torsdag 27. august 2009

Keep calm and carry on

likar so godt desse plakatane. og fann ei UK side som selger dei billeg...men då begynner alarm bjellene mine å ringe!!!! pling pling pling!! er det lureri??? er ikkje det samme plakaten som vert solgt hos lillemaison f.eks???

nåken som har erfaring med denne sida??http://www.keepcalmandcarryon.com/collections/poster

...to be continued-igjen...eller????

her er bildet i innlegget under etter at eg har brukt malekosten på det. vi var begge lei av alt det svarte og raude og ville ha eit nytt bilde, so eg tok like godt saken i eigne hender.
har brukt samme maling som på veggen, so det ser nesten ut som det går i eitt med veggen, men pga all strukturen viser det godt likevel. me like!!! :) her ser du korleis strukturen kom godt fram i den kvite maling, hadde ikkje trudd det skulle bli so tøft og fint! det som var planen min var å male det kvitt og so ha litt duse pastellfargar ilag med...men no er eg usikker på ka eg ska gjere, syns det vart fint slik det vart no....forslag anyone???
det som er bra er jo at eg kan jo bere male over igjen dersom eg ikkje vert fornøgd.
ser for meg ulike rosanyansa, kanskje litt grått og. men hovudfargen vert uansett kvit.
min kjære J sa til og med i går då eg kom heim frå jobb at han hadde tenkt litt på det bilde og at det va veldig fint slik eg hadde malt det no...og det er ikkje verst :) so kanskje eg ska ha det slik ei stund. har jo aldri mala på lerret før heller so kan ikkje garantere for resultatet....nåken kunstnar vert eg nok aldri :)
men har du ein ide tar eg imot den med takk :) nesten helg! skulle vore på ekstra seinvakt idag, men føler meg ikkje heilt i form :(
og i helga skulle eg jobbe litt ekstravakter hadde eg tenkt, men min kjære har nekta meg...han har ein plan seier han, men ka det er får eg ikkje vite...hmmm.....skummelt og spennande :)

god torsdag til alle :)

onsdag 26. august 2009

To be continued....

dette bildet ser ikkje lenger slik ut.... :o)

mandag 24. august 2009

Veggsmykke

i vår var eg på Linneas hage på Jessheim, der fann eg dette kjempefine metallkjedet og MÅTTE bere kjøpe det!
syns det er fint å samle takkekort å slikt på ein plass, og det vert lett å byte ut etterkvart. og so vert det jo hengt litt dill innimellom..hjerter å vintage bilder å sånt :) kanskje årets julegåve til nokon.. :) (eg er begynt å tenke på det eg, laga liste istad :))

tirsdag 18. august 2009

Gamle koffertar

"Kom å sjå ka mamma har kjøpt", sa mi lille datter til min kjære då han kom heim frå jobb. han tusla etter ned trappa til gangen. "Ikkje dei stygge der????!!!!!" utbraut han. "JO!!!!" ropte eg so hadde høyrt seansen frå stova.

var på bruktbutikken idag og fann to, ettet mi meining, fine gamle lyse koffertar.
(oversjå den grusomme stikkontakten og dei listelause veggane her...)
som vanleg er eg blitt påverka av bloggverda, og har sett at mange brukar slike til pynt, men og til oppbevaring. eg er tenkt å ha dei til begge deler, men har enno ikkje bestemt nøyaktig kor dei skal stå eller ka eg skal ha oppi dei.
det var ulike stoff inni dei.....
raudt i den eine........og lyst i den andre... lurer på ka som er historia til desse koffertane?? ken har eigd dei?? kor langt har dei reist?? masse gammal skjult historie. det fine er då at eg kan lage meg mi eiga historie om koffertane. kanskje dei har høyrt til ein rik familie som ofte var på reis. og dei bar ikkje koffertane sjøl må tru, det hadde dei tjenarar til. mannen i familien er høg, går i mørk dress, har vannkjemma hår og røyker pipe. dama er også høg, tynn og har på seg lang raud kjole med paraply i samme farge som kjolen. med seg har dei barna sine, ein gut og to jenter. guten i dress og jentene i knelange lyse kjolar. dei er so mykje på reis at ungane får heimeundervisning av den private lærarinna som alltid er med på turane.
osv osv osv.... :) drøymer meg heilt vekk her.
ska lage omelett til min kjære som kjem att frå fotballkamp snart. lille prinsessa ligg i senga og leikar litt før ho legg seg til å sove.
god kveld til alle :)

mandag 17. august 2009

Ljust og lantligt

bøker om interiør og innredning trur eg er dei beste bøkene som fins!
i mange bloggar i det siste har eg sett ljust og lantligt, og den har fått mykje skryt! og det er velfortjent. boka er kjempebra, masse fine bilder og tips. kan sitte og bla og bla. kjøpte den hos capris på nettet. billeg og rask leveringstid-perfekt!
ken seier at bøker ikkje er fine å dekorere med???

