torsdag 31. desember 2009

Godt Nytt År....

...til alle mine kjære i blogglandia, venner og familie <3

onsdag 30. desember 2009

I did it :o)

Eit bilde av utsikta frå veranda døra siste dagane, nyyyyydeleg winter wonderland :o) ...ser du???? Eg har fått signatur på bildet :o)
Tuuuuusen takk til Jorid :o)
Fekk lasta ned Photoshop og har brukt timar på å finne ut av ting...jammen tek det tid!!!

Snart er vi inne i siste dagen av 2009...åra går altfor fort. Planane for 2010 er å fortsette oppussinga av leilegheita og kose meg med svangerskap, fødsel og veslegull som vi ventar i slutten av april <3

Nyt siste døgnet av det gamle året alle mine kjære bloggvenna :o)

Klem <3

tirsdag 29. desember 2009

Eg har....

...kjøpt meg heilt enkle greie kvite liftgardiner på JYSK til stova... ....kjøpt meg kvitt floss teppe på Skeidar for pengane eg fekk av foreldra mine til jul... (og ja min kjære, eg veit at gravide ikkje skal bere tungt, men teppet MÅTTE på plass og du var på jobb og hadde ingen andre til å hjelpe meg:) ) ...kjøpt kvitt gardrobeskap til prinsessa sitt rom på Skeidar for pengane ho fekk av besteforeldra til jul... ...bestilt meg kvite møbeltrekk til 2 og 3 setaren min i Ellos for...eh...mine penga :)

mandag 28. desember 2009

Romjul og byttedag

God Jul alle sammen :o)

Idag stod vi opp til dette flotte vinterværet. Min kjære er på jobb, prinsessa er i barnehagen og skal til pappaen etterpå so ho ser eg ikkje meir dette året, og eg sit heime og slappar eg med ein kopp te og frukost. Det er den store byttedagen idag. Har du julegåver som du har fått to av? Eller kanskje du har fått noko som er "unyttig" for deg? Feil størrelse kanskje? Isåfall er det no du bør byte ifølge God Morgen Norge. I romjula er butikkpersonalet ekstra snille seier dei :) Vi har faktisk ingenting å byte :)

Eg har, som mange andre i blogglandia, brukt norgesglass til lys. Dekorativt og enkelt. Dette lyset står i nissekofferten min. Mi lille skjønne prinsesse ute i snøen i går kveld, vi laga snølykt.
Her har ho på seg nye kåpa ho fekk av onkelen til jul :) (treng ikkje snakke so mykje om at ho mor fekk pengar av onkelen og sjølv ordna det slik at denne kåpa havna under treet.... :))
Er ikkje mange dagar igjen av 2009-åra går jammen fort. For oss har årets høgdepunkt vore huskjøp, oppussing og baby på gang. At heile høsten har gått med til svangerskapsplager med store bokstava prøve vi å legge litt bak oss... :) No gleda vi oss bere til å bli foreldre til våren <3
Er det nokon som er begynt å tenke på nyttårsforsett? Eg trur faktisk at eg aldri har hatt dette...kanskje eg skal prøve tenke gjennom om eg har nokon for 2010...
Håpar alle nyt romjula <3

torsdag 24. desember 2009

God Jul <3

Då var det endeleg juleafta <3 Meg og prinsessa har ete julefrukost, ho er begynt på julesnopet som nissen la i julesokken i natt, min kjære søve og eg ventar på tre nøtter til askepott :)

Treet pynta prinsessa og meg i går kveld. Vart faktisk fornøgd med det i år :) (meeeeeen: er litt bekymra for at vi kanskje alle 3 er litt allergiske :( spesielt prinsessa verkar til å klø litt i augene..men ho er og forkjøla so vi ventar og ser litt)Julefreden har senka seg og jula skal nytast til det fulle :)Ynskjer alle i blogglandia ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År <3

mandag 21. desember 2009

Julestemning

Julefreden er begynt å senke seg, sjølv om ikkje alt er 100% klart vert det jul likevel :)
Her i huset er vi begynt å bli småsjuke-kjempekjedleg før jul. Lille prinsessa la seg snufsete ikveld, og min kjære har ilt i hals og hovud. Kryssar fingrane for at det går fort over.


