søndag 28. februar 2010

Vinteren vil ingen ende ta

Idag har vi vore med ein vennefamilie og grilla pølser i skogen. Ungane hadde med seg ski. Nydeleg sol!! Ei fin avsluttning på helga☺
PS:kan nåken fortelle meg koffor eg kun får velge bildestørrelse på det første bildet eg lastar inn i bloggen?? Og korleis eg får brei blogg? Med to kolonner...

lørdag 27. februar 2010

Endeleg fått knottar på skuffene!

Dette skapet malte eg i fjor sommar.
På leit etter dei rette knottane å ha på har det stått slik sia det vart malt. ...bortsett frå at eg har forandra på tinga inni skapet no og då☺
Då ein interiørbutikk her vart lagt ned for ein mnd sia fann eg knottar eg likte, og no har eg endeleg fått dei på skuffene!!
Kom seg masse og eg er kjempefornøgd med skapet!!

No skal eg fortsette med Twilight boka mi-er neimmen ikkje lett å legge den ifrå seg!! Ei ny interiørbok vart kjøpt på mammut salg idag og min kjære kjøpte bladet Mamma til meg, so eg har nok lesestoff utover kvelden.

Nyt lørdagen alle sammen, fortsatt fint vintervær her. Våren kjem når den kjem, sånn er det med den saken!!


Men eg er i vårstemning og drømmer om desse vårfargane og om desse maileg påskeegga! Nåken som veit om ein nettbutikk som ikkje er utsolgt for desse?

fredag 26. februar 2010

Eg burde....

....rydda soverommet, rydda yttergangen, rydda stova, støvsugd her og der, vaska badet, lagt i hop klær, vaska klær....

MEN.....eg les den første boka i Twilight serien, og legg alt anna til sides!! Spennande!!
....men har tatt ut av oppvaskmaskina og satt inni det skitne....☺

torsdag 25. februar 2010

Pakke frå Panduro

Bestilte for eit par veke sia varer frå Panduro sin salgskatalog. Henta pakken idag, og jammen fekk eg masse fint☺
9 Tilda boksar, ein rull med gåvepapir, baby stickers og eit sett med blå og eit sett med rosa Tilda dekorband!! Og betalte nesten ingenting-kupp? Jepp☺☺
So då er mine første Tilda boksar i hus☺






Prinsessa syns det var kjekkast putte boksane oppi kvarandre att☺
Vi er fortsatt heime, prinsessa er feberfri, men hostar ein del. Imåra skal det vere OL i barnehagen hennar so satsar på at ho kan vere der då, om ikkje anna so for nokre timar. Er jo ikkje kvar dag vi kan få ein medaljevinnar i hus☺
Pappa er her og fortset malinga i 1 etasjen. Eg bere diggar at det blir lysare der nede☺☺

onsdag 24. februar 2010

Fototrening med speilreflekskamera


Ser du forskjell på bilda??
Det øverste er tatt med AV, F4,5 og ISO 1000. Det nederste er tatt auto uten blitz. Poenget mitt var å gjere det bak motivet uklårt-trur eg har klart det faktisk☺☺
Eg er inspirert av alle som skriv innlegg om fotografering og Nib sitt fotokurs, og suger til meg alle tips eg kan få!
Superkjekt å lære seg å bruke speilreflekskamera og ta finare bilder☺
Til alle som har tips på dette området; skriv eit innlegg om det slik at vi amatøra kan lære! ☺ Trur eg skal skrive ut litt av desse tipsa og lage meg ein fotoperm som eg lett kan finne fram i.

tirsdag 23. februar 2010

Daffedress

Eg ynskjer meg ein daffedress!! Men helst ein RÅÅÅSA ein☺
Denne frå VeroModa er den billegaste eg har funne..dei er jo ganske dyre på nettet vartfall :o/
Tenk å daffe rundt i ein sånn med ein bebiss i armane

søndag 21. februar 2010

Eg viser min, tørr du vise din??? ☺

Skreiv på fredag at eg ville lage ei utfordring. Denne utfordringa er kanskje ikkje det ein aller helst vil vise fram, men hadde vore morsomt å sett ka som står på vaskerom/bad rundt om i blogglandia☺
Utfordringa er also: vis oss skittentøyskurven din.☺ Like mykje som å vise den fram kan det og vere til inspirasjon for andre, inkludert meg sjøl som ikkje er overbegeistra for min skittentøyskurv. Kanskje er det nettopp DIN kurv som kjem til å inspirere meg som er på leit etter den perfekte kurven for brukte klær, handklær osv☺
Blir glad om du tar utfordringa, og ekstra glad om du fortel meg at du har tatt den☺ Satsar på at det er mange sporty bloggara der ute☺☺

