, der lurer eg på å lage ein vegg av glassbyggerstein og dusjdør, eller å ha dusjveggar som kan skubbast inn for å utnytte plassen. På veggen over knaggrekka som du kan sjå i spegelen vil eg ha ei hylle med plass til korger. Vil ha eit romantisk og funksjonibelt bad :)
NIB har ei baderomsutfordring på gang, mitt bad kan ikkje måle seg med mange andre bad i blogglandia, men eg sender likevel dette innlegget inn dit :)

søndag 17. januar 2010

Vintagebilder og wallstickers

Min kjære innstallerte skrivaren i går, og eg satte igang med å skrive ut vintagebilder. Skreiv dei ut på vanleg papir og limte dei på ei plate av stiv papp (du veit slike som er inni f.eks sengesett når du kjøper det). Desse har eg satt rundt omkring til pynt. Etterkvart skal eg prøve ut andre typar papir og andre måtar å bruke slike skjønne bilder. Tips tas imot med takk! F.eks veit du ka slags papir eg treng for å overføre bildet til lys?
Syns vertfall dette søte bildet gjorde seg i vitrineskapet mitt :)På Ebay har eg kjøpt wall stickers til prinsessa sitt rom. Ho fekk seg (endeleg) gardrobeskap tidlegare i veka og i går kveld limte eg på wall stickerane. Vart veldig søtt!! Og ho likte det og so då eg mammaen fornøgd :)
Ebay har masse forskjellige slike so der skal eg nok bestille meir. Har forresten ein wall sticker som skal opp i stova og, har bere ikkje fått limt den opp enno... ...til høgre ser du nattbordet eg kjøpte på bruktbutikken, planen er å male det kvitt og kanskje dekorere topp plata med noko jentete :) Prinsessa seier ho er begynt å bli lei av alt det kvite og vil ha litt fargar...so då må eg bruke dei triksa som kan for å rettferdiggjere at eg vil ha det kvitt :)

Søndag. helgeslutt. Eg ha fri til onsdag, men er jo alltids kjekkast når alle ha fri ilag. Men vekene går fort, snart helg igjen :)

Nyt søndagen folkens!!!

fredag 15. januar 2010

Og det blei lys :o)

Endeleg!!!...etter å ha hengt her uten lys sia august fekk eg for nokre daga sia kjøpt ledning og støpsel og kobla lysekrona til strøm!!
Og eg syns det vart kjempefint! Den lyser so fint (sjøl om to pærer faktisk ikkje virkar, kjøpte nye idag men måtte bere vise den fram før eg fekk satt i pærene...)...oversjå bere ledningen som ikkje er festa til taket og at lysekrona ikkje er festa skikkeleg til taket enno..., det er vertfall lys i den :o) Har ordna litt i det hjørnet juletreet stod. Pidestallen er laga av kjæresten til søstra mi. Den lille krakken er kjøpt på gjenbruksbutikken og malt frå rød til kvit. Koseleg med levande lys!! ...og ikkje eit minus at blomstra på pidestallen er med på å skjule høgtalaren som står bak den...
Det blå lyset tok eg ein brei blonde rundt og festa med ei "lysnål". Det er helg!!! Har ikkje lagt nokon plan, men blir vel litt uteaktivitet i snøen, heimekos, god mat og snoperier, husdilling...kanskje litt maling(kjøpte nattbord til prinsessa på gjenbruksbutikken idag)...og heilt sikkert litt rydding :)

God helg til alle :)

PS:stolane på bildet med lysekrona er til salgs, ligg på finn.no.... :o)