Imåra er det innkjøp av juletre som står for tur. Edelgran eller gran? Har ikkje bestemt meg. Sidan vi har det ganske høgt under taket håpar eg vi finn eit juletre som er både høgt og fint...og at eg har nok julepynt og lys til det... Har vertfall sjekka lysa, og dei virka :)

Nøtter er ein del av jula.
Her har eg fylt opp skåla eg fekk av Adale med forskjellige nøtter.
Apropos nøtter: gledar meg til julafta kl 11: tre nøtter til askepott :) Då er det jul!!Midt blandt nøttene har eg satt ein engel sjokolade eg fekk av min kjære i adventsgåve :) Han har fått med seg at eg elskar englar :)Stemningsbilde frå spisestua. Her er også ein engel frå min kjære, fekk to av desse superskjønne englane i går. Han er sooo snill Englane fekk plass på bordet ilag med ein God Jul stein og ein svibel som er satt i juicekoppen til juicepressa mi :) Ein tar det ein har :) Det har eg lært i blogglandia :)Ser rundt omkring at dei fleste er klare til jul, er masse herlege julebilder å finne i bloggane.
Her gjenstår som sagt innkjøp av juletre, men og å handle julemat og siste ryddinga før stor julepynting lille julafta. Siste julegåvene vart kjøpt idag. Bere avlevering igjen.
Og at julesnøen er komt set prikken over i en :o) Til alle sammen: nyt siste førjulsdagane, det er eitt år til neste gang. Det vert jul uansett.

Trur nok det kjem eit eller to innlegg til frå meg før den store dagen, men bedre sei det ein gang for mykje enn for lite:

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!!!!

onsdag 16. desember 2009

Juleforberedelsane fortsetter

Eg var so heldig og at eg vart trekt ut hos adales verden til å få ein pakke i posten :)
I går henta eg pakken, og for ein fiiiiiin pakke å få!!! Ei kjempesøt hjerte skål-midt i blinken for meg som elskar hjerter <3, green gate serviettar og brødkurv serviett! I koseleg rød julefarge :) Tusen takk, kunne ikkje passa betre :)

Idag fekk eg sendt avgårde julekort og pakker, og har vore på koseleg julelunsj med jobben. Ellers går det i innpakking av julegåver og planlegging av andre ting som skal skje i jula :)

Har du sjekka at dine juletre lys virkar?? Vi har ikkje...MÅ gjerast snart. Kjipt om det skulle bli utsolgt for det-hjelp!! Jula er ikkje det samme uten lys på treet...

Er det andre må-sjekke ting du har på di liste som kan vere lurt å dele med oss andre?

mandag 14. desember 2009

Ei og halv veke igjen....

Var so heldig å fekk kjøpt det nest siste bokstav settet på KID, kjempefine!!
Til jul vert dei kvite lysa bytt ut med raude. Tips om behandling av juletrær på God Morgen Norge no.
¤Husk å kutte 2-3 cm på stammen når du kjøper treet, dette for å opne for harpiksen slik at det kan ta til seg vatn. Nett som med blomster :) Viss du kjøper tre so spør om dei kuttar stammen for deg.
¤Treet må få ein forsiktig overgang frå kaldt klima til våre varme julestover.
¤Pass på at treet har vatn heile tida, vatn ved behov.

Edelgran held seg lengst.
Ka juletre er vanleg hos deg??

OG HUSK!!! 16 desember er siste frist viss du vil vere garantert at julekort og pakkar skal komme fram til jul :)

Bere ei og ei halv veke til juledagen folkens :)

Håpe alle får ei fin veke :)

torsdag 10. desember 2009

Skilt....

...nei eg er ikkje skilt, er ikkje gift heller :) (og då skulle det vel vore med ein d...)
MEEEEEEEN...... eg elskar skilt!! Dei kan brukast overalt og er svært dekorative, og lette å flytte rundt etter behov. Har kjøpt meg 2 nye God Jul skilt, ingenting passer vel betre no?
Min kjære er reist på julebesøk til familien sin i nord, og meg og prinsessa har jente helg :) Skal kose oss masse, men savnet etter min elskede merkast.....men er det ikkje sunt å kjenne litt på savnet av og til??