Vi er midt i søndagen, siste dagen i helga og veka. Koffor er ikkje helgane litt lenger???
Har vore ei fin helg, var i koseleg besøk i går kveld, ellers stille og roleg.
Skulle so gjerne gjordt masse i huset no når vi er komt litt igang med oppussing av gangen, men den bulande magen set liksom ein naturleg stoppar for det meste av maling, løfting og bering. Vil helst få ting gjordt fortast muleg☺ Men I`ll be back☺
Håpe alle har ein fin søndag☺

Husk utfordringa...eg tørr, tørr du??☺

fredag 19. februar 2010

Helg♥

Vil bere ønske alle ei herleg helg med eit stemningsbilde frå stova
Her skal min kjære lage indisk mat, vi skal sjå OL og kose oss med godis-me like☺
Lurer på å lage ei lita utfordring, ala slike Maliva har laga nokre av i det siste, i løpet av helga...er du klar for det?
Nyt helga alle sammen


torsdag 18. februar 2010

Før og etter stove

Lite å blogge om for tida, men før og etter bilder er jo alltid kjekt å sjå på.
Her er eit bilde av stova slik den såg ut då vi overtok leilegheita.....
...og her er den etter at den har fått ein del omganga med malekosten. Lysare og finare☺
Planen er å male gulvet også, men det er langt frå første prioritet!
I skrivande stund har eg besøk av "malermester" pappa. Han hjelper til med å male gjesterommet, som er trepanel frå topp til tå. Då er vi vertfall komt igang med første etasje, og det er godt!!!
Meg og min kjære skal i banken idag, og forhåpentlegvis får vi litt meir lån til å gjere første etasje ferdig og begynne å planlegge(som om eg ikkje har ferdigplanlagt allerede☺) dei andre prosjekta vi(eh...eg☺) har lyst å ta fatt på etterkvart. Hadde vore supert blitt ferdig med det meste før veslebabyen kom!

Fantastisk med OL gull og bronsje i går-koooosa meg med OL☺

onsdag 17. februar 2010

Skatoll

Facebook er tingen☺ Der kom eg over ei gruppe der ein kan selge, kjøpe, gi vekke osv, og den omfattar kun området rundt her.
I forgårs var eg inne der og oppdaga ei som skulle gi vekk ein del møblar, blandt anna eit skatoll. Eg sendte ho ei mld, i går såg vi på skatollet og no står det i gangen vår☺☺
Planen er å male det kvitt, byte ut knottane og gi det til prinsessa som leksepult.
Er det fleire enn meg som nyt denne lyden når dei er ute for tida; tapp tapp tapp...lyden av isen som smeltar frå hustaka☺ Herleg å kjenne at det vårast!!
Nyt dagen alle sammen☺

tirsdag 16. februar 2010

Bruktbutikk kjøp til "besvær"

Eg var på bruktbutikken forrige veke og som vanleg fann eg meg nokre småting...☺

Denne "tingen" veit eg egentleg ikkje verken ka er, ka eg skal bruke den til eller om eg skal gjere nåke med den. Den er ganske stor, sikkert 30 cm høg på det høgaste+det som stikk opp med bilde på og 30 cm lang. Den er jo kvit, men kanskje eg skulle ha stæsja den opp på andre måtar? Nåken som har idear om bruksområde? Ser den kanskje for meg på hobbyrommet til diverse småting.


Korga på nederste bilda har mange bruksområde; oppbevaring, blomster osv... Usikker på om eg skal male den kvit og pynte den med litt stæsj også. Grønnfargen er litt fin faktisk, men veit ikkje heilt kor eg skal plassere den. Syns alt er lettare med kvitt eg☺

Tips meg gjerne☺☺



mandag 15. februar 2010

I♥U tunika

Tunika er supert for gravide maga
Kjøpte meg ein ny sommarleg tunika på KappAhl på lørdag, og elska å ha den på meg! Skjønn farge, og fine blomster på brystet og armane.

På lørdag var det litt forskjellige aktivitar i sentrum, pga morsdag og valentine. Det vart blandt anna delt ut valentine ballongar. Min kjære nekta å stå i kø ilag med ungane(☺) for å få tak i ein slik ballong til meg so eg måtte slukøra reise heim uten...trudde eg! Rett før vi skulle gå til bilen måtte både eg og prinsessa på do,(og det er ikkje lett for verken ein 5 åring eller ei gravid å holde seg) og ka anna enn ein valentine ballong hang for seg sjøl der inne! Hehe☺ Eg tok den med meg, og ga sjølsagt min kjære ei historie om at ballongen fekk eg av ein beundrar☺☺ Til pass åt han som ikkje ofra "nekte å stå i kø med alle ungane redselen" for å gi sin gravide kjære ein ballong...hehe☺