syns dette vart kjempekoseleg! etter at eg flytta i ei nymala kvit leilegheit fekk eg det for meg at eg ikkje skulle tenne stearinlys for å unngå sot på veggane...det holdt fram til akkurat NO! eg kan jo ikkje gå gjennom haustar og vintrar utan å tenne lys???!!! ....eg får heller bere male eit kvitt strøk på veggane kvart 2 år :) kanskje nåken har tips til stearinlys som ikkje avgir sot? veit at slike fins, men har egentle ikkje tenkt so mykje over det før no....

so no sit eg her med ein kopp te og bloggar..med stearinlys..og kosar meg :)

søndag 16. august 2009

Male male male male....

det eine maleprosjektet følger det andre for tida. mens det eit strøk tørkar malar eg neste strøket på det andre..og av og til tredje..prosjektet. men det går jo unna om ikkje anna.

her har eit bord fått pynta seg med kvitmaling.
før, som vanleg, brundt..... ...og no, som vanleg, kvitt. vart veldig fornøgd med det.
syns det er lettare dekorere når det er kvitt.
sit og kosar meg, i kulden, med ein kopp te. eit STOR skår i gleden er at eg klare å knuse ei green gate skei eg brukar å røre med i teen.. :(
er begynt å samle på desse skeiene, og vart sooo lei meg når eg klarte knuse den eine... :( :(
i går var eg og ei venninne på Alan Jackson konsert i Bergen :) og våt fonøyelse. men vi hadde kledd oss godt, i motsetnad til mange andre som var der. fraus gjorde vi ikkje, og musikken var bra. kom heim seint i natt etter ein kjekk konsert tur :)
regnet høljar ned...det er vel bere å innsjå at hausten er igang og finne fram pledd, lys og varme drikker. hausten er jo og ei fin årstid. men denne sommaren har vore altfor kort.... snart jul... og juletreet er allerde plassert..inne i håve mitt :)

torsdag 13. august 2009

Før og etter skap

Dette skapet har eg mala kvitt! og gjett om det vart mykje finare!!! oh yess!!! takk gud for kvitmaling!!! :)
kanskje ein ny knott er på sin plass!!!?????!!!! har plassert det i denne kroken her...(enno ikkje fått lister på plass nei....)....
og syns det vart mykje finare og koselegare!! dagens råd: er du lei av eit møbel??? MAL!!! eg garanterar at du vert fornøgd :)


no skal eg på vindusjakt...gamle vindu.... er eit gammalt hus i området som skal rivast for at det skal byggast leilegheiter der....og i det gamle huset er det mange fine vindu. har fått so sansen for det etter at eg har sett det rundt om i mange bloggar.
MEN....er det frekt av meg å ringe dei som skal bygge leilegheitskomplekset å spør om eg kan få dei gamle vindua???????

mandag 3. august 2009

Veranda pynting og deileg sommarkveld

sit på verandaen og ser utover byen. deileg sommarkveld.
har brukt kvelden på å dekorere litt her ute.
denne C`en kjøpte eg på Årstiden i Stockholm...angra på at eg ikkje kjøpte fleire..men det betyr vel bere at eg må tilbake til Stockholm det, eller??? :)
den heng ute på veggen på verandaen, ilag med eit fuglebur med pletter i luften og ei søt lykt.

denne lille grana tok eg med meg på vei heim frå Oslo...den var bere so pittelita og søt at eg bere måtte....
desse to blomstene fekk eg av ei venninne i innflyttingspresang. har hatt dei inne hittil, men tenkte at dei skulle få prøve seg ute...eg trur det er uteblomster og.
sink holdaren dei heng i kjøpte eg på Linneas hage på Jessheim på lørdag. angra og på at eg ikkje kjøpte fleire av desse...

fekk ei kjempefin rose av ei anna venninne idag. Queen Elizabeth..rosa, ikkje venninna also...HAHA :)
rosa er jo min favoritt farge som det passa jo superbra :)har planta den i eit av melkespanna mine. vart kjempefornøgd, syns den passa so bra der. håpe bere eg klare holde den i live. nokon som har gode rose tips??? beskjering, overvintring osv... eg har pynta på den eine verandaen i kveld. elskar slik dilling :)
satte ut oliventreet mitt, ser ut som det likar seg betre ute enn inne av ein eller annan grunn. hengte ein spegel bak rosa, syns det skapte ein fin stemning.
hunden og frosken har også fått plass her. komt eit lite stykke på veg, men kjem nok til å gjere mykje meir med uteområdet. storkosar meg med slikt arbeid. var egentleg tenkt å vente til neste vår med å plante å pynte, men no når eg er begynt veit eg ikkje om eg klarar å la vere fortsette...plantasjen next :) no kosar eg meg ute på verandaen. har siste vakre hjem&interiør liggande på bordet, og skal hente meg ein kopp te.
nyt sommarkvelden alle sammen!!