Sitter her i min stue så stille
Er så mye jeg fortelle deg ville
Men du er ikke her
Savner å ha deg nær
Stirrer så stille i luften
Kjenner stadig vekk duften
Din duft i min nese er
Savner å ha deg her
Stirrer på telefonen
Syns jeg hører stemmen din
Jeg kjenner smilet på min munn
Skulle gjerne snakket med deg en liten stund
Tiden uten deg så sakte går
Føles som dagene stille står
Jeg vet det ikke er sant
Men å være uten deg er så uvant
Dagene går og snart tid sammen igjen vi har
Savnet hos meg ingen ende tar
Du er en brikke i min verden
Jeg vil ha deg med på ferden
Jeg vet du også tenker på meg
Varme tanker jeg får i fra deg
Du sier jeg er elsklingen din
Du er den største kjærligheten min
Savner deg min kjære
Jeg alltid sammen med deg vil være
Savnet gnager og borer i hjerte mitt
Ønsker du også savner meg litt
¤karin ratza hansen¤
Elska deg min kjære <3


Helga skal brukast til litt kakebaking, julefilmar, julemusikk, julegraut og anna koselege juleforeberedelsar :)
Har du planen klar for di helg?
2 veker til jul no....

tirsdag 8. desember 2009

Gløgg og pepperkake

I kveld inviterte vi til gløgg og pepperkake fest med venner og barn. Kjempekoseleg i førjulstida. Ungane leika seg og vi voksne fekk prata litt.
Skåla med pepperkake er kjøpt idag, frå Kremmerhuset. Det er også engelen ved sida av. Elskar englar, dei er so skjønne.
Sviblane mine er begynt å blomstre, ein må-ha juleblomst. Meg og min kjære har brukt kvelden på å pakke inn julegåver. Han reise heim til sitt kjære nord norge på torsdag og skal prøve få med seg so mykje som muleg av julegåvene...resten må vi nok sende.
Her er gåvene eg har pakka inn til søstra mi og hennar familie. Vert mykje grå papir, band i sølv og rødt og små jule filt figurar på julegåvene i år. Må også vise fram juletreet til prinsessa. Ho har det på rommet sitt. Har valgt det ut sjølv og pynta det sjølv, og er veldig stolt :) ....kanskje ein pakke til med kuler hadde gjordt seg.... Første året eg har juletre før lille julafta, og plast og ikkje minst kvitt i tillegg. Men på henna rom var det bere koseleg, og ikkje dryssa det heller so då går det :) Men eit plast juletre kjem nok ikkje opp i mi stove nokonsinne....

Snart på tide og legge seg, må bere lese litt bloggar først :)

God natt til alle :o)

søndag 6. desember 2009

Dørkrans

Min dørkrans er kjøpt på Plantasjen i fjor. ...lite visste eg då at eg kom til å få ei raud ytterdør i år, hadde kanskje vore finare med ein grønn krans. Kanskje eg skal feste litt granbar på denne?!
Lika at kransar er litt store, vertfall dei som skal vere på ei ytterdør.
Eg ser no at velkommen skiltet skulle eg ha festa meir midt på kransen....Ein desember tradisjon er handball vm. Kosa meg med frukost og Norge-Tunisia no. Heia Norge :)
I kveld skal eg tenne den 2 lyset..likar vente til det mørknar litt ute, er finare med levande lys då syns eg.
Håpe alle har ei fin adventshelg :)

fredag 4. desember 2009

Adventskalendar...endeleg på plass.

Først idag har eg hengt pakkane opp på adventskalendaren til prinsessa. Ho er hos pappaen denne veka so har ikkje stressa med det. Men vart ekstra julete her når den kom opp, er jo tross alt ein tradisjon :) Kalendaren har ho fått av Besta si.
Og som dåke ser er eg ikkje god på små pakkar, so her er det ganske mange store ting :) Måtte benke kalendaren opp til slutt for den hang på halv åtte :)
Og ikkje hugsar eg ka som er inni alle pakkane so vert like spennande for meg når ho kjem neste veke og skal opne ein for dagen :)
Idag har vi vore på ultralyd og sett den fine lille babyen vår-verdens finaste baby sjølsagt :) Stor stas for oss begge. Og godt få ein bekreftelse på at ting ser bra ut. Og at terminen vart framskynda med nesten ei veke var også heilt i orden :) :)
Her er eit ultralyd bilde av alien babyen vår :) Ein aktiv liten krabat :) 4 desember, og energien kjem snikande. Orkar meir, og begynner på 100 ting samtidig, men må kvile ganske ofte. Men sånn er det, har det ikkje travelt. (prøve eg innbille meg sjøl vertfall....)

Ynskjer alle ein fin desember dag :)

torsdag 3. desember 2009

Adventsgåve

I går fekk eg min første adventsgåve av min kjære <3
Denne CDen her...og den er bere kjempefin!!!
Anbefala den til alle juleglade der ute :) 3 desember...har alle det bra??