Håpe alle har hatt ein super søndag og får ei herleg veke...fullspekka i norske OL medalja☺

søndag 14. februar 2010

O store søndag

10 nydelege raude roser frå min kjæreFekk også frukost på senga, ei deileg morgenkåpe og ein IU sjokolade frå mine to kjære♥♥
Fastelavensbollar er baka.
Og fastelavensriset med sine fargerike fjær er komt i vase.
Ynskje alle ein kjempefin morsdag, valentinesdag og fastelaven☺
Gratulere med dagen til alle fine mammer der ute☺☺

fredag 12. februar 2010

Kinderegg søndag

Vil ønske alle ei riktig god helg med bilde av mitt siste GG kjøp; ein blomstrete kopp

I tilleg til å vere morsdag(hint til min datter, som ho har sendt vidare til min kjære er gitt☺) og valentine(gåve til min kjære er kjøpt☺) på søndag er det og fastelaven, ein skikkele kinderegg-søndag☺. Fjær i ulike farga er kjøpt inn so imåra må vi ut i skogen å finne litt bjørkeris. Og bollar må bakast(og ja; møllerens 123 fungera bra☺) og krem må vispast☺
....og magen veks
Ei kjempekoseleg helg til alle frå meg...og magen☺
♥♥Nyt tida med dei du er glad i♥♥

torsdag 11. februar 2010

Award

Eg har vore so heldig å få to awardar☺☺

Denne er frå Vibeke

Men denne awarden følger det ei utfordring om å fortelle 10 ting som gjer meg glad. Here we go!

Awards frå koselege bloggvenninner

Kos, klem og fine ord frå prinsessa

Fotmassasje frå min kjære (fekk i går og har det derfor friskt i minne☺)

Sol og varme

Å finne eit kupp på bruktbutikken som eg kan male

Drikke te frå GG koppen min☺

Kjenne veslebabyen sparke i magen min☺

Vere med venninnene mine

Ein koseleg dag med min elskede

BoligPlus og Vakrehjem i posten

Er masse anna som og gjer meg glad, men dette er litt av det☺

Denne awarden vil eg sende vidare til:

Ann KHildegunnKatrineMoa

Denne awarden fekk eg av Ann K. Ei kjempekoseleg jente som er so flink til kommentere i bloggen, hennar blogg er vel verdt kikke innom☺

Denne sender eg vidare til:
Vibeke
Mia
Dette er nokre av mange bloggar eg kikar ofte innom og som gir meg masse inspirasjon
Dette vart eit langt award innlegg, men er kjempekoseleg med awards, so tusen takk til Vibeke og Ann K ☺☺

onsdag 10. februar 2010

Stove før/etter ommøblering

Eg og prinsessa ommøblerte sofa delen av stova i går.
Her er bilder av stova tatt i fjor sommar, men bortsett frå at eg no har kvite trekk på sofaane, var møbleringa lik...inntil i går.

Og her er slik den ser ut no. (oversjå rotet under sofa bordet, slit litt med å lære min kjære at eg vil ikkje ha 100 aviser osv under der, men lykkast ikkje heilt... oversjå og alle dei grusomme ledninga under verandadøra-må få meg slik list å gøyme dei i)
Vitrineskapet er flytta frå kroken den stod på før og til ved sida av sofaen. TVn har fått plass der skapet stod.
Føler det manglar noko over to-setaren...eit bilde, ei hylle...hmm....
Klara ikkje heilt å bestemme meg for om eg er fornøgd... Kanskje fordi når eg ser på før bilda ser det so mykje ryddigare ut... Men vi har jo fått meir gulvplass no, noko som kan vere greitt når det snart vert to småtroll i huset☺
Og eg drømmer jo om ein lang fin kvit TV benk/skjenk, og då går ikkje denne møbleringa an.. Men no har eg plass til ein pall..☺ Mykje å tenke på☺
Ka syns du? Såg det betre ut når to setaren delte stova meir av og TVn stod på andre veggen?
Prinsessa er på karneval i barnehagen idag☺ Utkledd som Pippi Langstrømpe☺ Her spelar ho Wii iført Pippi kostymet sitt☺(Min kjære jobbar i samme barnehagen som prinsessa går i, og han er Emil i Lønneberget☺)
Snart helg igjen, tida går fort. Eg har 2 mnd igjen til pemisjonen min begynner☺ Men føler eg nesten har hatt permisjon sia september, då eg vart sjukmld då... Men gledar meg til å kunne sei at eg er i svangerskapspermisjon
Eg driv forresten å småsveittar over oppskrifta til Moseplassen om 3 kolonner i bloggen...vert liksom ikkje heilt slik eg vil. Og tørr ikkje prøve i denne bloggen, i tilfelle eg øydelegg den.. Prøvde å utvide denne bloggen istad, slik at eg med 2 kolonner får brukt meir av sidene, men då vart alt skeivt og gadgettane mine vart liggande underst..men klarte heldivis tilslutt å ordne det, men fekk ein smule panikk ja: o(